Tuesday, October 23, 2012

- Kvar er du ifrå?

Det dukkar stadig opp nye ansikt denne hausten. Sist fredag spurde studentane etter atlas. Dei måtte finne ut kvar dei andre kom ifrå. For første gong har vi hatt bibeltekstar også på portugisisk og indonesisk. Denne kvelden hadde vi i tillegg japansk, engelsk, kinesisk og koreansk.
Ei kinesisk jente som var her for første gong to veker tidlegare, sende meg ei melding dagen før Bible club: "Eg vil ta med ei kinesisk jente og ein student frå Brasil. Er det greitt?"
Det viste seg at studenten ifrå Brasil var ein kristen, med bakgrunn i baptistkyrkja. Men han hadde enno ikkje funne noko kyrkje i Matsue. Så han var så glad for å komme hit og å treffe andre kristne studentar, som inviterte han med til kyrkje.

Ein norsk atlas kom godt med når studentane skulle prøve å plassere kvarandre.

Denne kvelden var det fire kinesiske ungdommar her. Ei av dei for første gong.

Ei kristen jente frå Indonesia har vore her ifrå april, men no hadde vi endeleg fått kontakt. Ho har vore leiar i det kristne studentlaget i Indonesia, og ho vil gjerne vere med også i bibelstudiegruppa ved universitetet. Det som er litt interessant, er at både ho og den brasilianske studenten meistrar det japanske språket betre enn engelsk. Så det er ikkje alltid at engelsk er det beste språket å kommunisere på.

Folk frå forskjellige land har visst også ulik kroppstemperatur. Slik ser det iallfall ut her. Nokre frys, medan andre har det varmt i T-skjorte.

Denne kvelden starta vi eit nytt studiehefte "Who is God?" (Kven er Gud). Vi starta med skapingsforteljinga i 1.Mos. 1. Eg siterer nokre kommentarar ifrå loggboka:
  • Eg skulle ønskje eg hadde kome hit før. (koreanar)
  • Krafta i Guds ord er stor. (kinesar)
  • Guds makt er så stor at vi menneske ikkje kan forestille oss den, men Gud vil sikkert lære oss noko gjennom det vi ikkje kan forstå. (kinesar)
  • Gud skapte alle ting! (japanar)
  • Det er første gong eg har lese i GT. Det var veldig interessant. (koreanar)
Det skal litt til å lage middag til 16 personar, men heldigvis sende Gud ei til å hjelpe meg denne gongen. Og det trengde eg verkeleg!

Idag har eg vore på eit college og møtt to engelskklasser. Studentane spurde meg ut om Norge, og eg fekk også fortelje om kvifor eg er i Matsue og kva eg gjer. Etterpå åt eg lunsj ilag med nokre av studentane. Ei av dei er faktisk kristen og medlem i Yonago lutherske kyrkje. Ho og ei jente til sa dei vil komme allereie denne fredagen, og fleire verkar interesserte i å komme seinare. Takk til Carmella som inviterte meg!

Dette veks meg snart over hovudet, så av og til lurer eg på om eg skal be folk slutte å be, men lat oss heller be om fleire medhjelparar. Eg har ikkje våga å nemne det i kyrkja om nokon kunne hjelpe meg med matlaging, for eg reknar med at dei som har familie, må vere heime og lage mat til familien. Men kanskje eg er litt for forsiktig? Då er eg iallfall over i neste tema:

Misjonæren sitt arbeid, eller kyrkja sitt?

Søndag 21.oktober var det igjen internasjonal kveldsgudsteneste i den lutherske kyrkja. Eg har fått ein kjerne av kristne utanlandsstudentar og japanarar som hjelper til, men hittil har eg ikkje opplevd så mykje støtte ifrå vår kyrkje sine folk. Sidan vi starta opp desse gudstenestene i april, har det ikkje vore vedtatt på noko årsmøte, så eg tok motet til meg og tok det opp på siste menighetsrådsmøte om dette er noko kyrkja vil at vi skal halde fram med. Då fann styremedlemmene ut at då må dei no komme og sjå kva som foregår. Eg oppmoda dei til å komme og vere med i fellesskapet. På biletet ovanfor er det ein student frå Nigeria som les bibelteksten på engelsk, medan eit medlem av kyrkja vår står klar med den japanske Bibelen.


Under "kyrkjekaffien" (her drikk vi te) gjekk praten. Det var fint å sjå ei blanda forsamling av unge og vaksne, kristne og ikkje-kristne, lutheranarar og ikkje-lutheranarar.

 Jenar frå Indonesia og Sansfica frå Sri Lanka er begge fine kristne jenter, som gjerne hjelper til.
 

Her er tre medlemmer frå Matsue lutherske kyrkje. "Dette var kjekt!" sa denne kona før ho gjekk heim. Kanskje ho neste gong også vil tilby seg å hjelpe til med noko? Iallfall var det ei stor oppmuntring for meg at folk stilte opp.

