Monday, September 28, 2015

Siste haust i Matsue?

Ifølgje kontrakten med NLM har eg no byrja på sjette og siste hausten i denne perioden. Dei fleste i kyrkjeleg samanheng veit det, men folk som ikkje forstår ordningar med misjonærperiodar, blir overraska. Akkurat som om ein misjonær skal bli verande på samme plass for alltid?

Fleire har uttrykt bekymring for korleis det skal gå med Bible Club.
- MÅ du reise, då?
- Kvar skal vi samlast når ikkje du er her?
- Kjem det nokon i staden for deg, då?
Slike og liknande spørsmål får eg høyre.
Eg må svare at NLM dessverre ikkje har nokon å sende. I alle tilfelle må nye misjonærar først gå to år på språkskule, så ting tar tid. Om kyrkjene vil spørje om å få meg tilbake etter eit år, kan ikkje eg uttale meg om. Og korleis min eigen situasjon er om eit år, veit eg heller ikkje. Det er eigentleg ikkje så mykje vi veit, anna enn om dagen i dag.
"Gårsdagen er forbi, morgondagen kjenner ingen. Idag hjelper Herren."

Eg har ein del tankar om forandringar som kan gjerast, men det krevst at andre vil samarbeide. Så her er ein del å be om framover.
Hausten er stor, men arbeidarane er få.


Det er allereie gått ein månad sidan eg kom att frå Kina. Eg tenkte eigentleg å skrive ferdig bloggane ifrå Kina før eg fortel om det som skjer her, men eg har funne ut at då kan det gå lang tid før de får glimt ifrå livet her. Så eg får heller spe på med litt Kina-glimt innimellom utover hausten. Så skal eg prøve å gi eit inntrykk frå den siste tida her.

Dei vakre kosmosblomstrane kan vere vanskeleg å fotografere når det er vind. Her er eit levande bilete. Klikk på pila nedanfor!



Vi kallar det haust, men det er meir som ein norsk sommar. Idag var det 28 grader, men det er ikkje heilt normalt på denne tida.
Både idag og forrige måndag har eg vore ute på små fjellturar ilag med to andre som har måndagsfri.
Her er eit par glimt:




På Bible Club har vi sendt fire ungdommar ifrå oss i løpet av september. På biletet nedanfor er det avskjed på Matsue stasjon 3. september.
Den kinesiske jenta, nummer to frå høgre, har reist heimatt til Kina. Måtte det ho har lært på Bible Club og på gudstenestene få følgje henne. Ho sa at ho veit ikkje om noko kyrkje i byen der ho bur.

Så har vi tatt farvel med desse to studentane. Ein er reist tilbake til Brasil, og den andre heim til USA.

Og så har vi denne japanske jenta, som akkurat idag reiser til Australia for å studere engelsk. Ho har vore med i Bible Club sidan mars, og har blitt stødigare i engelsk, men også fått mykje bibelkunnskap. Ho skal ha homestay med eit eldre ektepar. Eg håper dei er kristne, som tek henne med inn i eit kristent fellesskap.
Etter planen skal ho vere i Australia til november neste år. Når ho kjem att, er det nok ikkje lenger Bible Club i denne leiligheita. Kan de vere med og be om at arbeidet kan halde fram i ei eller anna form sjølv om den norske misjonæren reiser?

Heldigvis er det ikkje alle som reiser. Ei kristen jente, nr 2 framme frå høgre, er førsteårsstudent. Ho ber no om at søster hennar også kjem inn på universitetet her til våren. Søstra er også kristen. Ho som sit heilt til høgre framme tok imot Jesus som frelsar i august medan eg var på ferie. Ho er ivrig i å lese Bibelen. Foreldra har godtatt valet hennar, men gir henne ikkje lov til å bli døypt før ho har blitt sjølvstendig, det vil seie når ho er ferdig med studiane og har fått seg ein jobb. Ho går no 3. året.

1. oktober startar studentane haustsemesteret, og det er også i oktober at nye utvekslingsstudentar kjem. Bible Club og dei internasjonale gudstenestene er ein reiskap til å nå både utanlandsstudentar og japanarar.

Dette er ifrå den kombinerte ungdoms- og internasjonale gudstenesta i september.

