Monday, June 24, 2013

Utsikt over Oslo og resten av verda


Eg var der ikkje sjølv, men gjennom Facebook-oppdateringar ifrå fleire av deltakarane følgde eg med dei forrige veke. I TV-programmet som vart vist på nlm.no i går, var ikkje våre japanske og taiwanske venner med, så eg tenkte eg ville presentere dei her.
Eg har "lånt" nokre bilete ifrå WJELC-president Hideki Matsumura, og vil sende han ei takk etterpå. Eg har eit ganske avslappa forhold til pastoren i Yonago, så det går nok bra.
På biletet over er det pastor Matsumura til høgre, og ved sida av han sit Shinki Takahira, ein av ungdomsleiarane i Yonago kyrkje. Mellom dei står pastor Pan, eller Timothy, som han også blir kalla. Han vart eg kjend med under leiren på Taiwan i august i fjor. Og så har vi Jan Sandvik bak solbrillene.
Gjestane frå Asia var betatt av dei lyse sommarkveldane i Norge. Slikt har vi ikkje i Japan, nei!

Det er dekka til festmiddag på taket på Studentheimen på Fjellhaug.



Menyen var ganske norsk.

Her er det rigga opp til TV-opptak. Han som sit nærast heilt til venstre, med mobiltelefon/kamera, er Samuel ifrå Taiwan, ein av ungdommane som leia leiren i fjor.

Fekk du ikkje sett TV-programmet i går, er det framleis mogleg å sjå videoen. Klikk på lenkja nedanfor dersom du har ein ledig time framfor deg, eller logg deg på igjen når du har betre tid. Kanskje de kan sjå videoen ilag på ei misjonsforeining? Men no er det kanskje ferietid i foreiningane, også... Her får de iallfall utsikt over meir enn Oslo. Det er ein veldig bra film med inspirerande informasjon ifrå over ti land på tre kontinent. Ser du godt etter, kan du sjå meg i den syngande kyrkjelyden i Hiruzen kyrkje under skileiren i fjor. Det er forresten også eg som har omsett til norsk intervjuet med japanaren som hadde gått i Aobaen barnehage og kom tilbake til kyrkja 50 år etter.

Video: Enda lenger ut


Etter konferansen vart det også tid til litt sightseeing. Her er Shinki i fengslet der Hans Nielsen Hauge sat. Kyrkjepresidenten spøkte med å la Shinki vere igjen her og reise tilbake til Japan åleine, men heldigvis er dei begge trygt tilbake no.

Ein båttur på Oslofjorden med Dagfinn Solheim som guide vart det også tid til.

Det skal bli spennande å høyre meir ifrå konferansen når eg treff att president Matsumura og Shinki. Hovudtema som vart tatt opp, var storbyevangelisering og ungdomsarbeid, noko som er ganske aktuelt også her i Japan.

Wednesday, June 19, 2013

Regntid med og utan regn

Jaudå, vi snakkar om vêret her, også. Vi har hatt "regntid" i over to veker no, men det er visst mange år sidan det var så tørt. Men idag har det iallfall regna nok. Det er meldt om flaum og fare for jordras fleire plassar.
For to veker sidan var eg på kototime heime hos dama på biletet ovanfor. Kven skulle tru at ho er 90 år? Ho kallar meg dottera si, og eg kallar henne mi japanske mor. Då ho var nygift, gjekk ho på broderingskurs som Synnøve Finnseth hadde i Arashima, og ho gjekk også litt på møte og fekk høyre Guds ord. Men framleis er ho ikkje frelst.

I morgon skal eg tilbake dit. Det er alltid spennande å lese Bibelen ilag med henne og dei andre som samlast til kotospeling. I morgon skal eg ta med CD-opptak av gudstenesta sist søndag, då eg preika i Matsue. Det er vanskeleg å få gamle mor med i kyrkja, men så kan vi i staden få ta med kyrkja heim til henne!

