Thursday, December 30, 2010

Siste juleselskap i 2010


Dagen starta med snø, og det skal det visst bli meir av, i følgje vêrmeldinga.

Japanarane rydda bort jula allereie 26. desember, som heiter 2. juledag i Norge. Men her hos utlendingen står julepynten framme enno. I dag hadde eg det siste juleselskapet for dette året.
Det var tenåringsgruppa frå kyrkja med nokre vaksne, pluss ein liten aktiv afrikanar som skulle ta og kjenne på det meste. Her er dei store og dei små gutane samla.


Jentene samla seg rundt varmebordet (kotatsu).


Dagens nøtt: Kven er dette? Eg hadde det artig i går med å finne fram bilete av ungdommane og elles folk i kyrkja, og skjere vekk såpass mykje av bileta at det kunne bli vanskeleg å kjenne igjen folk. Men at det skulle vere vanskeleg, hadde eg ikkje tenkt meg.


Yoshiya i midten drog ikkje eingong kjensel på seg sjølv...


- Dette må vere Tomomi!




Ein del av julepynten fekk litt hard medfart, men det var mest min eigen feil som ikkje hadde gøymt unna før toåringen kom på besøk.Men kva gjer det at ein engel står att utan hovud og vengjer når Joseph og dei andre ga uttrykk for at dei hadde hatt det kjekt, eller når Sakura, som var invitert av den kristne veninna si, seier ho har lyst til å kome i kyrkja?

Tuesday, December 28, 2010

Julefeiring i Matsue, Nima og Arashima

-Skal du feire norsk jul i år? stod det i ein e-post eg fekk ei stund før jul. Norsk jul, ja, kva er det? Er det å ete norsk mat, å syngje norske julesongar, eller å feire ilag med andre norske? Då kan eg kanskje svare "tja". Eg har heller feira internasjonal jul. På julaftan inviterte eg tre veninner, ei frå Jamaica, ei frå Kina og ei frå Sri Lanka. Og dei gjorde ære både på surkålet, kålrabistappa og riskremen.


F.v.: Nadine (Jamaica), Lin (Kina) og Sansfica (Sri Lanka) er klare for eit norsk festmåltid.


Riskrem fall også i smak.


- Men slik gjer vi ikkje i Kina...

Etter middagen var det om å gjere å få gjestane fort ut døra og inn i bilen for å rekke lysmessa i kyrkja. Etter gudstenesta var vi ut på caroling. Halve gruppa var utlendingar. Først var vi ut til nokre ikkje-kristne i nabolaget. Ein tilhøyrar hadde hatt Lars Jøssang til nabo, men det må vere nærare 60 år sidan.


På den tredje plassen vi var, hos ei av dei eldre medlemmene i kyrkja, fekk vi sleppe innanfor døra.


Nadine er godt kledd for ein kald julaftan med kald vind og sludd. Etter vi hadde vore i kyrkja og varma oss, køyrde eg dei andre heimatt. Undervegs vart vi stoppa fleire gonger på grunn av vegarbeid. Kven i Norge stiller opp på vegarbeid etter klokka 22 på julaftan? Her er denne kvelden som alle andre kveldar, men nokre av trafikkvaktene fekk denne kvelden ei spesiell helsing. Ein "engel" frå Jamaica rulla ned vindauget og ropte "God jul! Signe arbeidet!" på japansk for kvar plass vi vart omdirigerte. Hyrdingane på Betlehemsmarkene var også på jobb ein heilt vanleg kveld då dei fekk helsing ifrå sjølve himmelen. Det vart ein festleg tur heim frå kyrkja denne kvelden!

Nima 25. 12:

På julefesten i Nima kyrkje juledags kvelden var dei fleste frammøtte ikkje-kristne. Maekawa ifrå Izumo kyrkje heldt andakt, og eg deltok med musikk og song. Sist eg var her, talte eg for tre personar på gudstenesta, men denne kvelden var det omtrent fullt langs dei to langborda.


