Tuesday, May 28, 2019

Risplanting

Etter å ha budd nærare 11 år med rismarkar rundt meg, var det på tide å få vere med. Eg har vakse opp med potetsetjing og potetopptaking kvart år, men risdyrking veit eg ikkje så mykje om.
Hausten 2017 fekk eg vere med å hauste ris, og det var samme plassen eg var og planta. Litt feil rekkefølgje, men til hausten kan eg kanskje vere med på å hauste der eg sjølv har planta, også?

Her er eg med og haustar ris (september 2017)

 Risplantene er klare til å setjast ut. Ikkje alle er skodde til å gå ut i gjørma. Nokre valde å gå berrføtt, eller ein måtte ha høge støvlar. Personen til venstre vil nok berre vere tilskodar.

Både store og små var med denne laurdagsmorgonen. 


Det var nok best å la skorne stå igjen "på land".



Her får eg litt instruksjon. Det var ikkje så vanskeleg å plante. Den største utfordringa var å få støvlane oppatt frå gjørma. Støvlane kjøpte eg eigentleg til snømoking, og passar godt med ullsokkar i. Men no var dei altfor lause på foten. Skal eg vere med ein annan gong, trur eg at eg må skaffe meg spesialstøvlar med snøring rundt ankelen, eller kanskje gå berrføtt.

Eg kom meg trygt oppatt frå gjørma!

Denne jenta anbefalte meg å skaffe meg skikkelege "risplantingstøvlar", slike som ho har, med strekk øverst og snøring rundt ankelen.


 Det var mange som var med, så det heile var over på ein times tid. Så køyrde eg heim og byrja å førebu andakta til søndagsskulen, der teksten var likninga om arbeidarane i vingarden. Og eg kunne innleie med å snakke om arbeidarane på risåkeren!

Om eg får vere med og hauste der eg sjølv planta, veit eg ikkje. Det er avhengig av om det skjer på ein laurdag eg har tid. Men uansett var det artig å få vere med.

I misjonsarbeidet er det heller ikkje alltid vi får hauste fruktene av arbeidet. Eller det kan vere andre som har sådd og planta før vi kom inn i biletet, som Paulus også skriv:

"Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst. Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar. Berre Gud er noko, han som gjev vekst. Den som plantar og den som vatnar, er eitt, men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid.  For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning."

1. Kor. 3, 6-9




Thursday, May 23, 2019

Det nærmar seg sommar

Det er 23. mai, og berre ein månad til eg set meg på bussen til Osaka, med flyavgang 24. juni. For tida er det veldig behagelig temperatur. Både eg og skilpaddene liker sola. Eg liker det iallfall før det blir for varmt. 
Mai er ein fin månad i Japan, før regntida kjem i juni.
Eit par små fjellturar har det også blitt. Her ilag med ein aktiv seksåring.

Dette er frå ein annan måndag med fint vêr og ein liten fjelltur igjen.


17. mai var ein fin dag å ha Bible Club på. Eg feira med å lage brennsnut, og serverte is til dessert.

Her er gutekroken, med representantar frå Uganda, Japan, Kamerun og USA.
To jenter frå Florida er her ved universitetet i tre månader og får kontakt med mange studentar. 


Dagen etterpå var det barnemøte i Arashima kyrkje.

Både barna og mødrene lyttar.



Internasjonal gudsteneste 19. mai

Foto: Scott Menking
Ei av jentene frå Florida delte vitnemålet sitt på den internasjonale gudstenesta i mai. Ei av dei japanske ungdommane fekk prøve seg som tolk for første gong, - noko ho gjorde veldig bra.

Foto: Scott Menking
Ein alvorsam talar... Du kan høyre heile gudstenesta her: International Evening Service May 19, 2019

Dotter til pastoren hadde fått med seg ei veninne som ikkje hadde vore på gudsteneste før.

Foto: Scott Menking

 Vi var ein fin flokk denne gongen, også. På neste gudsteneste den 16. juni får eg hjelp av språkstudentane Christoffer Nævdal og Ole-Bjarne Tråsdahl. Det ser eg fram til. Sjølv har eg ein del anna å gjere før eg reiser på ferie. I går skreiv eg på Facebook:

Når preikeoppdraga framover ligg som perler på ei snor, er eg glad det er noko som heiter Gjenbruk, og at eg har eit ganske stort lager på harddisken av tidlegare preiker, som kan fiksast med klipp, lim og litt ferske oppdateringar. Trass alt er også Bibelen er gjenbruksbok med ein slitesterk bodskap, som ikkje blir oppbrukt.
2. juni Yonago kyrkje (Kristi himmelfartssøndag)
9. juni Izumo kyrkje (pinse)
16. juni Arashima kyrkje

Ein månad til ferie. Idag har eg kjøpt bussbillett til Osaka for 23. juni. Første veka i Norge er forresten ikkje heilt fri. På LMF sitt sommarmøte har eg andaktsoppdrag på norsk, med tema HÅP, og misjonsinfo. Litt mange ballar i lufta samtidig. Får prøve å spreie det litt.

