Thursday, June 23, 2016

Mellomlanding

Eg nærmar meg Norge. Ja, faktisk flaug eg Norge på langs frå nord til sør for nokre timar sidan. Så landa flyet i Amsterdam, og eg må vente fleire timar for å komme meg tilbake.

Reisa starta i går (onsdag) føremiddag. Tre veninner møtte opp på busstasjonen for å ta avskjed.

Ha det bra, Matsue! (Foto: Ikuko Takeda)

 Eit siste glimt av Matsue

Frå bussvindauget var det mykje grønt å sjå.

I Kobe var eg innom på NLM-kontoret for å ordne nokre papir og ta farvel med dei som var der.
Eg rakk også å sjekke inn med KLM og skrive ut ombordstigingskort.
Leifur Sigurdsson, som tok biletet, syntest visst eg såg litt stressa ut.

Leifur Sigurdsson og Ingebjørg Hildre vinkar meg ut av kontoret, på vegen vidare på besøk til japanske venner i Kobe og Osaka.

Siste dagane har det vore mange avskjedar. Her er nokre av dei som har sendt av garde:

Bible Club 17.6

Matsue kyrkje 19.6

Studentar i felleskyrkjekoret

Gode "naboar" i Yonago

Her viser kartet korleis eg har reist idag. Eg har faktisk vore nærare heime tidlegare i dag enn eg er no. Eg må prøve å halde meg vaken nokre timar til, sjølv om det er godt over midnatt japansk tid.
I dag startar Lærernes Misjonsforbund sitt sommarmøte på Molde. Eg skal vere med frå laurdag til måndag. I morgon må eg vere heime og sove og førebu misjonsinnslag til søndagskvelden. Så håper eg å treffe mange av dykk i løpet av sommaren og utover hausten!




Wednesday, June 8, 2016

To veker igjen

Onsdag om to veker er eg på denne tida allereie komen til Osaka, der eg skal overnatte før eg står opp tidleg og reiser til flyplassen torsdag 23. juni.
Avskjedssamlingane kjem på rekkje og rad. Forrige tirsdag hadde eg siste bibelklassene i Nima. Biletet ovanfor viser damene i kveldsklassa, som skålar for misjonæren. I glasa har dei kald te eller vatn, så eg reknar med dette går gjennom sensuren.

Tidlegare på dagen hadde eg lunsj og siste bibelklasse med desse to damene. Dei snakkar godt engelsk, men under lunsjen gjekk alt på japansk.
Kveldsklassa møtte opp fulltallige denne dagen. Vi starta ein time tidlegare enn vanleg for å få nok tid til bibelstudie før maten.
Og her var det mykje godt!



Dette er ein flott gjeng! Eg har undervist dei i 1 1/2 år. Sjølv om eg reiser no, så vil dei halde fram og samlast i kyrkja to gonger pr. mnd. Først hadde vi snakka om at evangelist Chigane skulle ha japansk bibelklasse, men no har dei kome fram til ei ordning som truleg vil føre til at alle vil halde fram med å kome. Bibelklasse på japansk ville nok blitt berre for spesielt interesserte. Dei har fått kontakt med ein ung mann frå Australia som er gift med ei japansk dame. Han er villig til å kome annankvar tirsdag og undervise i engelsk kommunikasjon i ein time, og så vil Chigane ha andakt på japansk etterpå. Og dei startar allereie 14. juni!



Det er ganske fullt både på parkeringsplassen nærast kyrkja og på marka bortanfor når det er engelskklasse. Eg er glad for at allereie neste tirsdag fyllest både parkeringsplassen og kyrkja med folk som får lære både engelsk og Guds ord.

 Både på veg til Nima og på veg heim neste føremiddag måtte eg stoppe fleire gonger og ta bilete. Det står også "stopp!" på skiltet... Nedanfor er ein liten videosnutt med stemning frå Japanhavet. Dette er også noko eg truleg kjem til å sakne.