Thursday, August 31, 2017

Tilbake i Matsue

Dette var det som møtte meg då eg kom inn døra til meg sjølv i går kveld, etter å ha vore borte i vel 1 år og 2 månader. Jennifer hadde allereie flytta ut, men ho hadde pynta med blomster til meg!

Sist eg skreiv, sat eg i Amsterdam og hadde god tid. Eg landa trygt i Osaka etter planen, og eg vart henta av Leifur Sigurdsson. Eg er glad det ikkje var eg som skulle køyre.


 På Rokko Island fekk eg te og etterpå også lunsj hos familien Sigurdsson.


Dei viste meg også korleis eg kunne bruke den norske mobilen min på trådlaust nettverk, og dermed kunne eg publisere dette biletet på Facebook ganske fort. Som alltid ligg eg ganske på etterskot med bloggen. Ikkje så gale denne gongen, kanskje.

Takk til alle dykk som har vore med og sendt meg ut denne gongen, også! Alt ifrå baking til utreisefesten til køyring hit og dit. De som var med på festen på Sjøholt bedehus 20. august, har vel venta på å få sjå dykk sjølve. Takk til alle som stilte opp, både frå bygda og lenger ifrå.


Nokre var så heldige at dei fekk vere med to gonger!

 Det var mange Japan-misjonærar på festen, både noverande og tidlegare. Her er vi fire frå Sunnmøre.

27. august var det misjonsfest på Misjonssalen i Ålesund. Takk til alle eg fekk møte der, også! Gunnar Indrebø, som leia møtet og intervjua meg, oppmoda folk i salen om å ta fram mobilen og sende meg venneforespørsel på Facebook. Då eg sette meg, hadde eg allereie fått omlag 30 forespørslar, som eg svarte på etterpå. Så vennelista er blitt lengre, og truleg også lista over folk som ber for meg. Gunnar oppfordra også folk til å be ekstra for Japan når dei har ris til middag!

Så gjer eg eit stort hopp, frå Sunnmøre til Kobe og Osaka. På ettermiddagen tirsdag slappa eg av i ei tom leiligheit i Aotani (senteret for NLM og kyrkja), før eg tok toget til Osaka for å treffe venner der.
(Parantes: Eg har nettopp tatt knekken på den første kakkerlakken, som våga seg ned på skrivepulten min. Denne var liten, og ikkje så vanskeleg å få tak i...)

 
I Osaka var eg ute og åt middag med ei veninne. Eg bestilte ein av favorittane mine: Tempura.


Samanlikna med det første biletet frå tidlegare på dagen, ser eg uforskamma opplagd ut.

Etter middagen var eg på besøk til ei anna veninne. Japansken kjem etterkvart. Yoko og eg avslutta dagen med å dele ord frå Bibelen og be ilag. Det var lenge sidan eg hadde bedt på japansk, men eg trur ikkje det gjekk så aller verst. Gud forstod det nok, iallfall!



Tilbake i den tomme leiligheita i Kobe sov eg veldig godt den første kvelden. Då eg vakna langt utpå føremiddagen, var eg ganske utkvild. 
Siste avtale hadde eg eit par timar på ettermiddagen før eg skulle gå på bussen til Matsue. Rett nedanfor bibelskulen på Aotani bur eit ektepar som eg har hatt som venner i over 24 år, allereie. 
Dei første åra eg kjende dette ekteparet, var dei ikkje kristne, så det er litt rart å sitje no og høyre dei snakke om livet med Jesus og om deira plass i kyrkjelyden, og dei ser tilbake med takk på korleis Gud førte dei i kontakt med unge misjonærar frå Finland og Norge på starten av 90-talet. 

Bussturen tok 4 timar og 5 minutt, og ei veninne henta meg på stasjonen og køyrde meg "heim". Det var litt rart å komme inn døra der eg tidlegare har budd i 6 år. Eg treng litt tid til å finne fram ifrå skapa alt eg hadde pakka vekk, men eg treng ikkje gjere alt på ein dag. 
I går kveld fekk eg melding frå Jennifer om at ho hadde kjøpt sykkel til meg, for den gamle var så dårleg. Idag fekk eg sjå begge syklane i dagslys, og då såg eg at den gamle sykkelen var ganske tilgrodd, ja... Den "nye" er kjøpt brukt, men er likevel i mykje betre stand. 


Så no kjem eg meg iallfall fram, også før eg får kjøpt meg bil. Sjølv om eg nok kjem til å sakne den gode sykkelen eg hadde i Norge... 

I morgon er det første Bible Club for meg på over eit år. Carmella bestiller pizza, så denne veka slepp eg å lage mat til dei. Men frå neste veke blir det nok meir koking. Enkle oppskrifter på gode gryterettar blir mottatt med takk!