Du som ber til Gud, kan gjerne fortsetje å be om at vi som kyrkje i lag kan arbeide for å nå ut til studentar og andre i lokalmiljøet. Og at også Bible club kunne bli meir inkludert i kyrkja sitt arbeid...

Monday, October 15, 2012

Glede i himlen

Sist fredag på Bible class kunne vi feire at ei av damene var blitt døypt søndagen før. Det er ikkje ofte vi har slike anledningar å feire her i Japan. Det er glede i himlen over ein syndar som vender om og tek imot Jesus. Det er dama sitjande framme i midten som var blitt døypt. (Foto: Akio Kajinishi)

Det eg ikkje visste denne føremiddagen, var at Gud hadde meir i vente for meg denne dagen.

Kazuaki kom litt seint til Bible Club denne kvelden. Etter at han hadde fått seg litt mat, fortel han plutseleg: "Eg har bestemt meg for å bli døypt!" Då måtte eg berre ta bilete! Helga før hadde han vore med på ein leir ilag med studentar han vart kjent med på sommarleiren. I løpet av leiren hadde han snakka med mange, og sagt at han kjem kanskje til å bli ein kristen når han blir 30 og opplever at livet ikkje vart slik han hadde tenkt. Men på heimvegen hadde han tenkt og kome fram til ein annan konklusjon. Og på tirsdag hadde han tatt det endeleg valet. Han hadde ringt foreldra sine, og han møtte ikkje motstand.
I går snakka han med presten i kyrkja der han går, og det blir kanskje dåp allereie i november. Her skjer det fort når det først skjer.
Berre ein dag tidlegare hadde eg skrive til Lærernes Misjonsforbund sitt blad Misjonshilsen, som kjem ut til abonnentane før jul:

Studentane

Eg klarer vel ikkje å skrive til Misjonshilsen utan å nemne studentarbeidet. Gjennom heile sommarferien hadde eg Bible Club kvar fredag, sjølv om det ikkje var så mange studentar her. Men ifrå oktober tok frammøtet seg opp igjen. Plutseleg var gruppa på 3-4 auka til 13-14. Mange av utanlandsstudentane har reist, men nye er komne. Og studentane sjølve er flinke til å få med seg venner. Ein gut har vore her omtrent heile sommaren og kome fast på bibelstudium, og han var også med på studentleiren i august. Etter det er han blitt enno ivrigare, og han er også med på bønnemøte over Skype som nokre har starta opp etter leiren. Men å ta steget fullt ut og ta imot Jesus som Frelsar og Herre, det er framleis eit stort steg.
I intervju til NLM sin Prosjektkatalog for 2013 forklarer han kvifor han framleis nøler med å bli ein kristen:
-  Eg er redd for å tru på noko som eg ikkje kan sjå, og eg trur det vil bli ein kollisjon med min eigen vilje.  Det er skremmande fordi eg ikkje kan snu tilbake. Men eg veit det er rett å bli ein kristen. Eg trur det vil gjere meg lukkeleg og gi meg fred i hjarta, og eg vil også at andre skal få oppleve det samme.

La oss be om at før dette kjem på trykk i Prosjektkatalogen, så har det allereie skjedd ei forandring i livet hans!

Sitat slutt. Ja, det skjedde allereie før eg hadde venta!

Ingen av desse to forandrar likevel statistikken i kyrkja vår. Heldigvis er Guds rike større enn den lutherske kyrkje.
"...den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. Her gjeld ordet om at ein sår og ein annan haustar."  (Joh. 4, 36b - 37) 

Nokre gonger skjer det at dei går til andre kyrkjer, men det kan også skje at andre har sådd, og så er det vi som får hauste frukta. Uansett skal vi glede oss med kvarandre, slik som det også er glede i himlen. Sjølv om det av og til kan vere ei glede blanda med litt vemod og ikkje fritt for misunning overfor den kyrkja som får slike flotte folk...

 På Bible club hadde vi denne kvelden likninga om han som bygde huset sitt på fjell. Kazuaki sit trygt i huset sitt, som består av to kinesiske jenter...


 Det gjekk verre med huset som var bygd på sand. I loggboka gir fleire uttrykk for at dei fekk noko å tenkje på.

Vi er komne til søndag ettermiddag, og Kazuaki stiller opp også på øving med felleskoret til julekonserten. Her sit han i pinsekyrkja, godt plassert mellom pastoren i Immanuelkyrkja til venstre og pastoren i Arashima lutherske til høgre. Snakk om å vere interkonfesjonell!

Vi er to damer som dirigerer i år, og det ser ut som om vi har bra taket på mannfolka. Vi skulle gjerne hatt fleire på damestemmene, også. Andre øving gjekk betre enn den første, så dette lovar bra.