Engelskelevane til Kari Opperud stilte opp og song alle tre versa av "Silent night" på engelsk. I tillegg til dei som går i engelskklasser, var der også både born og vaksne ifrå nabolaget.

Arashima 26.12:

Vinteren er komen til oss, også, og damene har funne fram norske kufter for å halde varmen. Både Fru Naito og eg hadde samme Dale-merke, men sjå kva eg fann på ei av dei andre damene:

Strikkevarer frå Fiskarstranda! Vegen til Sunnmøre er ikkje alltid så lang.


På veg heim klarte eg å fange eit bilete av denne flotte fuglen.

Det var godt å vere heime att og puste ut etter ei tettpakka julefeiring, og no fekk eg også tid til å opne resten av julegåvene som hadde venta. Og denne hadde eg så nær kasta ilag med papiret...

Heldigvis kjende eg at det var noko hardt inni silkepapiret, så eg opna og fann denne fine pyntetingen, som ei veninne hadde kjøpt i Oberammergau i sommar. Dette viser kristendommen i eit nøtteskal, tenkte eg!

"Fra krybben til korset gikk veien for deg,
slik åpnet du porten til himlen for meg".


Denne strofa sit igjen ifrå sist eg feira norsk jul, ifrå preika til Kjell Steinbru i Ørskog kyrkje på julaftan i fjor, og utover våren tok han oppatt songstrofa fleire gonger i preikene sine.

Denne figuren ifrå Oberammergau vart ei sterk påminning for meg om kva det heile dreiar seg om, og eg har tema for neste preike eller andakt. Så mange kastar kristendommen bort med innpakningspapiret før dei har sett kva det dreiar seg om. Kristendom i eit nøtteskal: Jesus på korset, for dine og mine synder. Slik viste Gud sin kjærleik til oss.

På torsdag føremiddag skal eg ha tenåringsgruppa i kyrkja her hos meg. Eg har også invitert nokre ikkje-kristne, så eg er spent på om dei kjem. Då vil eg vise dei nøtteskalet.

- Sanninga har gjort meg fri!



Les om Kazuto Takagi sin veg frå Jehovas Vitne til Kristi vitne.
http://nlm.no/no/Utland/Japan/Articles/--Sanninga-har-gjort-meg-fri/

Thursday, December 23, 2010

Maria eller Kristus?

Eg måtte ut og kjøpe nytt kjøleskap på tirsdag, for eg oppdaga at det var varmegrader i fryseboksen, og det er ikkje så bra i lengda. Eg var første kunde den dagen, og ekspeditøren tok seg god tid. For å sjekke nummeret på mobiltelefonen som låg att heime, tok eg fram eit visittkort. Der såg han det stod "misjonær, Lutherske kyrkje". -Er det Maria eller Kristus som er viktigast i den lutherske kyrkja? spurde butikkmannen. - For den katolske kyrkja har vel Maria, la han til. Eg prøvde å forklare at Kristus også er viktig i den katolske kyrkja, men meinte at Kristus er meir sentral i vår kyrkje. - I den lutherske kyrkja har vi Kristus i sentrum! forkynte eg.

Medan eg ventar på at nytt kjøleskap skal bli levert på julaftan ettermiddag, har eg fått plassert frysevarene mine hos naboen under meg, og maten i kjøleskapet har eg flytta opp i den kjølegare fryseboksen, som ikkje frys lenger. Som takk for hjelpa inviterte eg naboen på heimelaga småkaker den ettermiddagen. Eit gammalt og utbrukt kjøleskap kan altså gi muligheiter til å treffe folk og snakke om innhaldet i jula!

I dag har keisaren feira fødselsdagen sin, og omlag 2600 menneske møtte opp utanfor slottet for å gratulere han med dagen. Dette er også einaste fridagen i den japanske jula, så mange kyrkjer nyttar lillejulaftan til lysmesse eller julefest. Eg har vore på eit privat juleselskap i dag.

Eit kristent par i Izumo leigde eit tømmerhus i sveitsisk stil og arrangerte julefest der for nokre av sine ikkje-kristne venner. Eg hadde andakt. Mayumi var med meg frå Matsue.