Monday, August 28, 2017

Dåp i Japanhavet


Arbeidet blant studentane har ikkje stått stille medan eg har vore i Norge. Bible Club har hatt samling stort sett kvar fredag sommar som vinter, og fleire av ungdommane har gått i kyrkje på søndagane. Og i løpet av sommaren er to av jentene blitt døypte; den eine i innsjøen, og den andre i Japan-havet. Ingen av dei vart innlemma i vår lutherske kyrkje, men Guds rike er heldigvis større.

Narumi var ei av dei to jentene som har blitt døypt i sommar. 30. juli var ho endeleg klar. Då var det nesten gått to år sidan ho tok imot Jesus som frelsar, men foreldra ville at ho skulle vente til ho var ferdig med utdanninga før ho vart døypt. Først hadde dei sagt at dei ikkje ville kome til dåpen, men dei var der likevel!

Rett etter dåpen sende Narumi vitnemålet sitt på japansk til meg, og eg starta omsetjinga, men i all flyttinga og avskjedar vart det liggande. Her på flyplassen i Amsterdam har eg ikkje så mykje anna å gjere medan eg ventar på neste fly, så no er det endeleg klart.

Mange var samla på stranda denne søndagsmorgonen, - kristne frå forskjellige kyrkjer i byen, men også ikkje-kristne venner, som var nysgjerrige på kva dåp er for noko.

Her kan du til og med sjå og høyre stemninga på video:

https://www.youtube.com/watch?v=_BsjS7ebJwI&feature=youtu.be





Tilbake i kyrkja var det gudsteneste med påfølgjande fest, der Narumi delte vitnemålet sitt, som ho les opp frå mobilen sin.


 Her er min norske versjon av vitnemålet til Narumi:



"For to år sidan, den 11. august 2015, kom eg til tru på Jesus som Gud, og eg bestemte meg for at eg frå den dagen ville leve etter det som står i Bibelen.

Det betyr ikkje at eg var ulukkeleg før den dagen. Eg hadde eit godt forhold til familien, hadde venner, og gjorde det også ganske bra på skulen. Likevel kjende eg kvar dag på ei slags uro. I undervisninga var eg veldig redd for å svare feil, og eg var redd at vennene ikkje likte meg. Eg hadde få venner som eg kunne vere meg sjølv ilag med. Som ein reaksjon på det, tok eg det ut når eg kom heim, og utan å vite det, har eg kanskje påført familien vonde kjensler og sår.
Dette var meg, men då eg kom inn på universitetet, vart eg med på eit studieopphald i Florida, som vart arrangert av Shimane universitet. Det var min første utanlandstur.

Dette var ein tur som Scott, Carmella og fru Kataoka (lærarar ved universitetet) la til rette for, og både dei, vertsfamiliane og studentane ved Florida universitet som vi møtte, trudde alle på Jesus.

Særleg vart eg overraska over at studentar på min eigen alder trudde at verda er skapt av Gud. I løpet av turen vart eg i dårleg form og bilsjuk. Og eg tok til tårene fordi eg var nok den av dei japanske studentane som var mest til bry. Men også i denne situasjonen var folk rundt meg vennlege og sa: «Det går bra!» eller «Vi ber om at du skal bli frisk igjen». «Korleis kan menneske bli så vennlege?», undrast eg. Under studieturen var der også samlingar der vi kunne lese i Bibelen ilag, men eg deltok berre éin gong. Dei andre studentane syntest det var vanskeleg å forstå, men eg hadde nettopp fått forklart dei samme versa heime hos vertsfamilien min, så eg kunne forstå det då eg las Bibelen ilag med dei andre. Då fekk eg lyst til å lære meir frå Bibelen.

Då eg kom tilbake til Japan, vart eg med i Bible Club, der vi lærte om Bibelen. I starten var eg veldig nervøs, og når eg vart spurt, svarte eg halvvegs på intuisjon. Etter at bibelstudiet var slutt, var det ein som sa overraska: «Og eg som trudde du hadde studert Bibelen!» Det gjorde meg litt stolt. Sjølv om eg aldri hadde truffe dei fleste som var på Bible Club før, var vi som ein familie, der eg kunne prate avslappa. På grunn av den gode atmosfæren var eg med på Bible Club fleire gonger.

Ein dag sa ei veninne til meg: «Du har forandra deg etter at du var i Florida. Du er blitt lettare til sinns.» Då oppdaga eg det sjølv, også. Når eg tenkte tilbake, såg eg at den uroa eg kjende på tidlegare, var blitt mindre, og eg la merke til at eg kunne le oftare enn før.
Etter kvart vart det nesten vanskeleg å vente til neste Bible Club, og eg byrja å tenkje på at kanskje det var bibelstudiet som var grunnen til at eg hadde blitt forandra.

