Saturday, May 16, 2020

Gradvis tilbake til eit normalt liv?

No har eg vore så lenge heime at det nesten kjennest vanleg at eg ikkje skal i kyrkja på søndagen, og at alle bibelstudie og samlingar skjer på nettet. Men kor lenge skal det gå før alt blir normalt igjen, skal tru? Studentane skal ha nettundervisning heilt fram til sommarferien, det vil seie ut juli. Det merkast allereie at dei kan bli trøytte av å sitje framfor datamaskinen ein heil skuledag, så dei ikkje orkar å vere med på Bible Club om kvelden. Likevel er det fleire som prioriterer det.

Kvar dag må eg ha meg ein tur ut langs elva, anten å gå eller jogge, eller berre ein rask sykkeltur. Ofte finn eg blomster å ta med heim. Biletet over tok eg 5. mai. Då hadde desse gule irisane nettopp byrja å blomstre, men i løpet av desse to vekene har eg fleire gonger tatt med meg heim. Der er mykje å ta av, så det merkast lite at eg plukkar med meg heim litt.


Eg har ikkje vore i Nima og hatt klasse sidan tidleg i mars, men denne veka fekk eg endeleg dei fleste med på Zoom-klasse. Og dei vil gjerne ha engelskklasse kvar veke resten av mai.

Her er Nima-gruppa på tirsdagskvelden. Vi les no om Paulus sitt liv, om korleis motstandaren vart omvendt og vart ein kristen misjonær.

Unntakstilstanden for heile landet vart utvida frå 6. mai til å gjelde ut mai månad, og skulane også her i Matsue har vore stengde. Nettundervisning er ganske ukjent i grunnskulen og på vidaregåande skular, så elevane får oppgåver tilsendt som dei skal jobbe med og levere når dei kjem tilbake på skulen att.
Eg har litt engelskundervisning med ei jente som går på vidaregåande, og forrige laurdag viste ho meg ein bunke ho nettopp hadde fått på døra.



Alle papira skal utfyllast i løpet av dei tre vekene med heimeskule, og minst 10 sider i kvar bok skal lesast. Eg tenkte stakkars lærarar som skal sjekke tre vekers arbeid! Det er 40 elevar i kvar klasse.

Unntakstilstanden som skulle gjelde til 31. mai, vart for eit par dagar sidan oppheva for 39 av dei 47 fylka i landet sidan det ikkje har vore meldt nye smittetilfelle der siste veka. Så igår vart det kunngjort at skulane opnar igjen 25. mai. Det betyr kanskje at jenta på biletet ovanfor slepp å gjere alle oppgåvene. Men idag sa ho at det blir berre gradvis oppstart på skulen, sidan det ikkje er plass til alle på ein gong.

WJELC har bestemt at kyrkjene skal halde stengt ut mai også i område der unntakstilstanden er oppheva. Det betyr at vi framleis skal halde oss mest mogleg heime. Neste søndag skal eg preike i Izumo, men det blir sendt herifrå, og som etterpå blir lagt ut på YouTube. Samme kveld skal eg ha direktesending med internasjonal gudsteneste på Facebook, så veka som kjem, blir det mykje jobbing. Du som ber, hugs gjerne på meg.

Når eg skal starte med å ha samlingar heime hos meg igjen, veit eg ikkje enno. Eg håper eg etterkvart kan invitere mindre grupper. Enkelte vil ikkje bruke Zoom, og praten over tekoppen er også viktig. Og Bible Club-medlemmene saknar nok middagen.

Idag har eg forresten vore på storsamling! Det kristne studentlaget bruker kvar vår i mai å arrangere velkomstsamling for nye studentar. Då reiser dei gjerne eit stykke over fylkesgrensene for å treffast, men det var ikkje mulig denne gongen. Dermed så vart det samling framfor skjermen. Og der fekk vi plass til ganske mange! Ifrå universitetet her i Matsue var fem studentar med, og to ifrå andre høgskular i byen var også med. Fleire av desse har ikkje truffe kvarandre ansikt til ansikt enno.

51 studentar, derav 16 førsteårsstudentar og 10 andre som ikkje har vore med i KGK før, det lovar bra for det nye skuleåret! Finn du meg blant alle desse ungdommane, forresten?

Dette er studentar frå distriktet Chugoku og Shikoku i vest-Japan. I juni blir det arrangert "dagsleir" på samme måten som idag, og sommarleiren 18.-20. august blir også på nett. Det blir annleis, men kanskje også ei muligheit til å få med fleire enn dei som har tid og råd til å reise langt for å vere med på leir.

