Saturday, August 30, 2014

Godt å få gjere noko ein kan

Takk for alle tilbakemeldingar og oppmuntringar eg har fått på Facebook etter at eg la ut nokre ærlege ytringar på bloggen i går kveld. Men no må de ikkje tru at eg går og sutrar heile tida, for eg har gode dagar, også, innimellom.

Eg er klar over mange av mine svake sider, og eg har nok lett for å fokusere mest på det eg ikkje får til slik eg vil. Det å ta kontakt med nye menneske og det å småprate med folk, er noko eg synest er vanskeleg også i norsk samanheng, så det blir ikkje særleg lettare på eit anna språk.

Då liker eg betre klare og definerte oppgåver. Idag hadde vi gospeløving i kyrkja. I tillegg til oss fire på biletet, var også to andre kyrkjemedlemmer innom. To av dei på biletet høyrer til andre (ikkje-lutherske) kyrkjer i området, men stiller opp på gospeløving og internasjonal gudsteneste. Ho med fløyta er også hjelpeleiar i Bible Club.

Er det noko eg trivst med, så er det å samle folk rundt pianoet og undervise i noko eg kan. Sjølv om ordforrådet ikkje strekk til alltid, er iallfall notane eit felles språk. Vel, det er kanskje også å ta i litt for sterkt, for nokre les ikkje notenamn som C-D-E-F osv, men som do-re-mi-fa osv. Og DO-RE-MI bruker dei på samme tonane uansett toneart, og det gjer meg forvirra. For meg er Do grunntonen, altså C i C-dur og A i A-dur, men her i landet er visst Do alltid tonen over nøkkelholet på pianoet.

"Å vere misjonær er å gjere ting ein ikkje kan", er det blitt sagt. Det kjennest nokså sant , men så godt det er dei gongene eg kjenner at eg også kan gjere noko eg KAN. Det styrkjer både sjølvtilliten og trivselen.
I tillegg har vi hatt godt vêr idag, med kjøligare og tørrare luft enn det har vore på fleire månader, og det er behageleg å vere både ute og inne. Sykkelturen til og frå kyrkja verka nok også positivt på humøret.

I morgon er det øving med felleskoret igjen, før vi skal synge på eit fellesmøte den 7. september. Deretter startar øvinga til julekonserten for fullt.

På Facebook har eg også fått med meg at barnegruppa i Arashima kyrkje har baka kake idag, til "velkommen tilbake"-kyrkjekaffi i morgon. Frå 2006-2009 var Arashima den kyrkja eg gjekk mest i, og etter den tid også har eg vore der fleire gonger på taleoppdrag, og med studentar på ungdomsgudsteneste. I frå i haust skal eg samarbeide med presten der, og vere med på gudstenesta der to-tre gonger i månaden. Eg har allereie avtale med ei ikkje-kristen jente som vil vere med meg neste søndag.

Eg skal love at det blir ikkje bloggskriving kvar dag framover, men idag hadde eg berre lyst til å seie at eg også har dagar der eg ser litt lysare på livet :)

Ønskjer alle blogglesarar ein god søndag!




No comments:

Post a Comment