Frå i morgon til søndag har eg fullt opp, så eg tenkte at skal det bli ei julehelsing, må det bli i kveld. På føremiddagen må eg gjere ferdig preika til søndag, og deretter førebu meg til dei andre julearrangementa eg skal vere med på før den tid. Eg har invitert nokre ikkje-japanske veninner til middag, og så går vi i kyrkja om kvelden på lysmesse og caroling. Laurdag morgon, det er visst 1. juledag, ja, tek eg toget til Nima på norsk lunsj hos Kari Opperud, og så skal eg hjelpe til med julefesten om kvelden. Eg overnattar der og tek toget direkte til Arashima søndag morgon for å preike der. Så er jula slutt for japanarane, men eg skal heim til meg sjølv og ta det roleg nokre dagar. Til dømes har eg tenkt å lese juleposten som har samla seg opp i innboksen min, og eg har lånt mange bøker som eg trur eg skal få tid til å kose meg med. Og så får eg sjå om nokon har tid til å kome på besøk.

Men no skal eg ikkje trøytte deg med alt eg skal gjere. Du får heller kike på bloggen når eg har fått nokre bilete ifrå jula.
Då vil eg berre ønskje deg ei riktig god jul og eit godt nyttår!

Sunday, December 19, 2010

Naboar

Går det an å bu berre éin etasje ifrå kvarandre, og ikkje ha sett kvarandre før etter nærare fire månader? Jau, det går visst godt an. Sjølv om her er berre to etasjar og 10 leiligheiter, har eg enno ikkje oversikt over kven som bur bak dei andre dørene.
Men sist fredag vart eg kjend med to av dei. Ei mor og ei dotter.


Som eg skreiv i forrige blogginnlegg, hadde eg gått rundt og invitert heimeverande naboar til å vere med på juleavslutninga for den engelske bibelklassa eg skulle ha fredag føremiddag. Ho som hadde spurt "Får eg lov til å komme?", ho kom, også, og det verka som om ho likte seg. Det er ho som sit nærast juletreet. Ho sa ho også har lyst å vere med seinare. Og så har ho ei dotter som går andre året på vidaregåande, som gjerne vil lære meir engelsk. Då eg fortalde at eg har Bible Club kvar fredag kveld, verka mora veldig interessert, og ho ville snakke med dottera når ho kom heim frå skulen.


Julebaksten min var populær. Denne lille jenta likte spesielt krumkaker med krem.


Til ungdommane som skulle kome om kvelden, pynta eg også ei lita bløtkake. Skal tru kor mange denne skal delast på? Her til lands tel ein personane, og så skjer ein opp kaka i like mange stykke. Difor er det ikkje lurt å ha for stor kake, heller...


Her er brillegjengen samla. (Foto: Ryoko Fujimoto, den einaste utan briller som var komen på dette tidspunktet.)



Då vi var ferdige med middagen, kom Erika ilag med mor si. Begge var med på bibelstudiet, men mora gjekk heimatt før vi byrja på kakene. 17-åringen såg ut til å trivast ilag med universitetsstudentane, og ho seier ho har lyst til å komme igjen. Men ho hadde altså ikkje sett meg før, og eg hadde heller ikkje sett henne før denne dagen. Kanskje eg skulle passe på å gå litt oftare ned og opp trappa, så naboane får ein sjanse til å sjå at det bur ein utlending her?


Det vart ni personar å dele kaka på denne kvelden. (Foto: Bak Seong-mo)

Laurdag hadde eg også bibelstudium. Mayumi og Reiko jobbar, så det er vanskeleg å rekke Bible Club på fredagane. I staden kjem dei nokre laurdagar i månaden. Etter lunsj og bibelstudium hjelpte dei meg å bake resten av julemanndeiga eg ikkje hadde fått tid til før. Og dei såg ut til å kose seg.