På den tida var eg ein tur til det store shintotemplet i Izumo ilag med foreldra mine. Eg stod og tilbad ilag med mor mi. Eg kasta inn pengar og slo saman hendene for å be til de japanske guden, men denne gongen kjende eg noko eg aldri har opplevd før. Det var som om noko stakk meg i hjarta, og eg tenkte tvilande: «Er det verkeleg rett å be til denne guden?», så eg klarte ikkje å be frå hjarta.

Nokre dagar etter fekk eg tilsendt ei PDF-fil ifrå Carmella, der det stod om kva dei kristne trur og korleis ein skal leve. Der var fleire ting eg ikkje forstod, så eg stakk innom på kontoret hennar. Etter at eg hadde fått svar på spørsmåla mine, tenkte eg: «Sjølv om eg ikkje tvilar på det som står på dette arket, kvifor trur eg likevel ikkje?» Der og då trudde eg at Jesus er Gud, at eg hittil hadde levd med ryggen mot Gud, men at Jesus hadde gitt livet sitt på korset for ein slik som meg. Eg trudde også at dette gjorde han for at eg skulle få leve ilag med Gud og for at eg skal kunne ha eit personleg forhold til Jesus, og at han til og med vil tilgi om eg kjem til å vende meg bort frå han heretter. Alt dette bekjente eg i bøn til Gud. Då kjende eg som om hjartedøra vart opna. Det var ei glede som eg aldri hadde opplevd før. «Det er Gud som har kome inn i hjarta ditt,» forklarte Carmella. Det var ei heilag stund for meg, og tårene rann.

Nokre timar seinare møtte eg ei anna som trur på Jesus. Til vanleg jobbar ho, men akkurat dette tok ho vidareutdanning ved universitetet. Då eg fortalde henne at eg hadde tatt imot Jesus, vart ho veldig glad. Og dagen etter starta vi å lese Bibelen ilag over internett. Dersom denne personen hadde vore ute i jobb og ikkje vore student, hadde vi nok ikkje ha starta bibelstudium ilag. Det har vore ei veldig stor hjelp å kunne lese Bibelen ilag kvar dag på denne måten. Dette var verkeleg Guds gode «timing»!

Dagen etter at eg tok imot Jesus, måtte eg reise heim, for bestemor mi var død. Det fekk eg vite før eg bestemte meg for å tru på Jesus. Det skulle vere buddhistisk gravferd, og eg hadde endå ikkje fått fortalt familien min at eg trudde på Jesus, så eg var uroleg og hadde ikkje lyst til å delta i den buddhistiske seremonien. Eg var på rommet mitt og bad og gret, for viss eg skjulte for familien min at eg var komen til tru, måtte eg vere med på noko eg ikkje hadde lyst til, men eg var nervøs for å fortelje dei at eg hadde tatt imot Jesus. Medan eg bad, svarte Gud: «No er den rette tid!» Først tenkte eg: «Ja, men bestemor mi er nettopp død, og foreldra mine er trøytte og sorgfulle.» Men etter nokre minutt bestemte eg meg. Eg var nervøs, men gjekk til foreldra mine og fortalde at eg trudde på Jesus. Mor mi vart veldig overraska, så eg tenkte at det hadde vore best om eg ikkje hadde fortalt det, men far min sa: «Eg veit at kristendommen er inga dårleg lære, så det er vel greitt at ho trur?» Då mor mi høyrde det, gjekk ho med på det. Eg takkar Gud for at foreldra mine ikkje nekta meg å tru, og fordi Han viste meg den rette tid. 

Når eg tenkjer på det no, ser eg at det som såg ut som eit samanfall av tilfeldige hendingar, førte til den eg er i dag. Dersom eg ikkje hadde reist heimatt.., dersom eg ikkje hadde reist til Florida..., dersom eg ikkje hadde kome inn ved Shimane universitet.... Alt kan sjå ut som tilfeldigheiter, men eg er sikker på at Gud heile tida arbeidde i bakgrunnen for at eg skulle kome til tru på Jesus. (dersom her er nokon som ikkje trur på Gud, så prøv å tenkje at alt dette kanskje ikkje skjedde tilfeldig.) Likevel, det betyr ikkje at Gud har styrt meg som ein robot og tvinga meg, for Gud elskar oss som sine barn. Han har gitt oss fridom til å tru at Jesus er Gud, og til å velje å leve livet ilag med Jesus. Eg har valdt å tru på Jesus og gå på hans veg. Kva vil du velje? Uansett kva vil vel, elskar Gud oss veldig høgt. Eg ønskjer at de alle kan få ta imot Guds store kjærleik."



Gratulerer, Narumi, og Gud velsigne deg!

Om fire dagar møter eg henne kanskje att. Sidan ho har fått seg jobb i Matsue, kan ho framleis komme på Bible Club når ho er ferdig på jobb!


(Alle foto og video: Scott Menking)