Thursday, April 30, 2026

Våronna er i gong

Det er siste dag i april og tid til litt refleksjon. Sist søndag var eg i Izumo kyrkje og preika. Kyrkja ligg midt mellom fleire risåkrar. Der var dei i gong med å pløye åkeren før risen skal plantast ut. Det er viktig å bearbeide jorda før ein skal så eller plante. Slik er det vel også på det åndelege området. 

Her i Japan ser det ut til at det tek ekstra lang tid å bearbeide hjartejorda slik at Guds ord kan bli sådd og få gode vekstforhold. Men det skjer også små mirakel der eg ikkje har gjort nokon innsats sjølv. Hausten 2024 kjøpte eg ei georgine som blomstra fint då. I fjor vaks planta opp igjen to gonger og blomstra. Og faktisk vart der liv i år, også, utan at den tørre pottejorda har fått noko stell frå meg.
14. april la eg merke til ein liten spire, som eg kunne følgje dag for dag. 16 dagar seinare ser planta slik ut, med nye, friske blad. Eg er spent på når georgina får blomster denne gongen.


I misjonsarbeidet veks det vanlegvis ikkje så fort. Derfor kan det vere nødvendig å sjå arbeidet i eit større perspektiv. 

Babysong

Nokre frø vart sådde i studenten som kom på Bible club for 14-15 år sidan. Vi har hatt litt kontakt på Facebook etter at ho var ferdig på universitetet og flytta frå Matsue. No har ho vore heime hos foreldra nokre månader i samband med fødsel. Denne veka kom ho på babysong med babyen sin.
Her er fleire glimt frå babysong



Det viste seg at alle tre mødrene har vore studentar ved universitetet her, og to av dei samtidig. 

Nima

Tirsdag var eg i Nima igjen. Dei fleste i den klassa har gått i over 20 år og lært frå Bibelen. Dei to siste gongene har vi hatt om då Jesus vaska føtene til læresveinane. I den engelske teksten står det at Jesus tok eit handkle (towel) rundt livet og tørka føtene deira. På norsk står det "linklede". Ordet "towel" blir også brukt på japansk, men med litt annan uttale. Nokre av damene har hengd seg litt opp i den engelske uttalen, og hadde øvd spesielt på det. Eg understreka at handkledet berre er ein reiskap og ikkje hovudbodskapen i teksten. Så eg fekk dei til å leite i bibelteksten etter kva ord som er brukt oftast. Då fann vi "loved" eller "love" som var mest brukt. Jesus elska sine heilt til det siste, og han ga bodet om at vi skal elske kvarandre.

Peter protesterte då Jesus kom og ville vaske føtene hans. Men då han forstod at det var nødvendig for framleis å få tilhøyre Jesus, ombestemte han seg. Jesus, som er både Herre og Meister, bøygde seg ned og tok den skitne jobben.

"LOVE is a verb" skreiv eg på tavla. "Kjærleik er eit verb" høyrest litt rart ut på norsk, men det betyr at kjærleik ikkje først og fremst er ei kjensle, men handling. Jesus har vist oss kva kjærleik er. 

Vi avslutta timen med å lese frå Matt. 20, 25-28:
Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at fyrstane over folka undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand. Men slik skal det ikkje vera blant dykk. Den som vil bli stor mellom dykk, skal vera tenaren dykkar; og den som vil vera den første av dykk, skal vera slaven dykkar. Menneskesonen er heller ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.»

Desse orda utfordrar meg, også. Kva gjer eg for å vise andre at Jesus elskar dei, og for å vise at eg bryr meg om dei?


I dag har eg ført inn avtalar og oppgåver i kalendaren for mai, og det vart ganske fullt. Samtidig ønskjer eg å ha rom for å møte menneske også utanom det som allereie er avtalt. Eg har utfordra ei jente som var på leir i mars, om ho vil lese Bibelen med meg, og det fekk eg ganske fort svar på at det vil ho, med ropeteikn! Jenta har nettopp starta på vidaregåande. Det kan vere vanskeleg å finne tid innimellom skule, lekser og klubbaktivitetar, men eg håper vi finn ei god løysing.