Harpe og Bibel

Torsdag er det ny kototime, og eg har enno ikkje tatt fram instrumentet og øvd... Framgangen er dessverre ikkje særleg å skryte av. Motivasjonen for å øve burde vere større, men det som motiverer meg for å halde fram, er det å møte desse damene og lese Bibelen ilag med dei. Vi les eitt kapittel i Apostelgjerningane kvar gong etter øvinga.
Bibelteksten for to veker sidan var Apg. 16, der Paulus såg ”mannen frå Makedonia” i eit syn. Vi snakka om korleis Paulus kom med evangeliet til Europa, og korleis Gabriel Eikli fekk kallet frå "Makedonia" via ein japansk pastor han hadde møtt i Mandsjuria, og slik vart den første NLM-misjonæren til Japan.

Vi snakka også om fangevaktaren som stilte det viktigaste spørsmålet i livet, som Ole Os eingong kalla  ”Apostelgjerningane halv fem", dvs. 16, 30: ”Kva skal eg gjere for å bli frelst?”
Det vart både komisk og veldig talande for oss denne dagen. Vanlegvis har vi bibelstudie frå 15.30 og ein times tid. Klokka 16.30 kjem mannen til den eine og hentar henne.
 ”Vi får be før mannen din kjem,” sa eg.  ”Ja, han kjem nok presis kl 16.30,” sa ei av dei andre, og plutseleg vart det ganske konkret det vi hadde snakka om! Og svaret på det viktige spørsmålet kjem ”eit minutt” etterpå, i vers 31. ”Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst, både du og ditt hus.”

Mannen var  veldig presis! Nøyaktig 16.30 ringde han på døra.
Denne dama fortalde forresten om ein draum ho hadde hatt, der ho såg himmelen og helvete, med Gud som eit strålande lys og ei stemme som toredønn (veldig bibelsk!) på den eine sida, og djevelen (som ho kalla guden i helvete) på den andre sida. Og begge kalla på henne. ”Kvar gjekk du då?" spurde eg. "Nei, eg kunne ikkje gå i noko retning, for der var ingen veg, berre ein mur," svarte ho. Eg prøvde å forklare at Gud har laga eit hol i muren for oss, ein veg vi kan gå. Apg 16,31: ”Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst.”

Til slutt skal du få litt hauststemning frå gatene her i Matsue:




Wednesday, October 3, 2012

Dåpsundervisning, - hjelp, korleis gjer ein det?


 Ein tilfeldig, drivande rosa paraply er ikkje eit daglegdags syn, og daglegdags er heller ikkje det eg har opplevd idag. Dette biletet har ingenting direkte å gjere med resten av blogginnlegget, men eitkvart må eg illustrere med når eg ikkje kan vise bilete av personane eg skriv om...


Eg hadde ei utfordring i dag. Kvar startar du å undervise i Bibelen til ei dame på 83 år?

Berre for nokre dagar sidan ville det vere utenkjeleg at vi skulle kunne starte bibelstudie idag. Eg har lese Bibelen ilag med dottera i nokre månader no. Sidan nyttår har mora hatt to lengre sjukehusopphald, men for to veker sidan vart ho utskriven frå sjukehuset. Sist søndag vart eg invitert på middag hos dei. Då seier plutseleg dottera: - Mor, eg har lyst å bli ein kristen. Kva seier du til det?
Og mora har ingen innvendingar. Tvert imot verkar ho positiv, og byrjar å snakke om at ho sjølv hadde gått i kyrkje i sin ungdom. - Det har eg aldri høyrt før! utbryt dottera.

- Mor, når du blir sterkare, kanskje vi kan gå til kyrkje ilag til jul? foreslår ho, og mora nikkar.
-Ja, kanskje vi kan bli døypte ilag til jul? legg ho til, og mora er framleis med på notane.
-Men då må vi få nokon til å undervise oss først, forklarer dottera. - Skal vi spørje Inger om ho kan komme og undervise oss?
Og mora bøyer seg fram mot meg og seier: -Yoroshiku onegaishimasu! (japansk frase som uttrykkjer eit ønskje om at du skal gjere ei teneste). Ver så snill, med andre ord. Stemma er framleis svak. Det er eit Guds under at ho i det heile tatt lever, og det prøver dottera å få mora til å forstå. Dokterane hadde ikkje gitt familien noko håp, men etter operasjonen har ho gjort framskritt kvar einaste dag.

Idag skulle eg ha første "leksjon". Men kvar startar eg?
Katekisma byrjar med dei 10 boda, men eg syntest det var ein vanskeleg innfallsvinkel. Eg ville heller fortelje om Guds kjærleik først, og om kven Jesus er. Så vi tok utgangspunkt i eit bilete på omslaget av ei bok.


