Monday, August 30, 2010

Avkjøling


Det var jubel i bilen til familien Igi då vi såg dette talet på veg mot Hiruzen. Berre 22 grader! Dei hadde vore på ein 4 dagars ferie (!) hos besteforeldre i Nishinomiya, (ein by mellom Osaka og Kobe), og der hadde dei hatt det varmt nok. No lengta dei tilbake til Hiruzen Bible Camp, der dei bur til vanleg, og eg såg også fram til ei natt med meir behageleg temperatur.


Sjølv med aircondition i bilen var det likevel varmare inne enn ute, så sjåføren fann ut at han heller skulle sleppe inn litt luft utanfrå.


Undervegs vart vi møtt av kraftig torevêr og pøsregn.


Men vel framme ved leirplassen hadde verste regnet gitt seg.


Kapellet ved Hiruzen Bible Camp.


Medan vi venta på at middagen skulle bli ferdig hos familien Igi, underheldt minstemann Yuga (6) på piano. For å kome opp i passeleg høgde, måtte han ha tre telefonkatalogar på stolen.


Kjekt å få vere ein del av Igi-familien. Og Hiruzen-yakisoba smakte verkeleg godt! Tusen takk!
ごちそうさまでした。蒜山焼きそばはとてもおいしかったです!

Det er stille her på hovudbygget, der eg sit med PCen i fanget, pålogga på det trådlause nettverket. Det kan bli ei stund til neste gong eg har internett, så eg får nytte det medan eg har sjansen.

I morgon skal mykje skje. Flyttebilen kjem kl 9 i morgon tidleg. Så blir eg med til Matsue og får prøve å installere meg i leilegheita. Men eg må også til bykontoret for å registrere meg og få nødvendige papir til å kjøpe bilen som står og ventar på meg i Kobe.

Torsdag blir det ein tur tilbake til Kobe, der eg kom ifrå i dag. Eg fekk nemleg innkalling frå ein av prestane våre, der eg fekk vite at eg er med i ein ungdomsevangeliseringskomite som har møte torsdag kl 15... Så det blir å snu i døra, men forhåpentlegvis får eg med meg bilen opp igjen på fredag... Tida får vise. Internett får eg kanskje ikkje ordna før om eit par veke. TTT (ting tar tid), også i dette effektive landet...

Sunday, August 29, 2010

Blant venner


Det er kjekt å treffe att venner. I går kveld var eg ute på ein italiensk restaurant ilag med tre veninner. Frå venstre ser du Yoshiko, Yoko og Yuko. Det er ikkje alle jentenamn som byrjar på Y, men mange sluttar på "ko". Yoko og Yuko er kristne, men ikkje Yoshiko. Ho vart eg kjent med i ein volleyballklubb, og dottera byrja i engelskklassa eg hadde i kyrkja den tida. Kita Osaka kyrkje var arbeidsplassen min frå 1998 til 2004.


Yoko vart ein kristen i 2002, og i dag var det ho som leia gudstenesta. Ho er også kasserar for kyrkja sitt rekneskap dette året. Kvar gong eg er innom Osaka, har eg fast gjesterom hos henne. Ho driv sitt eige lille arkitektfirma, med berre damer tilsette. No sit eg ved arbeidspulten til ei av dei og skriv blogg.


Etter gudstenesta var det lunsj med curry rice.


Pastor Hirano har funne ein lakris blant sjokoladebitane i Twistposen eg hadde med. Sidan eg veit at japanarar liknar meg med at dei ikkje liker lakris, hadde eg advart dei, men Hirano meinte det ikkje smakte så verst.


Etter maten vart eg sett i arbeid. Leiaren for kyrkjekoret måtte gå, så då fekk eg i oppdrag å øve med dei. Det var kjekt å ha korøving igjen, og kjekt å sjå at koret har fått fleire medlemmer sidan eg reiste heim i 2004.




Songane vi øvde på idag, var "Det er makt i de foldede hender" og "Stor er din trofasthet". På japansk, sjølvsagt.


