Friday, September 4, 2026

Tilbake til sommaren i Matsue

 


Det er allereie to veker sidan eg reiste frå Norge, og i morgon er det to veker sidan eg kom tilbake til Japan. Ferien er over for i år. Takk for sist til alle eg rakk å treffe i løpet av den månaden eg var i Norge.

Det tek litt tid å komme i gong, men eg kom i mål med preika til forrige søndag. Det kjendest godt å kunne stå framme og formidle Guds ord på japansk igjen. Som vanleg gjorde eg lydopptak og sende til mange som ikkje kjem i kyrkja, men som eg veit lyttar "i det skjulte". Ei av dei sende meg fleire spørsmål som respons på det eg hadde snakka om. Ho er buddhist, men ho er interessert også i Bibelen og finn mange likhetstrekk. Eg tenkte at i staden for å svare skriftleg, så kunne eg invitere henne på besøk. Komande søndag har vi ettermiddagsgudsteneste, så då har eg tid på føremiddag. Eg har invitert henne til søndagsfrukost/brunsj og samtale om Bibelen. Det blir spennande! 

Denne siste veka har vore ganske roleg, så eg har hatt litt ekstra tid til planlegging. Noko som eg ikkje er så god til. Men eg har også leika meg litt. Då eg var innom på kyrkjekontoret i Brattvåg i august, viste kyrkjelydspedagogen meg korleis eg kan lage plakatar og flygeblad ved hjelp av KI (kunstig intelligens). 


Dette var kontorpulten min det året eg arbeidde i kyrkjene i Haram. Eg er glad for at Christel har tatt over jobben som kyrkjelydspedagog. Det var i Haram eg fekk prøve å ha babysong, og det eg lærte der, har eg tatt med meg til Japan. 

Hittil har eg brukt ChatGPT berre til omsetjing av tekstar, men her er mykje meir å hente. Eg er ganske fornøgd med resultatet med denne plakaten eg laga i går.


I løpet av dei vekene eg var i Norge, fekk eg kjøle meg ned, men eg har hatt nok sommar her etter at eg kom tilbake. Mellom 30 og 35 grader på dagtid. Men i dag har det vore unormalt kjølig, mellom 24 og 26 grader. Og eg fann eit lite teikn på at det sikkert blir haust her også ein gong. 


Universitetet har ferie heilt til starten av oktober, så det er lite studentar i området no. Eg inviterte til Bible Club både forrige og denne veka, men ingen kunne komme. Så då bruker eg fredagskvelden til litt blogging i staden.

20. september startar vi opp igjen med "julekoret" eller Halleluja-koret, kan vi kanskje kalle oss. Det er eit felleskor for kyrkjene i byen. Også i år skal eg vere dirigent, men vi manglar for tida pianist. 

27. september er starten for familiekoret som vi skal prøve å starte opp. Det er ikkje mange påmelde enno, men to mødre frå babysong har iallfall meldt på barna sine. I dag fekk eg ei melding frå komiteen for julekonserten (som eg forresten er med i sjølv, også). Ein av pastorane har tipsa ein journalist i lokalavisa, så dei vil kanskje skrive om det nye koret og om den norske misjonæren som skal dirigere. Så kanskje det blir intervju? Bra PR, iallfall. Pastoren meinte at sidan Norge gjorde det så bra i fotball-VM og vart populære i Japan, kan det vere av interesse å intervjue ein norsk misjonær!


Takk til deg som vil vere med og be for arbeidet her! Be spesielt for avisintervjuet/artikkelen, at folk blir nysgjerrige og at fleire får lyst til å bli med i familiekoret "Englerøyst"!