- Kva ser du? spurde eg.
- Fuji-fjellet, og to personar, svarte ho.
- Ja, det er frå Japan, med Fuji-fjellet, og med kirsebærblomstring, svarte eg. - Men kven trur du dei to personane, er, då?
- Den eine må vel vere Kristus, svarte ho.
Eg var overraska over det raske svaret.
- Ja, men er Kristus i Japan, då? prøvde eg.
- Ja, det er mange i Japan også som trur på han, svarte ho.
Men kven er så denne personen framfor Jesus? Vi tenkte litt ilag. Trur vi kom fram til at det må vere ein japanar, iallfall, sidan settingen er her.

- Men ser du noko meir i biletet, forresten? spurde eg, og fortalde at det hadde tatt lang tid før eg hadde sett det sjølv. Men gamlemor såg det. Eit kors!
 (Biletet eg har lasta opp, har eg fiksa litt, med sterkare kontrastar i fargane. På boka er ikkje korset like godt synleg.)
- Kva betyr korset, då, veit du det?
- At Kristus kom for å hjelpe oss, seier ho.
Det verkar som om dottera er overraska over svara.
Kan det vere noko mor høyrde i ungdommen som dukkar opp igjen?

Tidlegare har eg brukt illustrasjonen for å snakke om Tomas som møtte den oppstadne Jesus, og eg har heilt til idag føremiddag trudd at biletet illustrerer denne situasjonen, særleg fordi boktittelen er Tomas sine ord: "Min Herre og min Gud!"Så vi las først teksten ifrå Joh. 20. Men medan eg sat og førebudde meg idag, las eg i forordet i denne boka at tittelen på biletet er "Den bortkomne sonen som vender heim til far", og kunstnaren er heller ikkje japanar, som eg trudde, men faktisk svensk!

Eg håper det ikkje vart forvirrande, men eg presenterte altså to tolkningar til biletet. Den første er tvilaren Tomas som blir truande, og den andre er den bortkomne sonen som blir ønska velkommen heim av far sin. Det som gjer det interessant, er at begge er i ein japansk setting.

Vi las og snakka om likninga om den bortkomne sonen i Luk. 15. Eg prøvde å understreke at ingen av oss er verdige til å bli kalla Guds born, slik som denne sonen innrømma at han ikkje var verdig til å kallast son til far sin, men likevel tek Gud imot oss som sine barn med glede og fest når vi vender heim. Det verka som om det nådde inn.
Og vi snakka om forskjellen på buddhisme og kristendom. I buddhismen må du streve sjølv for at Buddha skal godta deg. I kristendommen bøyer Jesus seg heilt ned for å løfte oss opp.

Eg veit ikkje kor mykje som sit igjen hos denne eldre dama, men ho ga god respons på det ho hadde høyrt, og sjølv då vi byrja å drikke te etterpå, var ho enno ikkje ferdig med temaet.


Så her er eg då. Etter å ha arbeidd som misjonær i over 13 år etter språkskulen, er det faktisk første gong eg har fått ei slik utfordring. Andre misjonærar er blitt kasta ut i det allereie i første periode, men sidan eg alltid har arbeidd ilag med ein japansk pastor og ikkje hatt dagleg ansvar for noko kyrkje, har det hittil ikkje vore naturleg for meg å ta dåpsundervisning. Vanlegvis står dei ikkje i kø for å bli døypte, heller.

Eg har trudd at mi oppgåve var å evangelisere og få folk i kyrkja, og så kan eg overlate dei til pastoren når dei vil bli kristne. Men her har pastoren utfordra meg med tanke på dottera. Tidlegare i vår spurde han meg: - Kva plan har du for å leie henne til tru? Eh, plan?? Nei, eg hadde ikkje lagt noko plan, akkurat... Men eg fekk byrje å lese Bibelen med henne. Og no altså også ilag med mora, også. Dei ga meg lov til å skrive på bloggen om dei idag, så lenge eg ikkje brukte namn. Men nokre av dykk kan truleg gjette kven det gjeld likevel, dersom de legg saman brikker av det de har høyrt før.
Gud veit iallfall kven det gjeld, og han kjenner namna deira. Og vil nokon be vidare for desse to og for meg som skal undervise, så set eg veldig pris på det!

No har eg kanskje starta i feil ende, for eg har framleis ikkje snakka med pastoren om mi nye "dåpsklasse". Men reknar med han har ingenting imot det, iallfall :)

Eg trur det er første gong eg har skrive så lang blogg med så lite bilete. For å kompensere litt, skal du få ein serie av ein utruleg flott solnedgang eg fekk med meg for ei veke sidan, ifrå ein ny synsvinkel.
Eg berre seier det; Gud er verkeleg ein stor kunstnar! Her kan du sjå solnedgangen minutt for minutt.