Wednesday, December 15, 2010

Lovsongsmøte og konsert

Det er så mykje som skjer at eg rekk ikkje å skrive om alt. Sist helg var ganske intens, med ansvar for lovsongsmøte på laurdag ettermiddag og samtidig førebu for gjestane som skulle kome på besøk. Og så ein langdag i Izumo kyrkje på søndag.


Laurdag var øvingsdagen for "Youth Gospel Club", men sidan vi fekk mange gjestar, vart det lagt opp til lovsongssamling med minikonsert. Ekteparet Yumi og Hideki Ui har vore misjonærar i 10 år i eit land som ikkje er ope for vanleg misjon, og no reiser dei rundt i landet og fortel frå arbeidet sitt og har konsert. Vi var så heldige å ha dei i Matsue-Izumo-området denne helga.


Dei to andre gjestane er ikkje eit ektepar enno, men dei har konkrete planar om å bli det. Fleire av dykk vil truleg dra kjensel på denne karen, som har vore to gonger i Norge. Første gong han var i Norge, sommaren 2002, møtte han Jesus, og andre gong, i mars 2010, ønska han å møte att dei som la til rette for at han fekk møte Jesus. Han heiter Naoto Hashimoto, og er ifrå Osaka. No kom han til Matsue for å presentere forloveden sin for meg. Ho heiter Hiroko Nozaki og er utdanna fiolinist.


Fru Aoki var søndagsskulelæraren til Naoto då han var liten, og ho strålte av glede over at arbeidet har gitt resultat.


Hiroko og Naoto bur langt frå kvarandre, og det er ikkje så ofte dei har tid til å møtest. Etter lovsongsmøtet brukte dei nokre timar i kyrkja til å øve til barnejulefesten i Izumo søndag, der dei skulle delta. Om sider vart middagen ferdig. Begge to sette pris på Toro's viltgryte med bakte poteter og tyttebærsylte. Det vart ingen restar av 4-porsjonspakken...


Dei to forlova seg i oktober. På armbanda har dei inngravert ei bibelhenvisning: Eccl 4:12, der det står:
"Om nokon vinn over den som er åleine, vil to kunna stå seg mot han. Ein tretvinna tråd slitnar ikkje så snart." Forkynnaren 4,12

Eg kan nemne at bryllupsdagen er sett til 26. mars, om nokon vil sende dei gratulasjonar.

Søndag ettermiddag var det barnefest i Izumo kyrkje. Mange sat med store auge og høyrde på dei to ungdommane som spela og song, og enkelte let seg rive med. Sjå video!

Children's Christmas in Izumo from Inger Valbø on Vimeo.




Levande flanellograf, med heile juleevangeliet på magen! Engelen Gabriel kunne visst melodien på Händels "Halleluja" allereie på den tida.

Hiroko og Naoto måtte reise før julefesten var slutt, men dagen var ikkje slutt i Izumo. Etter å ha fått kveldsmat ilag med prestefamilien Maekawa og ekteparet Ui, var det tid for kveldsgudsteneste. Det vil seie, denne kvelden vart det ikkje vanleg gudsteneste, men konsert. Her er eit lite glimt med Yumi og Hideki Ui:

Sax concert in Izumo church from Inger Valbø on Vimeo.

HARERUYA!


På eit språk utan bokstaven "L" i alfabetet blir ikkje uttalen av "halleluja" akkurat som på norsk eller engelsk, men "hareruya" kling også bra. Det er godt over ei veke sidan laurdag 4. desember, då vi song jula inn på konserten som vart arrangert på tvers av alle ulike kyrkjesamfunn i byen. Frå vår lutherske kyrkje var vi tre (!) som var med i koret, og så mange har det ikkje vore på fleire år.

Biletet ovanfor viser ikkje koret, men publikum, som også fekk vere med på fleire kjende julesongar. Det var ei spesiell oppleving å stå på scena med koret i ryggen og dirigere forsamlinga.


Det var 8. året på rad at denne julekonserten var halden, men fleire av dei frammøtte var der for første gong.


Pastor Ameya frå Matsue Higashi Alliance Church heldt andakt.


