Monday, April 25, 2016

Frimåndag med naturopplevingar

Det er allereie gått fire veker sidan påske, og eg lurer på kvar tida er blitt av. No er det så lenge sidan sist eg var inne på bloggen, at eg måtte sjekke passordet...
Det er godt med ein frimåndag etter ei travel helg. Idag har det vore herleg vêr, og eg har vore og utforska nye turterreng ilag med tre veninner som også har fri på måndagar.

Men først litt ifrå dagen i går. Då hadde vi internasjonal gudsteneste. Endeleg fekk eg synge "Deg være ære", ein salme som stort sett er ukjent her i Japan. Det vil seie, melodien kjenner alle, for den blir spela kvar gong det er overrekkjing av ein pris. Eg fann den engelske teksten på internett, og ein japansk tekst hadde eg i ei barnesongbok.
I går hadde vi fått utvida forsongargruppa vår med ein fagott. Sjå video nedanfor:


Thine Be The Glory from Inger Valbø on Vimeo.


I tillegg til oss på biletet, var der også tre andre med på gudstenesta. Sjølv om eg sakna dei som har reist, er eg glad for at der var to nye denne gongen.

Det er mykje arbeid med ei slik gudsteneste, men så er det også godt å ha ein frimåndag etterpå.
To av dei som er med i det internasjonale fellesskapet vårt, er også ivrige fjellgeiter. Eg og ei japansk veninne er meir moderate, og hadde eigentleg tenkt oss på ein tur for oss sjølve, men det enda opp med at alle fire slo seg ilag.

Berre omlag 15 minutts køyring heimanfrå var vi stien opp på fjellet.


Ville asalia blomstra langs stien. Temperaturen var også passeleg.
 Her er nokre andre som også var på tur


Vi har framleis fleire fjell å utforske i området. Det spørst berre om vi har nok måndagar med fint vêr framover. Forhåpentleg vil det også gi inspirasjon og motivasjon til å starte pakkinga...
22. juni reiser eg ifrå Matsue. Eg har framleis mange oppgåver, men då gjeld det å ta skikkeleg fri når eg kan ta fri.

Og så kanskje eg skulle oppdatere bloggen litt oftare, med litt kortare innlegg enn i dag. 




Wednesday, April 6, 2016

Påske, avskjed, konferanse og nytt skuleår


Det er vår, og kirsebærtrea blomstrar for fullt.
Det har skjedd mykje dei siste vekene, og eg har ikkje vore så flink til å oppdatere. Her er eit lite tilbakeblikk.

Palmesøndag reiste vi på årsmøte i VJELK. Kari Opperud har skrive om det, der ho mellom anna presenterer dei nyvalde leiarane i kyrkjesamfunnet.
Les om VJELK sitt årsmøte her.

 Påskedag var eg i Izumo kyrkje, der eg mellom anna hadde andakt på søndagsskulen og var organist på gudstenesta.


Etter gudstenesta var det lunsj, med mykje godt å velje mellom.


2. påskedag er ingen heilagdag i Japan, og for min del vart det ein travel dag med mange praktiske gjeremål. Ein familie frå Salomon-øyane skulle reise heim, og eg var glad for å hjelpe med flyttinga.

Endeleg i 20.30-tida kunne vi setje oss ned og ete middag, etter ein lang og strevsom dag.

Neste morgon må eg ta farvel med min lille venn. Han veit ingenting om landet sitt, sidan han er fødd i Japan.

Japanske venner møtte også opp for å ta avskjed med Faith, Josef og Emmanuel.

Etter at dei var reiste, prøvde eg å førebu meg til konferansen.

Misjonærkonferansen har også Kari Opperud dekt godt gjennom sin eigen blogg, så då viser eg berre til den.

Les meir om misjonærkonferansen her!

Til slutt nokre bilete frå siste veka, etter at eg kom heim ifrå Hiruzen:




Denne veka er det oppstart av nytt skuleår. Også ved universitetet kjem det nye studentar. Skal tru om nokre av dei finn vegen til Bible Club? Eg reknar med det blir mange denne fredagen, no når ferien er slutt. Ei gruppe studentar som var i Florida på eit kristent program i vårferien, er spesielt inviterte. Ei av dei har allereie meldt seg på.
I morgon må eg konsentrere meg om å skrive preike til søndag. Det gjer seg ikkje av seg sjølv...