Det er sikkert fleire som dreg kjensel på denne karen til venstre. Ja, det er Naoto, som var i Norge i 2002, og også ein snartur i mars i år. Han er ein av dei få ungdommane som er aktive i kyrkja her.


I kyrkja har dei også ei munnspelgruppe som dei kallar "Rainbow". 19. september arrangerer kyrkja chapel concert, og både koret og munnspelgruppa øver til den dagen.


Presten spelar også munnspel. Og med prestedottera på piano og Naoto på gitar, blir nok dette bra. Slagverk har dei også med.

Etter vi var ferdige i kyrkja, tok eg meg ein tur opp i blokka og helste på tidlegare naboar og kjende i 9. og 10. etasje. Fru Morimoto på 83, som var min næraste nabo, er framleis sprek. Når ho og dei to veninnene hennar får innbyding til julegudsteneste eller eldres dag, kjem dei gjerne i kyrkja (som ligg i 1. etasje i samme blokk), men elles er visst dørstokken for høg.

No er det snart klart for søndagsmiddag hos foreldra til Yoko. Og i Norge er det vel snart kyrkjetid. Vi ligg ganske mykje på forskot her. Ha ein god søndag!

Saturday, August 28, 2010

Varmt nok!


I dag tidleg landa eg trygt på Kansai International Airport i Osaka. Det første eg gjorde, var å bytte om til ei lettare bukse, skifte ut sko med sandalar og pakke ned flisjakka, men likevel er det ganske varmt, ja. Å gå frå 10 grader ein dag til 35-36 grader er litt stor overgang.

Biletet ovanfor er frå Lillestrøm stasjon, der eg starta reisa i går tidleg. Det blir lenge til eg treng jakke her, ja...

No sit eg inne på kontoret til Yoko, ei veninne i Osaka. Her skal eg vere til måndag morgon. Ikkje på kontoret hennar, altså, men eg får bu hos henne og foreldra, og i morgon skal eg vere med på gudstenesta heri Kita Osaka.
Så reiser eg til Kobe og vidare til Hiruzen Bible Camp på måndag. Etter ei forhåpentlegvis litt kjøligare natt oppe i fjella der, skal eg vere med flyttelasset mitt til Matsue. Heldigvis har eg air condition i leilegheita, så det går vel an å få byrje med utpakkinga.

Torsdags morgon vart eg møtt av desse misjonsvennene på Åndalsnes stasjon:

Johan og Selma Moldsvor, Einar Oterholm og Elin Moldsvor hadde møtopp for å ta farvel med misjonæren. Og då eg var komen inn på toget, stemde plutseleg Selma i "Navnet Jesus". Eg har dei på video her:

Salmesong på Åndalsnes stasjon from Inger Valbø on Vimeo.



Dette blir visst omvendt kronologisk rekkefølgje. Eg tenkte å ta med litt også ifrå gravferda til mamma sist tirsdag. Det vart ein fin dag, med mykje song og helsingar. Ole Os song igjen helsinga frå mamma til utreisefesten min. Men no var det ifrå koret i kyrkja, framme ved kista. Og bodskapen til alle som var komne i gravferda, var framleis: "Forlik deg nå med Gud!"

Jeg er på reise her from Inger Valbø on Vimeo.




Allereie den dagen ho bar meg til dåpen på Kristi himmelfartsdag, tenkte mamma på at eg kanskje skulle bli misjonær. Ho har vore med og bedt for meg og arbeidet. "No har du ein forbedar mindre, " sa ein onkel ved båra. Kven vil ta over etter mamma?



Lat dine born få gledebodet bera,
gjev av din rikdom, så dei ut kan gå.
I dine bøner må du med dei vera,
alt det du gjev, av Gud du att skal få.


Dette verset synest eg passar godt på mamma og pappa. Dei fekk vere med og sende meg ut. No trengst det unge foreldre som vil sende sine born ut med den glade bodskapen.

Syng fagnadbodet, bodet om fred,
bodet om Jesus, det folkeslaga gled!