Denne tilreisande gjestesongaren hugsar eg ikkje namnet på. Eg synest han prata meir enn han spela og song, men for dei som ikkje sat med nervar for det komande "halleluja-koret", var det sikkert både oppbyggjeleg og underhaldande... Eg derimot klarte ikkje heilt å konsentrere meg.


Så var det andre og avsluttande avdeling med koret. Händels Hallelujakor skulle få setje punktum, eller utropsteikn, for konserten. Kongen over kongane, Herren over herrane skal lovsyngjast over heile jorda, og lovsongen skal halde fram i himmelen. Måtte det bli eit kjempekor, også med mange japanarar. Og der skal ingen tenor streve med å nå opp på høgste tonen, og ingen bass skal streve med å halde rytmen. Og der trengst det kanskje heller ingen dirigent.


Takk til deg som var med og bad om at det måtte gå bra med koret og at Gud skulle få æra. Berre to dagar før låg eg på sofaen med dårleg mage og feber, men magen roa seg etter kvart, og den dagen konserten skulle vere, vakna eg feberfri og har vore frisk sidan.


Nokre dagar før konserten hadde eg gått rundt til naboane i blokka og delt ut innbyding. Ei av dei (nr. 2 frå venstre) sa at ho allereie hadde blitt invitert av ei veninne, som står heilt til høgre på biletet. Ho som står til venstre for meg, er ei tredje veninne dei hadde fått med seg. Ho er ei tidlegare barnehagemor frå Oda, som Else Marie Ledal introduserte for meg for fleire år sidan. No møttest vi igjen her. Det er rart korleis ting heng saman. Vi ser at personleg kontakt er viktig.

I dag har eg gått rundt og invitert naboane til juleselskap for den engelske bibelklassa på fredag. Av svara eg fekk, var det alt ifrå "Får eg lov til å kome?" til "Eg har tid, men eg er ikkje interessert." Så får vi sjå kor mange som vågar å ringje på døra mi på fredag føremiddag...

Monday, December 13, 2010

Ein by i lys


På bytur etter styremøte i Kobe tirsdag 7. desember. F.v. Johanna Tervonen, Ingebjørg Hildre og Kirsti Strand.

Omgitt av lys på alle kantar og med korsong over høgtalarane, blir vi dirigerte av vakter og politi gjennom lysgata. "Det er ikkje lov å stoppe opp for å ta bilete", seier dei, så eg prøver å halde flyten, men folkestimen er ikkje så tett denne kvelden, så det går an å stoppe litt opp. Det er lov å ta bilete, men helst i fart. Og då er vel levande bilete beste løysinga.

Walking in the Light 2 from Inger Valbø on Vimeo.




Foto: Ingebjørg Hildre

Kobe Luminarie er ein lysfest som er blitt halden kvart år i desember sidan 1995, til minne om det store Hanshin-jordskjelvet 17. januar samme året. Det betyr at det i år er 16. gong Luminarie er sett opp.
Lysa vart gitt av den italienske regjeringa, og installasjonen er produsert av Valerio Festi og Hrokazu Imaoka. Lysa blir sette opp for eit par veker og blir slått på nokre få timar kvar kveld i eit par veker i desember.

Kvart einaste lys er farga for hand. Kvart år kjem mellom tre til fem millionar for å sjå på Luminariet, og i år var eg ein av dei.

Walking in the Light 4 from Inger Valbø on Vimeo.



Skal tru korleis det blir å gå gjennom den himmelske stad? Då blir Luminarie berre ein skugge. Men kor mange av dei millionane som har gått gjennom Luminarie dette året får bli med inn i den himmelske stad?

Sunday, December 5, 2010

- Dette har eg lengta etter i over to år!


Det er Sansfica frå Sri Lanka som seier dette etter å ha vore med på engelsk-japansk bibelstudium på Bible Club. Ho har fullført ein mastergrad og har byrja på doktorgrad i geologi. Eigentleg ville ho ikkje til Japan, men det var professoren hennar som sende henne.
- Gud, kva vil du med meg her i Japan, har ho ofte spurt. No har ho endeleg funne medkristne, - og ikkje-kristne frå fleire nasjonar som ho kan lese Bibelen ilag med.

