Thursday, March 28, 2019

Kva har skjedd i mars?


Dette er eit forsøk på ei kort oppsummering av kva eg har fått vere med på dei siste vekene. Biletet over er frå den internasjonale gudstenesta vi hadde 17. mars, ilag med nokre av medhjelparane mine.

Mars er avslutning og ferietid for studentar, så mange har vore bortreiste, men likevel har vi halde Bible Club i gong og veksla mellom fredag kveld og laurdag på dagtid. Første laurdag i mars vart det jenteselskap.
Vi var fem jenter frå fem forskjellige land og fire kontinent som åt norske vafler med brunost.
Bibelstudiet er likevel det viktigaste.

"Hosanna Kids" i Arashima

Høgtideleg tildeling av diplom og gåve til ei som er ferdig på barneskulen.


11.-14. mars var eg med på Lagsleir for studentar.

Gruppesamling. Desse vart eg ekstra godt kjend med.

Nokre ville også vere med meg på tur.

Fint å sjå så mange kristne ungdommar som vil lære meir om trua og korleis dei kan leie bibelgrupper for medstudentar. Spesielt oppmuntrande å sjå ei heil guterekkje med Bibel og notisbok!


Her syng ungdommane "Slik som Jesus har elska oss, skal vi elske kvarandre. Bli i Jesu kjærleik."

Desse sju studentane er ferdige med studiane og skal ut i arbeid. Det var både smil, latter og tårer når dei fortalde kva Laget (KGK) har betydd for dei i studietida. Eg sat og tenkte: Dette skulle fleire ha fått oppleve! Skulle ønskje fleire studentar frå Matsue også kunne komme inn i eit slikt fellesskap. Eg var glad eg iallfall hadde fått med meg éi på leiren, og ho reiste inspirert heim til Izumo.

Her er Yuzuki til høgre. Ho har no flytta på hybel ganske nær meg, og skal starte ved universitetet her neste veke.

I løpet av mars har eg blitt eit år eldre. Det passa å ha Bible Club den laurdagen, og eg hadde også besøk frå Kobe. Astrid og Bård Hauge var med på Bible Club, der Astrid laga mat for oss, og søndagen talte Bård i Arashima kyrkje.
Sjefen og kona ilag med ungdommane "mine".

Mars har også hatt fint vêr til å gå på tur.
Kven eig desse skorne, skal tru? 
Nokre damer som ofte har fri på måndagar.

Også på ein laurdag føremiddag kan eg finne tid til rekreasjon. 23 km ifrå her eg bur er det ein skøytehall. Sjølv om eg har budd i Matsue til saman over ti år, er det faktisk første gong eg har vore der.

Det var evangelist Megumi og nokre ungdommar frå kyrkja som hadde planlagt dette, og eg slengde meg med ein times tid før eg måtte heim og førebu lunsj til laurdags-Bible Club.

 Denne videoen vart tatt før fallet...

Til slutt må eg få vise litt av våren her. Temperaturen går opp og ned, med 20 grader éin dag og ned i 10 den neste.





Forsøket på eit kort samandrag av mars vart ganske langt, men forhåpentlegvis ikkje for langt, sidan du allereie er komen til slutten.



Monday, March 25, 2019

70 år skulle vel vere nok?

NLM har hatt misjonærar i Japan i 70 år. Misjonærane som kom hit i 1949, var av dei som hadde blitt kasta ut av Kina. Som resultat av misjonærane sitt arbeid vart Vest Japan Evangelisk Lutherske Kyrkje stifta i 1962. Det er ein vaksen 57-åring. Skulle det ikkje vere på tide å la dei klare seg sjølve?

Les kva Kari Opperud skriv på bloggen nedanfor og gjer deg opp di meining. Kom gjerne med kommentar!

https://kariopperud.wordpress.com/2019/03/23/takk-for-70-ar/

Dagstur til Macao

Det er over ein månad sidan eg kom att frå Hongkong og Macao, så det er på tide å avslutte blogginga derifrå.
Tirsdag 19. februar reiste vi på dagstur til Macao, men det var ikkje med vogna ovanfor. Først tok vi metroen til ferjeterminalen, og derifrå båt omlag ein time. Macao ligg 65 km vest for Hongkong. Ifrå terminalen i Macao fekk vi gratis skyss med ein shuttle-bus for eitt av dei mange hotella. Her hamna vi framfor Royal Empire Hotel.


Macao er ein spesiell administrativ region i Kina og var fram til 20. desember 1999 under portugisisk administrasjon. Det var ikkje vanskeleg å merke eit europeisk preg. Både kinesisk og portugisisk er offisielle språk. I Macao kan du bruke HK dollar, men vekslepengane i Macao dollar kan ein ikkje bruke i Hongkong. Og vi måtte gjennom passkontroll både fram og tilbake.

 Shoko og eg vandra rundt i verdsarvområdet med mange kyrkjer og andre bygningar. Her er vi oppe på borga. Hotel Lisboa i bakgrunnen merkar seg ut i byggestil, og var eit spektakulært synt etter at det var blitt mørkt. Sjå video lenger nede.