Bible Club samlar kvar veke mange ungdommar. Sist fredag hadde vi også besøk av den unge lagsssekretæren Yuya Kawano. Han hadde også med seg ein student som studerer ein annan plass i byen. Her et dei pølser i lumpe. Det var nytt for alle. Det vart mange potetkaker av potetene som var til overs etter middagen veka før.

Yuya informerte om KGK (Laget) og sommarleir. Studentleiren sluttar den dagen eg kjem tilbake frå sommarferie, så eg kan dessverre ikkje vere med, men eg håper nokre studentar reiser likevel.

Under bibelstudiet delte vi oss i fire grupper. Teksten var likninga om såkornet og dei fire slags hjartejord, og kvar gruppe fekk spesialisere seg på ein type jordsmonn.

Denne gruppa består av to ungdomsskulejenter og to lærarar på vidaregåande.


Det gjer ikkje noko at eg ikkje har nok stolar i huset. Her sit dei på golvet sjølv om der er stolar til overs.

Den fjerde gruppa har fått plass i sofakroken. Her diskuterer dei kva det betyr at småfuglane kom og åt opp såkornet. Guten til høgre skriv i loggboka: "Der kom mange fuglar. Hm, det er vanskeleg."


Så er det presentasjon frå kvar gruppe. Denne jenta frå Korea har fått Ordet sådd i hjartet frå ho var liten, men korleis er hjartejorda?
 Det kan vere mange grunnar til at Ordet ikkje får spire og gro. Dersom synda får plass i hjartet, blir det eit skilje mellom oss og Jesus, forklarer ho.


På søndag var det ein flokk samla til internasjonal kvelds-gudsteneste. Eg hadde håpa fleire av dei ikkje-kristne frå Bible club ville kome, men det er også stort å få samle såpass mange kristne frå mange ulike kyrkjer og ifrå mange land. Ei ikkje-kristen kinesisk jente var også med.
Denne gongen gjekk det lettare, for der var fleire som var med og hjelpte til. Ei ung dame frå kyrkja vår var med, og ho seier ho sjølv vart oppmuntra av å vere der. Ho står fremst til venstre. Ho sa at ho vil gjerne vere med seinare, også. Det er godt å kjenne meir kontakt med folk ifrå kyrkjelyden.
Neste internasjonale gudsteneste er 21. juli. Ver gjerne med og be for førebuingane.


Her er eg på besøk hos ei veninne som fekk ein liten gut på ca. 2.200 gram i starten av mars. Eg såg han ligge i kuvøse som nyfødd, men dette var første gong eg fekk halde han.
Då seier eg takk for meg på ein regnfull onsdag. Såkornet frå Gud treng også å vatnast for å gi grøde.









 

Wednesday, June 5, 2013

Rolegare dagar



Mai er over, med alle besøk, med 17. mai, Mikko-konsert og internasjonal gudsteneste.
17. mai feira eg forresten ilag med Bible Club, med Skype-overføring til den norske feiringa i Kobe, der dei song nasjonalsongen for oss.


Her er gjengen som var samla til Bible Club på 17. mai. Det var fleire som var overraska over at vi har kors i flagget.

I Kobe var det litt meir tradisjonell feiring, og dei var til og med på nrk. Her kan du sjå det dersom du gjekk glipp av innslaget på TV, eller om du har lyst å sjå det i reprise:



Det er mest universitetsstudentar som kjem på Bible Club, men eg har også to ungdomsskulejenter som er med så ofte dei kan. No ifrå mai er det blitt endring i timeplanen for klubbaktivitetar, slik at dei ikkje rekk middagen klokka 18.30. No hentar mor til den eine dei på skulen kl 19, og køyrer dei hit, så dei rekk dei bibelstudiet klokka 19.30 og får seg middag kl 21 når vi er ferdige. Når dei kjem rett frå skulen, har dei sjølvsagt skuleuniform på seg, men den dagen eg tok dette biletet, var fridag, så dei kunne få gå i vanlege klede.
Jenta til venstre heiter Minami, og kjem frå ein kristen familie som høyrer til vår lutherske kyrkje i Matsue. Veninna hennar, Kaho, har aldri vore i ei kyrkje, men ho synest det er spennande å vere med på Bible Club og lese Bibelen ilag med ungdommar frå mange land. Når vi er mange, deler vi i grupper, og då har eg ungdomsskulejentene på mi japanske gruppe. Det er artig å sjå korleis desse to jentene stadig vekk oppdagar nye ting i samtalane.

