Wednesday, December 15, 2010

HARERUYA!


På eit språk utan bokstaven "L" i alfabetet blir ikkje uttalen av "halleluja" akkurat som på norsk eller engelsk, men "hareruya" kling også bra. Det er godt over ei veke sidan laurdag 4. desember, då vi song jula inn på konserten som vart arrangert på tvers av alle ulike kyrkjesamfunn i byen. Frå vår lutherske kyrkje var vi tre (!) som var med i koret, og så mange har det ikkje vore på fleire år.

Biletet ovanfor viser ikkje koret, men publikum, som også fekk vere med på fleire kjende julesongar. Det var ei spesiell oppleving å stå på scena med koret i ryggen og dirigere forsamlinga.


Det var 8. året på rad at denne julekonserten var halden, men fleire av dei frammøtte var der for første gong.


Pastor Ameya frå Matsue Higashi Alliance Church heldt andakt.


Denne tilreisande gjestesongaren hugsar eg ikkje namnet på. Eg synest han prata meir enn han spela og song, men for dei som ikkje sat med nervar for det komande "halleluja-koret", var det sikkert både oppbyggjeleg og underhaldande... Eg derimot klarte ikkje heilt å konsentrere meg.


Så var det andre og avsluttande avdeling med koret. Händels Hallelujakor skulle få setje punktum, eller utropsteikn, for konserten. Kongen over kongane, Herren over herrane skal lovsyngjast over heile jorda, og lovsongen skal halde fram i himmelen. Måtte det bli eit kjempekor, også med mange japanarar. Og der skal ingen tenor streve med å nå opp på høgste tonen, og ingen bass skal streve med å halde rytmen. Og der trengst det kanskje heller ingen dirigent.


Takk til deg som var med og bad om at det måtte gå bra med koret og at Gud skulle få æra. Berre to dagar før låg eg på sofaen med dårleg mage og feber, men magen roa seg etter kvart, og den dagen konserten skulle vere, vakna eg feberfri og har vore frisk sidan.


Nokre dagar før konserten hadde eg gått rundt til naboane i blokka og delt ut innbyding. Ei av dei (nr. 2 frå venstre) sa at ho allereie hadde blitt invitert av ei veninne, som står heilt til høgre på biletet. Ho som står til venstre for meg, er ei tredje veninne dei hadde fått med seg. Ho er ei tidlegare barnehagemor frå Oda, som Else Marie Ledal introduserte for meg for fleire år sidan. No møttest vi igjen her. Det er rart korleis ting heng saman. Vi ser at personleg kontakt er viktig.

I dag har eg gått rundt og invitert naboane til juleselskap for den engelske bibelklassa på fredag. Av svara eg fekk, var det alt ifrå "Får eg lov til å kome?" til "Eg har tid, men eg er ikkje interessert." Så får vi sjå kor mange som vågar å ringje på døra mi på fredag føremiddag...

No comments:

Post a Comment