Som avslutning må eg få vise deg hagen min. For eit par veker sidan kjøpte eg nokre blomsterpotter og to tomatplanter. Det blomstar framleis fint på verandaen, og tomatplantene strekkjer seg nesten for kvar dag. Eg har sett i gong ein tippekonkurranse på Facebook om kor mange minitomatar eg kjem til å få, og hittil har femten personar gjetta frå 23 til 126 tomatar. Legg gjerne att ein kommentar under og bli med i konkurransen. Premien har eg ikkje bestemt enno.

 Når det ikkje regnar, er det fint å ha lunsjen ute på verandaen, men idag har det vore innevêr.

Bli også med ut på ein luftetur!

Med dette vil eg ønskje dykk alle ein god 17. mai, med eller utan snø!
Sjølv skal eg feire først ilag med Misjonssalen i Ålesund kl 9.00 norsk tid, og deretter med Skodje kyrkje på gudsteneste som blir lagt ut her kl 11.00: 17. mai-feiring på Skodje
Les førehandsomtale her: Skodje kyrkje
Når gudstenesta er ferdig, er det blitt kveld her, og då har eg meldt meg på eit online-arrangement som eg ikkje veit så mykje om endå. Får sjå kor lenge eg held ut.






Sunday, May 3, 2020

Ottosen & generalen og eg


Først må eg takke alle som har vore med og sponsa meg eller andre som sprang for misjonen 1. mai! Det gjekk over all forventning! Eg satsa først på 5.000 kroner, men heva det til 10.000 då eg såg det kom inn meir enn eg hadde rekna med. Pr. idag har det kome inn 14.000 kr ifrå 28 givarar. Tusen takk på vegne av NLM! Dersom du ikkje har fått støtta, eller har lyst å gi litt meir for innsatsen, er det mulig å betale inn fram til 2. juni. Her kan du også følgje med om beløpet stig etter kvart.
Inger sin spleis

 Jennifer var med som fotograf og sykla med meg og oppmuntra undervegs.

 Andre runde utan jakke rundt livet. Det vart varmt etter kvart, så den lille vassflaska eg hadde med, vart tom. Då var det godt å ha ei større flaske som venta under ein benk.


 Etter to rundar og ein liten pause var eg klar for ein trede runde i motsett retning, men no mest gåande. I løpet av turen vart eg intervjua på direkten av Ottosen og generalen. Det vart eit vindfullt innlegg. For å høyre kva dei sa, måtte eg legge øyret heilt inn til mobilen, og derfor vart ansiktet altfor stort.


I kommentarfeltet blir eg kalla friskusen frå Matsue...
I løpet av samtalen vart det ganske mykje "Goddag, mann - økseskaft!". Du kan sjå innslaget under direktesendinga her, omtrent etter 45 minutt og 7 sekund. Som de etterkvart vil oppdage, vart det meir snakk om vêr og vind enn om misjonsarbeidet. Klikk på lenkja under:

Eg snakkar med Ottosen og generalen
(ca. etter 45:07) Startar du litt før, kan du høyre Sverre Bøe fortelje om sin oppvekst i Japan og om korleis det var å kome tilbake til Japan som vaksen.

Her i Japan var det fleire enn meg som var med, og dei var også meir kreative. Det var Christoffer Nævdal som hadde oppfordra meg til å bli med. I Kobe sprang han rundt på taket på bibelskulebygget i kona sin kimono, og han hoppa også på trampoline!


På videosnutten nedanfor kan vi sjå korleis det er å springe i kimono.


På andre sida av tunet bur familien Tråsdahl, og dei har ein nydeleg hage framfor huset. Her kan de sjå dei i bibelsk habitt, med gjetarstav i handa. Fotograf for begge er Marius Bergersen.




Kvar var du då Ole Bjarne braut hyrdingstaven?

Kveldsshowet under direktesendinga har også glimt frå oss i Japan, der vi mellom anna ser Christoffer hoppe på trampolina i kimono.

Direktesending med glimt frå Japan
Startar frå 3:11:02

De kan også lese meir på bloggen til Tone og Ole Bjarne Tråsdahl.
Familien Tråsdahl sin blogg

Pr idag har Christoffer fått inn 11.350 kr og familien Tråsdahl 18.400 kr. Samanlagt har vi sprunge inn 43.750 kroner. Totalt for heile NLM nærmar vi oss ein million, med 919.055 kroner. Dette kan berre gå oppover!

Dette var gøy! Og eg var så heldig å kunne nyte naturen i eit nydeleg vêr. Vinden gjorde berre godt i 23-24 grader. Etter ein god dusj kunne eg sitje her og ete middag medan eg såg på Ottosen og Kåre Johan Lid på tredemølla og synest synd i dei som måtte springe og sveitte innandørs.

Og i morgon skal eg ha min vanlege måndagsjoggetur, i mitt eige tempo, utan fotograf.