17. mai

Snart er det 17. mai. Eg har fått invitasjon til 17.-maifest i Kobe, men det blir for langt unna når det til og med er på ein søndag. Her har vi ettermiddagsgudsteneste i Arashima og internasjonal kveldsgudsteneste i Matsue, så eg får prøve å feire litt for meg sjølv innimellom. På English Café 16. mai tenkjer eg å snakke litt om Norge. Eg er i gong med ein liten quiz. 

Du som ber, ver gjerne med og be for den internasjonale gudstenesta og arbeidet blant studentane. Det er foreløpig ingen japansk student som har meldt sin ankomst til Bible Club i morgon. Forrige fredag var det heller ingen japanarar, men vi var fire kristne utlendingar som møttest til middag og bøn. Korleis det blir i morgon, veit eg ikkje enno.

Forrige veke vart eg intervjua av Radio Sunnmøre. Her fortel eg meir om studentarbeidet og om livet elles: Aprilrapport frå Japan - Radio Sunnmøre

Blomsterprakt

Til slutt må eg berre få vise litt av den fantastiske blomstringa for tida. Kirsebærtrea er ferdigblomstra, tulipanane er snart ferdige, men no er det tid for peonar, og asaleane lyser opp over alt.














Wednesday, April 15, 2026

Inspirerande besøk frå Norge

 

Det har vore ei spesiell tid sidan påske. Først hadde eg besøk av tre damer i påskehelga. Eg rakk såvidt å vaske og tørke sengeklede før tre unge gutar inntok gjesteromma. Damene var her på ferie, men gutane var her på praksis,/jobb. Litt ledig tid vart det likevel innimellom samlingar og gudstenester. På biletet over er vi ein tur i ein tulipanåker.

Skjærtorsdag fekk eg besøk av desse tre. Mangeårig Japanmisjonær Kirsti var reiseleiar for Alice og dottera Elena. 

Tur til Japanhavet på langfredag. Nokre våga seg også ut i vatnet. 

Bible Club på langfredag. 



På laurdag fekk dei vere med på eit arrangement i Matsue og vart kledde opp i kimono.






Seinare på påskeaftan var det ungdomssamling i Arashima kyrkje.

Påskedag var dei med på gudstenesta, der Alice deltok med song, og piknik under kirsebærtrea etterpå. 

Den norske jenta fekk seg japanske venner.


Når eg har besøk frå Norge, har eg også muligheit til å invitere folk som kanskje ikkje kjem i kyrkja så ofte elles.

Og plutseleg var det helg igjen, men nytt besøk; eittåring Jonas og to studentar frå Fjellhaug Internasjonale Høgskule. Jørgen, Sondre og Jonas vart sett i arbeid ganske fort med å kutte grønsaker til taco for Bible Club.

Eg fekk litt panikk då eg fekk inn fleire og fleire påmeldingar og enda opp med 17 namn på lista mi. Carmella og Scott hadde invitert mange japanske studentar, og mange kom for første gong. Heldigvis hadde eg medhjelparar. Sidan mange var der for første gong, og universitetet er ganske streng på bruk av bilete på sosiale media, legg eg ut berre eit bilete av skoa i gangen. Då eg tok biletet, hadde fleire allereie gått heim.


Mange kom nok først og fremst for maten og for å treffe dei norske gutane, men kanskje bibelstudiet med dramatisering også kunne gi dei lyst til å komme igjen. Denne fredagen har eg invitert til norsk tradisjonell potetball med tilbehør. Det har slått godt an før. Det er på tide å få brukt opp ballmjølet som eg fekk i fjor...

Laurdag var det English Café i Arashima, også her med rekord i frammøte.

English Café



Den japanske mannen på biletet bur i nabolaget og gjekk på søndagsskule då han var liten. Han fortalde at han framleis hugsar at dei dramatiserte forteljinga om Jona som rømde frå Gud. Forteljinga om den barmhjertige samaritanen sit også i minnet over 60 år seinare. 

På gudstenesta i Arashima deltok Fjellhaugstudentane med vitnemål og preike, med meg som tolk. 

Sondre imponerte med også å synge på japansk!

 Under lunsjen gjekk samtalen både på japansk og engelsk rundt borda. Nokre fekk god hjelp av ein app på mobiltelefonen.

Etterpå vart det tid til ein liten tur for å sjå på tulipanar før vi måtte finne oss middag og gjere oss klare til kveldsgudstenesta i Matsue.

