Wednesday, May 28, 2014

Takkevideo frå Taiwan

Anna Sæther er i ferd med å avslutte tenesta si på Taiwan, men arbeidet på Taiwan treng framleis vår forbøn og støtte. Sjå den flotte videoen her!


Vakre føtter fra Norge - En takk fra brødre og søstre i Taiwan (2014) from NLM - NLM Ung - iTro - Gjenbruk on Vimeo.

Tuesday, May 27, 2014

Samla dykk ikkje skattar på jorda...


 "Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel."
Matt. 6,19


Misjonærar er som flyttfuglar som kjem og fer, og oftast kjem tilbake. Og misjonærar har mykje jordisk gods som det både er upraktisk og ulønsamt å ta med seg halve jorda rundt. Difor har vi eit lager for misjonærbagasje på Hiruzen Bible Camp. Der kan vi oppbevare møblar og andre ting som kan stå der og vente på oss til vi kjem tilbake.
Men det hender at det ikkje går slik ein har planlagt. Eitt år blir til to - fem eller kanskje ti. Årsakene kan vere mange. Sjukdom eller andre forhold i familien kan vere avgjerande, eller kanskje har Gud opna nye dører i heimlandet.
Kva skjer då med bagasjen på lageret? Etter avtale med eigarane hadde vi i går dugnad på lageret, der vi rydda og kasta. Og vi fann litt av kvart. Mykje var øydelagt etter mange fuktige somrar på lageret, men vi fann også brukande ting. Ei av medlemmene i Hiruzen kyrkje driv ein liten gjenbruksbutikk ved kyrkja, og ho tok gjerne imot alt ho kunne få. Til gjengjeld stilte ho med ein stor lastebil og hjelpte oss å køyre på søppelmottaket, der vi måtte hjelpe til med nøyaktig kjeldesortering. Det var visst ikkje ofte dei måtte ta imot så mykje på éin dag.
Her er nokre glimt ifrå dagen:

 Det er ikkje alltid lett å bestemme kva som er verd å ta vare på og kva som må kastast.
 (Foto: Johanna Tervonen)

Denne lille "pick-up"-bilen til leirstaden viste seg å vere altfor liten. I tillegg kravde dei på søppelmottaket at ting ikkje kunne vere meir enn 60 cm langt, så då måtte ein ta motorsaga til hjelp.

Eller kanskje ein hammar kan nytte, også.

Denne dama fann ei kasse med sitt eige namn på, godt låst med to hengelåsar. I mangel på nøklar fungerer saga bra. Og dama, som sikkert vil vere anonym, er veldig spent på kva ho har oppbevart på lageret i omtrent ti år:

Men der var det ganske tomt, rett og slett! Sjølv om det er ei anna årstid, går tankane  til songen med dette refrenget: "Men innhold er viktig, du tenker helt riktig: Det blir ingen jul uten Jesus!"

Vi har mange dyktige kvinner blant oss, men ho som pakka på lasteplanet i regnet, fortener premie. Heldigvis hadde ho med tørre klede å skifte til etterpå.

Då er vi klare for neste levering. Eg fylte også opp i min eigen bil så mykje som eg fekk plass til, og køyrde etter den blå bilen.

Då er vi framme ved mottaket, og bilen går på vekta med bagasjen. Etter avlessing blir vekta notert igjen, og så betaler ein pris pr kg søppel.

"Samla dykk ikkje skattar på jorda," seier Jesus. Det var dessverre mange jordiske skattar som gjekk på søpla i går. Men har vi ein skatt i himmelen, treng vi kanskje ikkje å sørgje så mykje over alt som gjekk tapt her.

Litt fekk eg også med meg heim: M.a. fire kassettar, nokre fine plastpermar, synåler som ikkje var rusta (i motsetning til mine eigne nåler som alle er rusta), ein heklarkrok (kjekt å ha?), ei japansk barnebok om Jesus (nyttig gjenstand for ein Japanmisjonær), ein Nagano-OL-kopp og eit CD-stativ. Dessutan ei ekstra kanne for parafin og ein elektrisk varmeomn. Kjekt å ha til vinteren.
Eg gløymde visst å fortelje at eg også arva eit elektrisk toalettsete av tidlegare misjonærar. Varmt dosete til vinteren er heller ikkje å forakte!

Så håper eg at andre slepp å rydde opp i mine ting ein vakker dag...

"Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, vil hjartet ditt også vera."
Matt.6, 20-21


Wednesday, May 21, 2014

"Gå ut i all verda..."


På søndag 18. mai var temaet for den internasjonale gudstenesta "Gå ut i all verda". Til denne gudstenesta kjem det folk ifrå mange land i verda, men vi blir også utfordra til å gå ut. På engelsk heiter det forresten å "gå inn i" (go into).





 Her blir misjonsbodet frå Matt. 28, 16-20 lese på engelsk og japansk.
Tenk om eg kunne sagt at dette er eit kor, men det er det altså ikkje. Men allsongen er bra, også! Her er dei fleste som var med på gudstenesta denne kvelden. Også denne gongen var der iallfall tre nye, mellom anna ei kinesisk dame som aldri hadde vore i ei kyrkje eller høyrt om Jesus før.


 Etter gudstenesta går praten, både på engelsk, japansk, koreansk, eller kanskje til og med på kinesisk.



Desse to koreanske jentene traff kvarandre for første gong. Den eine har nettopp kome til Japan og jobbar på fylkeshuset, og den andre tek utdanninga i Japan og går tredje året ved universitetet her.

I preika hadde eg utfordra tilhøyrarane til å vere vitne der dei er. Mellom anna nemnde eg at tidlegare var der ei lagsgruppe ved universitetet i Matsue. "Kanskje du er den som skal starte opp att bibelstudiet der?" utfordra eg, og hadde eigentleg den koreansk studenten i tankane. Dessverre har vi ingen kristen japansk student som kan vere leiar for gruppa dette året, men Gud har sendt oss kristne frå andre land.

Før helga hadde eg fått ein mail frå den nye KGK-sekretæren i området, Hr Suzuki. Han er heilt ny, og nettopp ferdig utdanna prest denne våren. Han ville kome og helse på meg på tirsdag denne veka, skreiv han, for han skulle likevel til Shimane fylke. Det han ikkje visste, var at det ville ta over 3 1/2 time å køyre frå Hamada i vest til Matsue, som ligg aust i samme fylke. Men han kom, og vi prata vel ein time i kantina ved universitetet før eg fekk ideen å sende ein sms til den koreanske jenta. Etter omlag 10 minutt var ho ferdig for dagen, og kom og fekk helse på den nye lagssekretæren.


På bloggen hans ser eg at han i går køyrde 575 km for å besøkje universitetet i Hamada og Matsue, der han traff til saman to studentar og ein misjonær, i tillegg til at vi var inne og helste på Scott før han reiste heim. 575 km på ein dag, det seier litt om det store arbeidsområdet han har.


Vi fekk ein fin prat med den koreanske jenta. Det kom kanskje litt brått på, men ho hadde forhåpentlegvis tenkt litt på det etter preika på søndag.
- Eg har lenge tenkt at det hadde vore fint om det fanst eit slikt studentlag, men at eg skal bli leiar, har eg ikkje tenkt på, seier ho litt nølande. Men samtidig veldig positiv som alltid.
Ho nemner fleire ikkje-kristne studentar ho kan tenkje seg å spørje. Ilag med Suzuki har vi allereie bestemt dato for første samling: Torsdag 12. juni. Då vil lagssekretæren ta turen frå Okayama igjen, og vi vil prøve å finne eit tidspunkt der flest mulig kan samlast. Vi har kontakt med nokre få kristne, men elles vil vi invitere ikkje-kristne studentar som kjem på Bible Club.

Her har du både takke- og bønneemne for neste foreiningsmøte!

Doggdropen

Eg har funne ut at det er lurt å ta med kamera overalt der eg går eller spring, for heilt uventa kan eg komme over flotte motiv i naturen. Ein morgon forrige veke var det utruleg mykje fint å sjå langs joggeløypa mi. Morgonsola glitra i doggdropane. Eller var det dropar som låg igjen av regnet dagen før? Uansett passar bileta til å illustrere denne kjende songen av Oddmund Inge Haugen.

     
 Eg er berre doggdropen liten og veik
som skjelvande ligg på eit blad.
Eg lever'kje lenger enn morgonen ut,
så driv eg frå land og fer av.


Du skapte meg, Herre, og gav meg eit kall
til arbeid i vingarden din.
Sjå doggdropen blenkjer når ljoset slepp inn,
i Guddommens prydnad han skin.



Eg lever i nåde og tryggleik hos deg
frå dagning til kveldssola sig.
Dei strålar du sender er varme for meg
til hjelp på den mørke stig.


Eg veit eg må falle til jorda eingong
når bivrande vind tek meg bort.
Då reiser eg heim til det himmelske land
og takkar for alt du har gjort. 


Wednesday, May 14, 2014

- Musikken er ei gåve frå Gud

Nest etter Bibelen er musikken det største Gud har gitt oss, skal Luther ha sagt. Og Luther-spesialist og -entusiast Makito Masaki heldt foredrag om vår lutherske arv og salmesong for femte gong på musikkleiren 4.-6. mai. Dette er femte året på rad at det er blitt arrangert musikkleir på Hiruzen Bible Camp. Musikk er ei gåve frå Gud, så den må vi bruke til Guds ære, understreka Masaki.

Alle aldersgrupper var representerte på leiren. Eldste Ikeda frå Itami kyrkje hadde med seg saxofonen sin. Den har eg ikkje høyrt han spele på sidan eg var språkstudent og leia koret i Itami kyrkje for omlag 20 år sidan. Naoto til venstre spela også saxofon då eg var i Kita-Osaka for 10 år sidan, men no er det mest slagverk og gitar på han.

Og yngste deltakar på fire år såg ut til å storkose seg med Naoto si tromme, og såg også ut til å like all den oppmerksomheit han fekk...
Men trudde du det var berre mannfolk på leiren, så stemmer ikkje det, altså.
Vi som ikkje spela i orkesteret, var med i koret. Her øver vi på ein firstemt Bach-koral, som vi etterpå song ilag med orkesteret.

For ein gongs skuld var det overvekt av mannsstemmer i koret, og til og med fleire tenorar!



Thursday, May 8, 2014

"Eit bod frå min Herre du blome meg ber"

Denne veka har eg vore på Hiruzen på leir, og idag var eg tilbake på styremøte. Under leiren gjekk  eg fleire turar åleine og tok bilete av blomster langs vegen, medan orda frå songen "Ein fin liten blome" tona inni meg. Kanskje det kunne bli ei oppmuntring også for andre som kjenner seg meir som ein skogblome enn som ei prydplante.


 Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.
 

Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom vil han sjå.


Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?


Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogblome, eg.


Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din.
Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.


Eit bod frå min Herre du blome meg ber:
om einsleg eg vert på min veg,
så veit eg at Herren vil vera meg nær,
Gud Fader, han vernar òg meg.

 
 Om enn eg er liten, har Herren meg kjær,
med honom eg kjenner meg sæl.
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
med bøna eg sovnar kvar kveld.


Ein kledning eg fekk av min Frelsarmann kjær,
i blodet hans reinsa den er.
Den høver for himlen, der gullgater er,
den høver for vandringa her.


Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gled meg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav,
mi sjel, ho er heime hos Gud!


Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong
i morgonen æveleg klår,
og blanda med heilage englar min song
i himlen, dit døden ei når!