Sunday, December 19, 2010

Naboar

Går det an å bu berre éin etasje ifrå kvarandre, og ikkje ha sett kvarandre før etter nærare fire månader? Jau, det går visst godt an. Sjølv om her er berre to etasjar og 10 leiligheiter, har eg enno ikkje oversikt over kven som bur bak dei andre dørene.
Men sist fredag vart eg kjend med to av dei. Ei mor og ei dotter.


Som eg skreiv i forrige blogginnlegg, hadde eg gått rundt og invitert heimeverande naboar til å vere med på juleavslutninga for den engelske bibelklassa eg skulle ha fredag føremiddag. Ho som hadde spurt "Får eg lov til å komme?", ho kom, også, og det verka som om ho likte seg. Det er ho som sit nærast juletreet. Ho sa ho også har lyst å vere med seinare. Og så har ho ei dotter som går andre året på vidaregåande, som gjerne vil lære meir engelsk. Då eg fortalde at eg har Bible Club kvar fredag kveld, verka mora veldig interessert, og ho ville snakke med dottera når ho kom heim frå skulen.


Julebaksten min var populær. Denne lille jenta likte spesielt krumkaker med krem.


Til ungdommane som skulle kome om kvelden, pynta eg også ei lita bløtkake. Skal tru kor mange denne skal delast på? Her til lands tel ein personane, og så skjer ein opp kaka i like mange stykke. Difor er det ikkje lurt å ha for stor kake, heller...


Her er brillegjengen samla. (Foto: Ryoko Fujimoto, den einaste utan briller som var komen på dette tidspunktet.)



Då vi var ferdige med middagen, kom Erika ilag med mor si. Begge var med på bibelstudiet, men mora gjekk heimatt før vi byrja på kakene. 17-åringen såg ut til å trivast ilag med universitetsstudentane, og ho seier ho har lyst til å komme igjen. Men ho hadde altså ikkje sett meg før, og eg hadde heller ikkje sett henne før denne dagen. Kanskje eg skulle passe på å gå litt oftare ned og opp trappa, så naboane får ein sjanse til å sjå at det bur ein utlending her?


Det vart ni personar å dele kaka på denne kvelden. (Foto: Bak Seong-mo)

Laurdag hadde eg også bibelstudium. Mayumi og Reiko jobbar, så det er vanskeleg å rekke Bible Club på fredagane. I staden kjem dei nokre laurdagar i månaden. Etter lunsj og bibelstudium hjelpte dei meg å bake resten av julemanndeiga eg ikkje hadde fått tid til før. Og dei såg ut til å kose seg.



No comments:

Post a Comment