Tulipangutane


Så var det tid for internasjonal kveldsgudsteneste, der Jonas hadde tekstlesing, Sondre hadde vitnemål og Jørgen preika, i tillegg til at dei leia allsongen. Takk for flott innsats, gutar, og for den gode bodskapen de formidla!



Jonas les teksten frå Joh. 20, 19-31 om Tomas som møtte Jesus.



Det var godt for meg å sitje ned og berre vere vanleg deltakar. Pianoet vart brukt berre til preludium og siste songen.

Jørgen talar



Denne gongen var vi ein utlending meir enn japanarane, men andre gonger er der fleire japanarar. Tre av japanarane på biletet er ikkje kristne, men har funne sin plass her, og går også i engelsk bibelklasse.















Monday, April 13, 2026

Fleire barn enn vaksne!

 

I tida 21.-25. mars var 20 barn og 23 vaksne samla til den årlege konferansen på Hiruzen Bible Camp.

Når vi trekkjer ifrå fire gjestar frå Norge, står vi igjen med 19 vaksne utsendingar. Dermed er dei 20 barna frå 0 til 15 år faktisk i fleirtal! Gjestar frå Norge var Regionleiar for Stor-Kina og Japan, Eivind Jåtun, HR-rådgjevar Karen Elisabet Wittersø Hector og to studentar frå Fjellhaug Internasjonale Høgskule. Dei to sistnemnde hjelpte til med opplegg for borna medan foreldra var opptekne med forhandlingar.

Fokus på barna

Misjonærbarna er viktige i arbeidet, og det var fokus på at dei skal ha ein god og trygg oppvekst. Karen Elisabet Wittersø Hector hadde undervisning både for borna og for dei vaksne. I forkant av konferansen hadde ho også besøkt misjonærfamiliane.

Fleirspråkleg

I gamle dagar føregjekk konferansen på norsk, så dei finske misjonærane måtte anten lære seg norsk eller bruke tolk. Med utsendingar både frå Finland, Island, Japan og Australia i tillegg til det norske fleirtalet blir fellesspråket engelsk, men også finsk, islandsk og japansk kunne høyrast. Barnemøta var delte i ei norsk og ei engelsk gruppe, og under familiegudstenesta var det brukt fleire språk med tolk.

Saman med WJELC

NLM har eit godt samarbeid med West Japan Evangelical Lutheran Church (WJELC) og ønskjer framleis å gå ilag med dei for å byggje Guds rike her i Japan. Rapportar frå arbeidet viser at vi er med på eit stort arbeid. NLM er representert i styret både i radioarbeidet, bibelskulen og det teologiske seminaret. Vi er særleg glade for at WJELC framleis ønskjer å vere med og drive Hiruzen Bible Camp ilag med misjonen. NLM har også utsendingar med i ungdoms-og familiearbeidet Compass.

Nytt feltstyret/Japan Board (JB)

Leifur Sigurdsson, ILM, og  Johanna Perendi, FLOM, vart valde i fjor og blir sitjande eit år til. Marius Bergersen, NLM, vart vald på nytt til ein ny styreperiode. Styret vil konstituere seg på første møtet.

Vegen vidare

Ein misjonærkonferanse skal stake ut vegen vidare. Den saka som engasjerte mest og som vi gjerne skulle hatt meir tid til, var revisjon av handlingsplanen for dei neste åra. Kva skal målet vere? Kva vil vi, kva skal vil satse på, og kvar går vegen dit? Eitt av måla vi vart samde om, er at vi ønskjer å satse meir på bibelstudie med enkeltpersonar og i grupper.

Å bli tilgitt og tilgi

Eivind Jåtun hadde bibeltimar for oss med temaet «Tilgjeving», om å bli tilgitt av Gud, om å tilgi kvarandre som Han har tilgitt oss, og korleis vi kan formidle bodskapen om tilgjeving i ein japansk kontekst. I smågrupper fekk vi dele personleg frå livet og arbeidet vi står i og be for kvarandre.

Takk for forbøn

Takk til misjonsfolket som gir og ber, slik at vi kan vere utsendingar i Japan. Be særleg for dei unge familiane, som gjennom barna får kontakt med mange japanske familiar. Be om at både små og store kan ha det bra og trivast!