Ein fredag i mai hadde vi brasiliansk middag på Bible Club. Det var Heitor, på første biletet med det norske flagget, som var kokk den dagen. Samme kveld melde Soyoung (t.v.) seg til å koke koreansk mat veka etterpå, og på neste bilete er ho i full gong, saman med den japanske veninna Reina:


Denne veka skal eg prøve meg på norsk laksemiddag. Idag har eg vore ute og kjøpt fleire posar med japanske poteter og 48 lakseskiver frå Chile, så kor norsk det blir, veit eg ikkje, men det skal iallfall likne. Laksen er frosen, så om eg ikkje treng alt denne gongen, held han seg i frysaren. Eg veit ikkje kor mange som kjem før 3 1/2 time før middag, men i det siste har vi vore rundt 14-15 personar.


Fram til den internasjonale gudstenesta 26. mai var det ganske hektisk, men eg kom i mål, og eg er glad fleire ikkje-kristne studentar vart med, også eit par for første gong. No er eg allereie i gong med planleggjinga av neste gudsteneste, som er 16. juni. Då skal eg tale også på føremiddag, på japansk, og så omsetje preika til engelsk og tale om kvelden. Det er godt å ha litt rolegare dagar no i juni enn det var i mai.

Det er ikkje berre ungdommar eg arbeider med. Desse to er med på bibelklassa eg har to fredagar i månaden, på føremiddag. Raeru med Blåveisbamsen min er blitt eitt år, og sat ikkje stille heile tida, akkurat. Eg håper mora fekk med seg litt av bibelstudiet, iallfall.

Når eg ikkje har oppdrag i andre kyrkjer på søndagen, er det Matsue lutherske kyrkje som er min plass. Eg har ikkje heilt funne meg ein fast benk i kyrkja, men det har dei fleste på dette biletet. Det er vel også slik i norske kyrkjer og bedehus at mange har sin favorittplass.
"Kirken den er et gammelt hus" - og det merkast også hos oss. No er det sett opp stillas for å tette taket før regntida kjem for fullt. Og det er ikkje berre i kyrkja det er lekkasje.


Regntida starta før mai var slutt. For ei veke sidan vakna eg ein morgon av at det regna. Men regnet høyrdest så veldig nært ut. Til mi store overrasking draup det frå taklampen, ja, ikkje berre dropar, men det rann! Eg fekk summa meg og henta ei bøtte, og eg samla opp bortimot ein halvliter vatn før det ga seg.
Seinare på morgonen ringde eg til utleigar, som kontakta arbeidsfolk som kom for å finne holet. Og det var ikkje så lett. Eg bur i 2. etasje, men har aldri tenkt over før at eg har eit "mørkeloft" over meg. Og at eg hadde ei hemmeleg luke opp dit inne i skapet. Ikkje mindre enn fire mannfolk kom og forsvann opp i den lille luka i skapet. Eg var freista til å ta bilete av føtene som hang inne i skapet, men det vart berre med tanken... Til slutt fann dei holet, som vart reparert frå utsida dagen etter. Og etter den tid har det nesten ikkje regna, men eg håper det er tett no.


Risen er planta, og risdyrkarane håper nok på meir regn. Her har nokre ender teke seg ein vadetur i sola.


Fine damer må ikkje få farge på huda, men SÅ japansk er ikkje eg blitt enno. Eg må få nyte sola så lenge ho er her, før regnet kjem tilbake, og før det blir altfor varmt til å vere ute. Framleis held det seg under 30 grader, så då er det ikkje så aller verst.
Men eg har altså ein jobb å gjere, og ferie blir det ikkje før 23. juli. Då tek eg ein tur til Norge, der eg blir frå 24.juli til 21. august. Kanskje vi snakkast då?