Biletet nedanfor (og det på toppen) er ifrå ein spennande sykkeltur eg hadde søndag ettermiddag for vel ei veke sidan. Her er stadig nye område i nærmiljøet å oppdage, sjølv om eg har budd her til saman åtte år...
"Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si." 
Matt. 9:37-38

Dette blir truleg tema for neste internasjonale gudsteneste 18. oktober, som eg allereie har i bakhovudet. Be om at eg må få det eg skal formidle vidare!

"Lyft augo og sjå åkrane, korleis dei kvitnar mot hausten!"
Joh.4,35


Sunday, September 20, 2015

Ein luftig sykkeltur

I Xi'an fekk vi også gjere meir enn å gå på museum. Kva med ein sykkeltur rundt gamlebyen? Ikkje i gata, men oppe på muren!

Den noverande muren er meir enn 600 år gammal, og er 10-12 m høg, 12-14 m vid oppe og 15-18 m nede. Så vi hadde god plass. Den rektangulære muren er 13.94 km lang, for å vere heilt nøyaktig. Dette er den bymuren som er mest intakt av dei som framleis eksisterer.

Med mange fotopausar og sykling på humpete murstein brukte vi omtrent 1 1/2 time rundt.
Vi var kanskje litt for optimistiske i starten, slik denne videoen viser: (Fakta fann vi ut etterpå...)



 Nokre var også på familie-tandem-tur.

Utstilling av "Velte-Petter" og andre syklar

Gjennom ei luke i muren kan vi sjå nye høgblokker.

Nybyen utanfor muren

Gamlebyen på innanfor muren

Visstnok eit tibetansk buddhisttempel

Det ser ut som om nye steinheller vart lagde ned i 1984. Her står det 84 (八四) og namnet på den som gjorde arbeidet. På fleire andre heller stod det 1984 一九八四, som er dei samme teikna både på japansk og kinesisk.
Turen er gjennomført!

Porten gjennom muren

 Sjølv om det var god plass oppe på muren, fekk eg også merke folkemylderet i Xi'an. Her ifrå shopping-gate på kveldstid. Det gjeld å halde fast på det du har...

 Og i dette folkehavet traff Bjørg kjentfolk. Ho har tidlegare budd i Xi'an, og har fleire kontakter i denne gata.



Kinesisk keisar med frykt for døden

Utanfor byen Xi'an midt inne i Kina heldt ein bonde på å grave ein brønn i 1974 då han plutseleg støytte på noko merkeleg. Arkeologar overtok gravinga, og hittil har dei grave opp omlag 2000 soldatar av leire. Til saman skal det vere omtrent 8000 av desse. Kvar enkelt av soldatane er forskjellige. Nyare forskning har til og med slått fast at også øyrene til dei enkelte soldatane er like forskjellige som fingeravtrykk er forskjellig. Det tyder på at dette ikkje var noko samlebandsproduksjon.




 Denne terrakottahæren med soldatar, hestar og vogner vart laga på oppdrag ifrå keisaren Qin Shi Huangdi (regjerte 221 til 210 f.Kr.) for å vakte hans eiga grav. Det ser ut som om han var redd for det som venta han på andre sida. 700.000 personar skal ha arbeidd med å førebu grava hans i nærare 40 år, heilt til keisaren døydde.

Her kan du lese meir:  Terrakottahæren



Keisaren førebudde seg på livet etter døden, og skaffa seg ein hær som skulle kjempe for han. Men kva hjelp fekk han av dei?

Omlag to hundre år etter at keisaren døydde, var det ein annan som vart lagt i ei anna grav. Den grava var lånt av ein rik mann. Jesus hadde døydd ein smertefull død på eit kors. Men han vart ikkje verande i grava. På den tredje dagen stod han opp!
Når vi trur på Jesus, gir han oss håp om eit evig liv ilag med han etter døden, og vi treng ikkje å frykte. Men kva med alle kinesarar som døydde utan å ha dette håpet?







Sunday, September 6, 2015

- Her bur det kristne!