Og så kan ho få bruke interessa for mat i teneste for Jesus. Ho svarte med glede ja med ein gong eg spurde henne om å lage middag til Bible Club.


- Det er forresten fødselsdagen min i dag, fortalde ho beskjedent etter at alle hadde ete seg mette. Og ho synest det var ein kjempefin måte å feire sin eigen fødselsdag den 3. desember! Det er ikkje meir enn ei veke sidan eg traff Sansfica. Det var på det internasjonalt "prateparty" forrige søndag kveld. Eg var kanskje litt for trøytt til å gå dit, men eg er glad eg gjekk likevel.

På onsdag var vi også med på bibelstudium på universitetet. Sansfica var ikkje klar over at der var ei slik gruppe, så ho var veldig glad for å oppdage det. I Sri Lanka var ho sjølv med som leiar i ein aktiv studentorganisasjon som heiter FOCUS (Fellowship of Christian University Students). Det skal bli kjekt å bli betre kjend med denne unge dama.


Dagspressa var også til stades på Bible Club, ser vi...


Wei frå Kina introduserte ein kamerat som ho jobbar ilag med. Yuuki er interessert både i å lære engelsk og Bibelen, så han meiner han kan slå to fluger i éin smekk, eller som dei seier på japansk: Treffe to fuglar med éin stein. Artig at ikkje-kristne inviterer med seg andre ikkje-kristne!


Carmella og Scott lever eit hektisk liv, men dei prioriterer Bible Club ilag med studentane så sant dei har tid.


8 personar og 6 nasjonalitetar er ikkje verst! F.v. Scott (USA), Bak (Korea), eg (Norge), Carmella (USA), Sansfica (Sri Lanka), Tomohito (Japan), Yuuki (Japan) og Wei (Kina). Foto: Scott Menking

Vi hadde ein god samtale utifrå teksten om Paulus i Aten, Apg 17. Gud er Herre over himmel og jord, og han byd at alle, kvar dei så er, skal vende om, for han har fastsett ein dag då Jesus skal dømme verda med rettferd. Det var også godt å minne ungdommane på at Gud sende ikkje Son sin til verda for å dømme verda, men han vil frelse oss frå dommen, så sant vi tek imot han som frelsar.

Tomohito hadde lovd å komme i kyrkja i dag. Han har vore med Carmella og Scott i deira kyrkje to gonger før. I dag medan eg åt frukost, sende eg ei melding til kameraten hans, Shinsei, som no er i Kyoto, og fortalde at Tomohito ville kome til kyrkje i dag, og oppfordra han til å be. Dagens store overrasking skjer då eg sit i kyrkja og har tatt opp plass til Tomohito. Døra opnar seg, og der står Shinsei! Hææ? Frå Kyoto? Det er ikkje gjort på eit par timar? Nei, han hadde kome til Matsue i går, og då han fekk meldinga frå meg, bestemte han seg for å kome i den luterske kyrkja i staden for å gå i Nazaren-kyrkja... Og her er vi altså alle tre: Det var eg som fekk med Shinsei på Bible Club, og så fekk Shinsei med seg Tomohito, som er ein av dei ivrigaste i klubben no.

Shinsei til venstre. Han hadde eg ikkje sett sidan 3. mars, og det var på Sjøholt, etter at han og to venner hadde vore på Sunnmøre eit par dagar...

Når det gjeld julekonserten i går, får eg kome tilbake til den når eg får tak i meir bilete. Men eg kan berre forsikre deg om at vi kom ganske heilskinna gjennom "Halleluja-koret", sjølv om det heilt sikkert kunne ha gått betre. Nokre mannfolk fekk litt hastverk med å bli ferdig med 16-delane og 8-delane mot slutten, men eg trur eg klarte å samle trådane til det siste mektige "halleluja", som også sette punktum for konserten.