Monday, October 19, 2026

Vi er blitt dobbelt så mange!

 

I september vart det ein forsiktig start på familiekoret "Angels' Voice". I går hadde vi øving nummer to, og det kom tre nye barn i tillegg til dei tre vi hadde frå før. To førsteklassejenter og ein lillebror i lag med mor var med og løfta engasjementet og lydnivået! Så no har vi tru på at det kan bli eit positivt innslag på julekonserten. Berre sjå her: Video (kanskje du må laste ned først for å få lyd)

Denne songen handlar om glad jul. Ikkje på grunn av kaker, selskap og gåver, men på grunn av gåva som Gud har gitt oss, nemleg sin eigen Son Jesus og kjærleiksgåva som er evig liv.

Etter øvinga med Angels' Voice og deretter med "Hallelujakoret" i pinsekyrkja i går ettermiddag, rakk eg ein liten matpause åleine i den lutherske kyrkja før forsongarane kom for å øve. Også denne gongen fekk eg dei medhjelparane eg trengde, sjølv om éin var blitt sjuk og andre var opptatt. Det var kjekt at det kom fleire for første gong der, også.


Opptak frå gudstenesta kan du høyre her: Internasjonal gudsteneste (kanskje du må laste ned først for å få lyd)

Det vart litt stramt program å ha babysong på måndag føremiddag etter ein slik søndag, men resten av dagen har eg slappa av.


Å fange blåsebobler er alltid ein populær programpost. 




I dag feira vi også at denne guten er blitt 2 år.

(Bilete og video frå babysong er godkjente av mødrene.)

Takk igjen til deg som ber! Denne veka er det engelsk bibelklasse hos meg i morgon føremiddag og i Nima om kvelden. Resten av veka er noko rolegare, fram til laurdag. Då køyrer eg til Hiruzen for å vere ilag med ein stor flokk norske og finske familiar, fram til tirsdag neste veke. I tillegg har vi medarbeidarar både frå Island og Australia. Eg reknar med det blir livlig, der, ja!

Til slutt eit par bilete av andre ting som veks:


Rett utanfor verandaen min blomstrar det gult på begge sider av kanalen.

Og avokadoplanta mi, som eg har dyrka fram frå ein hard kjerne, får stadig nye blad!




Saturday, October 10, 2026

Oktoberhelsing

 

Preikemanus og powerpointen for gudstenesta i morgon er på plass, og eg har øvd. No er det på tide å oppdatere bloggen.

Det er framleis god sommarvarme på dagtid, men morgon og kveld er er det blitt litt kjøligare. 


Desse blomstrane lyste opp over alt rundt haustjamndøgn i september.


No er det etter kvart blitt meir haustfargar.

Dersom du las forrige blogginnlegg, lurer du sikkert på korleis det gjekk med oppstart av "Englekoret". Jaudå, eg kom i avisa, to dagar før første øving, men det har vore lite respons, anna enn at folk seier dei har sett meg i avisa.


To eldre kvinner hadde ringt etterpå og var interesserte i å vere med, med sidan dei ikkje har barnebarn som kan vere med, vart dei i staden inviterte til å vere med i koret for dei vaksne. Så kanskje dei dukkar opp på øving i morgon?

På øvinga for Angels' Voice kom to mødrene frå babysong med ei jente på 4 år og to 2-åringar. Så det vart ikkje slik eg hadde håpa på, men litt fekk vi synge, og dei fekk oppleve å vere i ei kyrkje. Det var kanskje første gong.


Dei to største ilag med mødrene klarte å sitje stille ei stund og høyre om englane som song om at Frelsaren var blitt født. Minstemann gøymde seg bak gardina (utanfor biletet).

Om det ikkje blir opptreden på julekonserten, er det likevel kjekt at dei kjem. Kanskje om nokre år vil desse små som kom på babysong i september, også vere med i kyrkja og synge.


Og så er det Bible Club. Vi har hatt lang pause fordi universitetet har hatt ferie, men no er det oktober, og studentane er tilbake. Likevel er det vanskeleg å samle ungdommane. 


Forrige fredag var det to japanske studentar ilag med Carmella og Scott.

Og på biletet nedanfor er dei som samlast i går kveld.


Elles går no dagane med bibelklasser og kontakt med enkeltpersonar. Men også fritid. Ein laurdag føremiddag på fjelltur var også fint.


Takk for at du følgjer med, og takk til deg som ber og som støttar misjonsarbeidet!