Kinareisa held fram. Etter å ha vore i Ankang første helga, reiste vi tilbake til Xi'an for ei natt, og reiste neste morgon med det kinesiske hurtigtoget austover til ein by som heiter Luoyang. Der har eg kjentfolk! Eg har ei kinesisk veninne der som har studert ved universitetet her i Matsue i 6 år. Ho reiste tilbake til heimplassen sin i fjor vår.

- Her bur det kristne, sa Bjørg då vi gjekk forbi fleire dører i blokka der veninna mi og foreldra bur. Eg såg også korsa oppe på dørkarmane, og etter nærare ettersyn, kunne eg også forstå fleire av teikna. Dei fire første teikna under korset til høgre betyr GUD - KJÆRLEIK (ELSKAR) - VERDA - MENNESKE 神愛世人, og minner om Joh.3,16: "For så elska Gud verda..."
Resten av teikna kan eg ikkje tyde, men på ei anna dør kunne eg lese alt:

 賜愛子betyr gi/ga, kjære barn/Son. Altså: Så høgt elska Gud menneska i verda at han ga sin kjære Son.
Medan eg skriv, dukkar det opp ein melodi. Det var ein song vi hadde i krinsungdomskoret ein gong på  80-talet. "Så elska vår Gud verda, at han ga oss sin eigen Son, for at den som trur på Jesus, for at den som trur på Jesus, ikkje skal fortapast, ikkje skal fortapast, men skal ha evig liv. Evig liv, evig liv." Ein melodi som dukkar opp etter over 20 år, har også teksten med seg. No vitnar kinesiske kristne om det samme.

For kinesisk nyttår er det vanleg at alle dekorerer inngangsdøra med slike raude oppheng med kinesiske teikn for lukke.
Teiknet midt på døra betyr lukke eller velsigning, og det blir brukt både av kristne og ikkje-kristne. Men mange kristne nyttar høvet til å vise kva som betyr lukke for dei. La oss også sjå på kva som står over døra deira:
Dette kunne eg ikkje lese før eg vart fortalt kva som står: IMMANUEL. På japansk skriv vi det engelske namnet med lydskrift. Immanuel er eit namn på Jesus.

"Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel
 - det tyder: Gud med oss."      Matt. 1, 23 

Veninna mi og familien hennar i Luoyang legg ikkje skjul på kven dei høyrer til. Fleire i nabolaget hadde også liknande dører. Eg fekk inntrykk av at kinesiske kristne er veldig frimodige til å dele si tru. Kanskje dette kan inspirere eller utfordre kristne i Japan og Norge til å gjere det samme? Når du kjem inn i ein kristen heim i Norge, kan du kanskje finne eit broderi eller ei treplate med orda "Eg og mitt hus vi vil tene Herren", i gangen eller i stova. Men på ytterdøra?

La oss no gå inn og helse på våre kinesiske venner. Vi kom der til lunsj.

 Her vart vi godt tatt imot. Eg hadde på førehand sagt at dei måtte gjere det enkelt og at vi gjerne ville at dei skulle kvardagsmat, men her hadde dei laga mange rettar for oss. Far i huset hadde til og med vore ute og fiska til gjestane. Sidan dei bur langt inne i landet, er det vanskeleg å få tak i fersk fisk frå havet. Faren hadde køyrt på mopeden ein times tid for å fiske i elva. "Den Gule Flod" vil nok ha ein god klang i øyrene til dei som har lese Asbjørn Aavik sine bøker om livet i Kina.

Etter det eg forstod, hadde faren vore borte heile natta for å fiske. Det var ikkje den store fangsten han hadde fått, men to fiskar fekk han med heim. Fisken smakte fortreffeleg, og eg åt med andakt!

Etter kvart vakna også far sjølv og kom og helste på oss før han måtte ut på jobb.

Vi vart sitjande ved rundbordet lenge etter at magane var mette, og samtalen foregjekk på fleire språk. Bjørg og mor i huset vart fort venner og skravla i veg på kinesisk, som eg ikkje forstod eit ord av.
På andre sida av rundbordet, om vi kan snakke om sider på eit rundt bord, sat mi kinesiske veninne og hennar veninne, som hadde bil og hadde henta oss på stasjonen. Dotter i huset, som studerte litteratur ved universitetet i Matsue, underviser no i japansk, og har blitt godt kjent med denne unge dama, som også er hennar elev. Mellom oss gjekk praten på japansk, og litt på engelsk.
Det var kanskje første gong veninna til venstre var i denne heimen. Plutseleg ser ho på kalendaren på veggen, med bibelvers og kors, og seier: "Det er første gong eg ser ein slik kalendar!"

