Tema frå Bibelen var takksemd. Alle fekk svare på spørsmålet: "What are you thankful for?" (Kva er du takksam for?)
Bunaden min heng i eit skap heime på Valbøen, men eg prøvde iallfall å kle meg i dei rette fargane på sjølve 17. mai.
Sidan det var søndag, var eg sjølvsagt på gudsteneste. Først i Arashima, og om kvelden var det internasjonal gudsteneste i Matsue, der eg talte og spela piano. Vi var ikkje så mange, men det er likevel meiningsfullt. For dei fleste er det berre denne eine gongen i månaden dei er i ei kyrkje.
Den 24. mai i fjor byrja eg i ei gruppe som lærer teseremoni. Det er kjekke damer, men eg fann ut at eg eitt år var nok for meg. Å sitje på kne til beina visnar under meg, slik at eg ikkje kan reise meg opp og servere teen som eg har laga til, og alle detaljar som ein skal passe på, - nei, det passar ikkje for meg.
Så den 23. mai sa eg takk for meg. Eg kom på å nemne at dei må gjerne komme på besøk og til meg og prøve norske kaker. Så kanskje eg kan få halde kontakten med dei likevel. Ei av dei møtte eg seinast i går då ho heldt på og luka ugras og plukka sniglar i eit blomsterbedd langs vegen.
Rismarkane er byrja å bli grøne, og det blomstrar overalt. Det er ei fin tid. I dag sa dei på nyheitene at regntida har starta i Vest-Japan. Det betyr ikkje at det regnar kvar dag, men regnet gjer at det ikkje blir altfor varmt, og det er godt for det som skal vekse. Vi treng også åndeleg regn frå Den heilage ande for at det som vi sår her, skal bere frukt.
I går var eg på Hiruzen Bible Camp på styremøte for leirplassen vår. Frå NLM har Ingebjørg Hildre vore med i mange år. Eg var med for ein del år sidan, men vart vald igjen på konferansen i år. På biletet over er Ingebjørg ilag med dagleg leiar, Yukiko Hiratsuka.
WJELC har også to representantar. Pastor Seiji Yoshida midt i biletet er prest i Tamashima kyrkje, er sekretær i styret, og i tillegg vart han også vald til ny kyrkjepresident på årsmøtet i mars. Ny i styret er Hiromi Katsunaka, eldste i Yonago kyrkje. Han er no styreleiar for Hiruzen Bible Camp.
Sist helg fekk eg vere med på storskjerm på regionsmøtet for Region Nordvest via ein video eg hadde fått spørsmål om å sende. (Foto: Kåre Johan Lid).
Du kan sjå videoen her: Video