Tuesday, August 17, 2010

Utreisefest ~ 送別会


Det var mange som tok turen til Sjøholt sist søndag for å ønskje meg god tur til Japan og vise at dei vil vere med og be for meg. Her er ein del av forsamlinga på festen på bedehuset etter gudstenesta i kyrkja.


Gudstenesta byrja med prosesjon for dåpsfølgjet. Men etter prosesjonen sette alle seg ned for å synge første salme. Kor bakvendt det er her i Bakvendtland, tenkjer eg ofte. I Japan står vi når vi syng iallfall første og siste salme.


NLM-forkynnar Ole Os talte klart og tydeleg om synd og tilgjeving, utifrå Salme 32, og fortalde levande om både David, Batseba, Uria og Natan. ”Synest du det var for lettvindt for David å bli tilgitt?” spurde han forsamlinga. ”Ville du heller ha sett han i gapestokken?” Men når vi ser Jesus på korset, forstår vi at det iallfall ikkje var noko lettvindt løysing for Gud.


Etter ei lang og god gudsteneste med ståande (!) avslutningssalme ”Reis deg, Guds menighet” og eit mektig postludium (dette er siste gongen på lenge eg får høyre skikkeleg orgelmusikk, tenkte eg), var det dekka til fest på bedehuset, og det vart nesten trangt om plassen. Her ser vi nokre foreiningsdamer ifrå Ålesund.


Her er venner både frå Sykkylven, Stette og Namsos.


Også frå Nordmøre. Ikkje mindre enn fire noverande og tidlegare Japanmisjonærar var samla. Og taletrengde var dei alle saman, både Else Marie, Kirsti, Marit og eg...


Her ser vi fleire medarbeidarar frå Vestborg, som har vore min arbeidsplass siste året.

Siste helsing frå mamma
Ole Os bar fram helsing ifrå mor mi gjennom songen ”Jeg er på reise her". Ingen ante då at det vart siste helsinga frå mamma. Neste morgon hadde ho allereie avslutta pilgrimsvandringa og er heime hos Jesus. Det vart ei litt annleis veke enn eg hadde rekna med. Men bodskapen frå songen blir desto sterkare:

Siste helsing frå mamma from Inger Valbø on Vimeo.



Japanske tonar

For to år sidan var tre japanarar i Norge på ein Japankampanje. Nokre av songane dei hadde med seg, fekk eg hjelp av Kolbjørn Gjære til å omsetje til norsk. Her syng Kolbjørn ein av songane, med tekst frå Matt 6 og melodi ifrå David’s Harp i Tottori. I oktober 2008 song dei tre japanarane denne songen på norsk (!) for mamma på sjukeheimen.

David's Harp in Norwegian: Se på fuglene på himmelen from Inger Valbø on Vimeo.




I går var det tent eit lys i inngangen på sjukeheimen, der mamma har budd dei siste 3 ½ åra. Sjølv om mamma ikkje var sterk nok til å vere med på bedehuset denne kvelden, var ho heilt sikkert med i tankane og var med på å sende meg ut igjen til min 4. periode. Det var misjonen ho levde for heile sitt liv. Og no var hennar arbeidsdag over her på jorda.

Det var trass alt godt at det vart denne rekkefølgja, og ikkje omvendt. Og så slapp eg å måtte snu i Japan, slik som då pappa døydde rett etter at eg var komen til Japan første gong.

”Hvor underlig er du i alt hva du gjør, hvem kan dine veier forstå?
Men ett er dog sikkert, den vei du meg før', for meg er den beste å gå.”


Bønnekortet
• Be for arbeidet i Matsue, Izumo, Arashima og dei andre lutherske kyrkjene på nordfeltet, og be om god kontakt inn mot studentmiljøet.
• Be om at eg får leve nær Kjelda, så eg har noko å gi vidare.

Adresse: Sunny KubotaⅡ 202, Nishikawatsu-cho 4101,   
 Matsue-shi, Shimane-ken 690-0823,Japan
E-post: ingervalbo@yahoo.no, ivalbo@nlm.no

Følg med på bloggen, så får du stadig nye bønneemne, og forhåpentlegvis også nye takkeemne.