I tillegg skal eg ein tur til Nima og ha engelskklasse 4. juni, og til bibelskulen i Kobe og undervise i musikk 19.-20. juni, der vi avsluttar med ein open minikonsert.
Med andre ord er det ganske variert, og ingen dagar er like. Denne veka har eg ingen store utfarter, så då er det tid til litt andre ting, også.



Tuesday, May 21, 2019

På professoren sitt kontor

Foto: Toshiaki Suzuki
I fjor i mai fekk eg e-post frå ein av pastorane i byen, som introduserte meg for ein kristen professor som nettopp var flytta til Matsue og starta i ny jobb ved universitetet her. Han var sjølv blitt ein kristen medan han var student, og no vil han gjerne gjere noko for ungdommane.
Før eg flytta til Norge i 2016, hadde vi ei lita gruppe som leita etter eit ledig grupperom og hadde bibelstudie i lunsjpausen, men i løpet av det året eg var i Norge, slutta dei å samlast. 

Sidan det offisielt ikkje er lov å ha religiøse samlingar på universitetet, må det foregå litt i det stille.
Så eg såg nye muligheiter då denne arkitektprofessoren stilte kontoret sitt til disposisjon. I fjor i juni hadde vi første samling på kontoret hans, med to japanske studentar og ei frå Eritrea. Men så vart det sommarferie, og i haust var det heller ikkje så stor interesse, så vi la prosjektet litt på is.

Men så vart det vår og nytt skuleår. Ei kristen jente som var med meg på studentlagsleir i mars, vart inspirert og ønska å vere med i studentlagsgruppe. Ein gut som har vore med på Bible Club i vel eit år, tok imot Jesus som sin Frelsar i februar, og er no ivrig etter å lære meir frå Bibelen. Så no bestemte vi oss for å prøve å starte oppatt KGK-gruppa (KGK tilsvarar NKSS i Norge).

På første samlinga 13. mai var det eg som leia bibelstudiet, men sidan KGK er studentane sitt eige arbeid, vil vi oppmuntre studentane sjølve til å ta leiinga så snart som mulig, så kan vi som vaksne sitje på sidelinja og heie.
På andre samlinga denne veka merka eg allereie stor forandring.

Guten til høgre hadde allereie tatt på seg leiaroppgåva, som han gjennomførte på ein veldig fin måte. Og ei kristen jente hadde fått med seg ei ikkje-kristen veninne som også har byrja å kome på Bible Club. Men i motsetning til Bible Club, der vi bruker mest engelsk for å nå ikkje-kristne, går det her på japansk.

 Arkitektprofessoren og eg kan sitje på sidelinja og støtte studentane og svare på spørsmål dei måtte ha. For professoren er det nok ei ekstra stor glede at ein av hans eigne studentar har kome til tru på Jesus og er med og leier gruppa.
Neste måndag er professoren bortreist, men studentane får likevel bruke kontoret hans. Arkitektstudenten får låne nøkkelen. Snakk om tillit!!

Det er lunsjpausen på måndag som passar best for dei fleste, men sidan det er fridagen min, har eg sagt at eg kan ikkje kome kvar veke. Det trengst heller ikkje. Av og til kjem kanskje lagssekretæren frå Okayama, også. Han kom eins ærend for å vere med på oppstarten forrige veke. Dette ville han få med seg!

Ein laurdag tidlegare i mai hadde eg med meg tre av desse ungdommane til Hiroshima på ei KGK-regionsamling der. For henne som var på leir i mars, vart det gjensynsglede, og for dei andre to var det første møte med KGK, men ei positiv oppleving. Sjølv om det var hardt (for meg, iallfall) å stå opp kl 6 dagen etter Bible Club, og omlag 3 timar å køyre kvar veg, var eg glad for at vi fekk denne turen. Her fekk dei møte kristne studentar frå to andre fylke. Og så fekk vi invitere til gjenvisitt i Matsue til hausten!
Her er nokre glimt ifrå samlinga i Hiroshima Central Park laurdag 11. mai.

Foto: Toshiaki Suzuki




Foto: Toshiaki Suzuki
Foto: Toshiaki Suzuki
Foto: Toshiaki Suzuki
Foto: Toshiaki Suzuki
Foto: Toshiaki Suzuki


27. mai, på professoren sitt kontor med lånt nøkkel: