Wednesday, May 21, 2014

"Gå ut i all verda..."


På søndag 18. mai var temaet for den internasjonale gudstenesta "Gå ut i all verda". Til denne gudstenesta kjem det folk ifrå mange land i verda, men vi blir også utfordra til å gå ut. På engelsk heiter det forresten å "gå inn i" (go into).





 Her blir misjonsbodet frå Matt. 28, 16-20 lese på engelsk og japansk.
Tenk om eg kunne sagt at dette er eit kor, men det er det altså ikkje. Men allsongen er bra, også! Her er dei fleste som var med på gudstenesta denne kvelden. Også denne gongen var der iallfall tre nye, mellom anna ei kinesisk dame som aldri hadde vore i ei kyrkje eller høyrt om Jesus før.


 Etter gudstenesta går praten, både på engelsk, japansk, koreansk, eller kanskje til og med på kinesisk.



Desse to koreanske jentene traff kvarandre for første gong. Den eine har nettopp kome til Japan og jobbar på fylkeshuset, og den andre tek utdanninga i Japan og går tredje året ved universitetet her.

I preika hadde eg utfordra tilhøyrarane til å vere vitne der dei er. Mellom anna nemnde eg at tidlegare var der ei lagsgruppe ved universitetet i Matsue. "Kanskje du er den som skal starte opp att bibelstudiet der?" utfordra eg, og hadde eigentleg den koreansk studenten i tankane. Dessverre har vi ingen kristen japansk student som kan vere leiar for gruppa dette året, men Gud har sendt oss kristne frå andre land.

Før helga hadde eg fått ein mail frå den nye KGK-sekretæren i området, Hr Suzuki. Han er heilt ny, og nettopp ferdig utdanna prest denne våren. Han ville kome og helse på meg på tirsdag denne veka, skreiv han, for han skulle likevel til Shimane fylke. Det han ikkje visste, var at det ville ta over 3 1/2 time å køyre frå Hamada i vest til Matsue, som ligg aust i samme fylke. Men han kom, og vi prata vel ein time i kantina ved universitetet før eg fekk ideen å sende ein sms til den koreanske jenta. Etter omlag 10 minutt var ho ferdig for dagen, og kom og fekk helse på den nye lagssekretæren.


På bloggen hans ser eg at han i går køyrde 575 km for å besøkje universitetet i Hamada og Matsue, der han traff til saman to studentar og ein misjonær, i tillegg til at vi var inne og helste på Scott før han reiste heim. 575 km på ein dag, det seier litt om det store arbeidsområdet han har.


Vi fekk ein fin prat med den koreanske jenta. Det kom kanskje litt brått på, men ho hadde forhåpentlegvis tenkt litt på det etter preika på søndag.
- Eg har lenge tenkt at det hadde vore fint om det fanst eit slikt studentlag, men at eg skal bli leiar, har eg ikkje tenkt på, seier ho litt nølande. Men samtidig veldig positiv som alltid.
Ho nemner fleire ikkje-kristne studentar ho kan tenkje seg å spørje. Ilag med Suzuki har vi allereie bestemt dato for første samling: Torsdag 12. juni. Då vil lagssekretæren ta turen frå Okayama igjen, og vi vil prøve å finne eit tidspunkt der flest mulig kan samlast. Vi har kontakt med nokre få kristne, men elles vil vi invitere ikkje-kristne studentar som kjem på Bible Club.

Her har du både takke- og bønneemne for neste foreiningsmøte!

No comments:

Post a Comment