Sidan dei ikkje hadde plass for to gjestar til å overnatte, fekk vi bu på eit hotell omtrent 10 minutts gange frå leilegheita deira. Det var også karaoke i samme bygning, så utover kvelden og natta hadde vi bakgrunnsmusikk, og eg vakna av hanegal tidleg neste morgon, men elles sov eg bra.

Neste dag var det sightseeing.
Her er vi i Longmen-grottene. Desse er blitt hogne ut i fjellet gjennom meir enn 400 år. Innanfor 1 km finst det 2.345 grotter med over 100.000 buddhastatuer og over 2.800 inskripsjonar.
I 2009 vart det også oppdaga eit kristent gravkammer her. For spesielt interesserte er det meir informasjon å finne her:
https://no.wikipedia.org/wiki/Longmengrottene

Dei minste buddhafigurane er mindre enn ein finger, medan den største er 17 meter høg.

Fleire kinesarar tende røykelse og bøygde kne framfor denne store Buddha-statuen.
Buddhismen kom til Japan via Kina, og i eit tempel i Nara finst ein liknande statue, som er kopi av denne i Longmen.
I parken ved grottene finst det ein spesiell stein, som av naturen har eit heilt spesielt mønster. Buddha-figurane er menneskeskapte, men dette må vel vere eit verk av Guds hand!

Vi var også innom det Kina sitt første buddhisttempel. Det blir fortalt at det vart bygd allereie i år 68 e.Kr. På den tida var Luoyang hovudstad i Kina. Året før hadde keisaren hatt ein draum om ein mann som flaug mot vest, så han sende to menn vestover for å finne ei ny lære. I India skal dei ha møtt buddhistiske munkar, og året etterpå skal buddhistiske skrifter og ein buddhastatue ha blitt frakta hit på to kvite hestar.
Tenk om keisaren sine utsendingar hadde reist lenger vestover, då hadde dei kanskje blitt kjent med kristendommen!
Men dei snudde altså undervegs fordi dei trudde dei hadde funne sanninga...

Her ser vi ein moderne buddhistmunk. Ved første augnekast ser det ut som om han tek seg ein røyk medan han sjekkar smart-telefonen sin, men ser du betre etter, vil du sjå at det er ein pinne-is han har i munnen. (Foto: B.M)

Trass i at buddismen har bortimot 2000 år lange røter i Kina, og til trass for at det i i fleire tiår var forbudt å tru på noko som helst, finst det idag mange kristne, og talet på kristne aukar.

Mor til veninna mi fortalde at dei kvar morgon har bønnemøte i kyrkja frå kl 05.00 - 6.30, der dei ber for verda. Eg blir skamfull...

Før vi reiste, hadde vi ei songstund ilag. Veninna mi leita fram nokre japanske songar ho hadde tatt med heim. Du vil nok kjenne igjen melodien. Vi syng om korset, der Jesus døydde for våre synder. 

The Old Rugged Cross (in Japanese) from Inger Valbø on Vimeo.



 Etter to dagar i Luoyang er vi klare til å reise vidare. Mange erfaringar rikare.


Det var forresten fleire som skulle ut og reise...







Wednesday, September 2, 2015

På leiting etter slekta i Kina

I 1920-åra var onkel til mor mi utsending frå Frikyrkja til byen Ankang i Kina. Mange av dykk såg sikkert programma med Johan Tidemann Johansen på NRK no i august. Eg har ikkje sett programma sjølv, men eg har vore i Ankang og sett med eigne auge! Her står eg ved muren av den første kyrkja, der "onkel Jakob" arbeidde.


Jula 2013 skreiv Marit Pauline Kvalsvik ein artikkel i Vestlandsnytt, der desse bileta er med. (Dette biletet og det nedanfor er utlånte av Kjellaug Storøy. Ukjent fotograf).
Den unge guten bakerst attmed far sin er min morfar, Knut Kvalsvik, og fremst er den yngste broren Jakob, som reiste til Kina som misjonær. Han var fødd i 1897.