Ruinane av ei kyrkje som står att berre med eine veggen. Det var mykje folk på ein vanleg kvardag, men nokre hadde nok framleis nyttårsferie etter den kinesiske kalendaren.



Overalt var det slike søte grisar, som minner om at Kina no har starta grisen sitt år. Japan bruker den samme 12-årskalendaren, men her i landet er grisen blitt til villsvin. Eg synest nok at grisen er søtare!

Her traff eg på ein annan europeisk misjonær, den italienske jesuitten Matteo Ricci. Han kom til Macao i 1582, før han etter nokre år reiste vidare inn i Kina. Han døydde der i 1610, og vart den første utlending som vart gravlagd i Beijing. Denne bronsestatua vart reist i Macao i 2010, til minne om at det var 400 år sidan han døydde.

Mange fine kyrkjer var opne for turistar. I denne kyrkja kunne vi gå langs veggane og følgje Jesus på vegen opp til Golgata.

Side om side med kyrkjene låg det også fleire tempel.

Dess større røykelsespinnar, dess betre.

Etter å ha gått lenge, var det godt med ein kaffipause, til og med for ein te-drikkar!

Og vi var klare for endå meir gåing. Istaden for å prøve å finne ein buss å kome tilbake til hotellkvartalet, prøvde vi å finne vegen til fots. Eg er imponert over Shoko sin retningssans! 

Her er eit par glimt frå spaserturen langs sjøen:



 
 Endeleg var vi tilbake til Grand Hotel. Sjølv om vi ikkje budde på hotellet, kunne vi gå opp i informasjonen i 2. etasje og få utdelt gratisbillett til bussen tilbake til båten.
 Eg er tilbake ved vogna, men denne er nok berre for dei kongelege.

Tilbake i Hongkong fekk vi også prøve ein tur med trikken istaden for å gå under jorda med metroen. Trygt heime på Panda Hotel hadde vi siste natta før avreise til Japan.

Onsdag 20. februar:
Farvel til pandafamilien og mange opplevingar både i Hongkong og Macao.


THE END

Sunday, March 3, 2019

Hongkong-øya utan personbilar

Hongkong består av fleire øyar, i tillegg til det som høyrer til fastlandet. Ein norsk misjonær hadde anbefalt å ta turen til ei lita øy som er favorittstaden for avslapping for misjonærane. Øya er fri for personbilar. Berre små lastebilar (moped med tilhengar-type), ein liten ambulansebil og ein liten brannbil såg vi.

Øya heiter Cheung Chau. Vi valde personferja, som tek 55 minutt. Hurtigbåt tek 35 minutt.
(Bilferje har dei av naturlege årsaker ikkje.)

Cheung Chau er ei lita øy på 2,46 km2, men har omlag 23.000 innbyggjarar. Til samanlikning så er Remøya på Sunnmøre 3,6 km2, men har berre 342 innbyggjarar (2012)!
Men det er nok meir biltrafikk på Remøya, ikkje minst på grunn av alle som køyrer gjennom på veg til Runde.
På Cheung Chau var det stort sett stille og fredeleg. På grunn av regnet var det heller ikkje så mykje folk ute og gjekk, men vi var ikkje dei einaste turistane.

Dersom det ikkje hadde regna, ville vi ha leigt syklar og sett oss meir rundt.

Om folk ikkje har bilar her, så har dei dess fleire båtar. I alle fargar. Nær kaia var der eit tempel der dei brende røykelse og truleg bad for folk som var ute på sjøen.

Medan vi rusla i dei smale gatene, kom det plutseleg ein liten ambulansebil forbi. Vi såg eit sjukehus på øya.

Hundetoalett hadde dei også.


Her bur det visst ikkje berre kinesarar. Eg stoppa opp og tok bilete av denne fine tyske postkassa. Rett etterpå kom ein mann ifrå andre sida av vegen. "Takk for at du tok bilete av postkassa mi, " sa han på engelsk. Det var tyskaren. Han budde i eit stort flott hus med port, og to vakthundar innanfor.

Vi var på leiting etter eit retreatsenter.
Her er vi på veg opp til Betania. 
Vi kom midt i lunsjpausen, så vi traff ikkje dei som jobbar der. Sjølve hadde vi hatt ein lang og sein frukost på ein kafé før vi reiste, så vi var ikkje svoltne endå.

Retreatsenteret hadde ein fin hage med mykje grønt og mykje blomster.
Og ein katt som verka glad for å få besøk.

"Ha det gøy med Gud", stod det på plakaten.

Eg forstår godt at misjonærane er glade i denne øya. Her er det stille og roleg, samanlikna med storbylivet i sentrum. Men det var første gong den japanske misjonæren var her. Truleg ikkje siste.


 Tilbake til storbyen. 



 Kontrastane er store. 

Måltid nummer tre denne dagen. Men vi var fire som delte på det, altså. Den fjerde var ei av dei kinesiske jentene vi traff i kyrkja dagen før. No var ho ferdig på jobb, og møtte oss på byen.

Her seier vi godnatt til dei to damene og finn vegen tilbake til hotellet denne kvelden, også. Måndag 18. februar.