Jakob Kvalsvik og kona Martha var i Ankang frå 1923-28. Då måtte dei dessverre reise heim fordi Jakob hadde fått tuberkulose. Han døydde i 1931, berre 34 år gammal.

Sjølv om mamma var berre 6 år då onkelen døydde, må ho ha høyrt mykje om han og Kina, noko som medverka til at ho også vart engasjert i misjonen. Ho kunne ikkje reise sjølv, men ho bad om at eitt av barna hennar kunne reise ut.

15.-16. august var eg i Ankang. Pastoren i den nye kyrkja møtte Bjørg og meg på stasjonen. Han trudde det var ein mann og ei kvinne han skulle hente, så først gjekk han forbi oss, men kom tilbake etter å ha tenkt seg om. Vi vart godt tatt imot!
Etter ein god lunsj på eit hotell, vart vi tatt med ut på gamlefeltet, der dei norske misjonærane starta arbeid i 1918. Her er nokre glimt ifrå gata der.

Ilag med pastorparet som tok oss med rundt

Midt oppi dette dukka det plutseleg opp eit kors. Dette er den andre kyrkja som er bygd på samme tomta som der berre muren står att. Denne kyrkja har ei spesiell historie, som Johan Tidemann Johansen fortel om i ein e-post nedanfor.

"Hengkou heter byen hvor muren fra 1920-tallet fortsatt står! Det ble dannet en menighet der tidlig på 20-tallet.  Da kommunistene tok over Kina, så fortsatte arbeidet i kirken ca. to år, og så ble kirkene stengt. 
Kirken i Hengkou ble tatt over av en bank, og de drev bankvirksomhet der til ca. 2005. Under et besøk i Ankang 2008 var vi oppe og så på stedet og oppdaget at det hang en avertering om at stedet var til salg og at en kunne henvende seg i banken oppe i den nye gata. Pastoren tok og rev ned plakaten og tok den med seg til myndighetene og fortalte at stedet tilhørte kirken. Jeg hadde gitt dem skjøtet som far tok med seg da vi reiste fra Ankang i 1949.
Myndighetene gikk inn for at kirken skulle få tilbake stedet, og da begynte de med faste møter. Det er en stor gruppe mennesker som går til kirken og de har et godt barnearbeid."
(Johan Tidemann Johansen)
  
 I denne kyrkja fann eg også eit orgel, og eg kom på ein salme som mine nye kinesiske venner også truleg kunne. Sjå (høyr!) video!




Tilbake i storbyen var det kveldsmat ilag med fleire av medlemmene i den nye kyrkja, der vi var på gudsteneste dagen etter.

 Her er eg framfor den nye kyrkja, som vart vigsla i oktober 2012. Eg fann ikkje mange direkte spor etter slekta mi, men eg traff mange søsken i trua. Om eg ikkje forstod så mykje av det som var sagt, kunne eg lese og forstå ein del av salmetekstane og følgje med i bibelteksten.


Her er litt av forsamlinga.

Salmar på storskjerm, med "notar", eit talsystem som var forståeleg.

Under gudstenesta måtte eg seie nokre ord. Ein ung student tolka frå engelsk. Desse to eldre kvinnene kom etter gudstenesta og ga meg klem og ville bli tatt bilete av.

Denne unge jenta kom også og helste på meg etter gudstenesta. Ho er engelsklærar og snakka flytande engelsk. 
- Du må komme igjen og undervise oss, sa ho.
Ho fortalde at ho høyrer til ei husmenighet, men at ho også går i denne offisielle kyrkja for å få meir bibelundervisning. I den samanheng ho er i, har ikkje leiarane teologisk utdanning.

"Onkel Jakob" og kona Martha hadde ingen etterkomarar, og ikkje veit eg om dei fekk vunne nokon kinesar i løpet av dei fem åra dei var her, heller. Eg rekna med dei også streva med språket. Men det har grodd etter misjonærane. Det dei sådde, har bore frukt. Det kan ein iallfall sjå i ettertid.