Wednesday, October 30, 2019

Skrifta på veggen

Eg har sett det kvar gong eg har vore i Matsue kyrkje, og har fått hjelp til å tyde nokre teikn. Kaligrafi kan vere vanskeleg å lese. Idealet er visst at til vanskelegare teikna er å tyde, til finare kaligrafi er det.
 Det som står der, er dei to første versa av Salme 100: 

Rop med jubel for Herren, all jorda! Ten Herren med glede!
 Salme 100, 1-2a

Det store biletet på frontveggen i kyrkja talar sitt stille språk, men sjeldan har det passa så bra som denne kvelden.
Studenten frå Kenya som leia gudstenesta, opna med å lese salmen på engelsk, utan å vite kva som stod på veggen bak henne.
Foto: Scott Menking

"Shout for joy to the Lord, all the earth.
Worship the Lord with gladness."
Psalm 100:1-2a



Og den andre songen eg hadde vald ut, tek også utgangspunkt i desse orda:
"Shout to the Lord, all the earth, let us sing!"

For meg hadde det allereie vore ein lang dag med mange oppgåver, som eg grudde meg litt til på førehand, men å leie lovsongsteamet og tale til denne flokken, er noko eg trivst med, så det gjekk betre enn eg hadde frykta. (Men frimåndagen gjorde godt!)

Dagen starta med søndagsskule i Izumo kyrkje, der eg hadde andakt om Elisja som vart kalla til å ta over som profet etter Elia.
 Først var det leik og song. Nokre små hadde med seg foreldra sine.
Yngste dotter til pastoren hadde fått med seg nokre veninner. Dei går siste året på ungdomsskulen. Så aldersforskjellen frå dei minste til dei største var ganske stor.

 Elisja kjende seg ung og uerfaren og forstod at han trengde ekstra kraft til å gjennomføre oppgåvene som venta. Så han bad om ein dobbel del av Elia si ånd, og det fekk han idet han såg Elia bli tatt opp til himmelen i eldvogna.
Då Jesus vart tatt opp til himmelen, lova han å sende Den heilage ande. Eg får tru at det er Guds Ande som verkar også idag og gir ekstra kraft når vi treng det.

Foto: SM
 Det er mange oppgåver i kyrkja, som å ønskje folk velkomne, eller å gjere opptak og brenne CD-ar.

Foto: SM
Forsongar og blåsarar var med og løfta lovsongen. Ho med saxofonen hadde på eiga hand laga nydelege arrangement til fleire av songane. Her kan du høyre preludiet og resten av gudstenesta. Berre skammeleg at folk pratar i starten. Dei var kanskje ikkje klar over at gudstenesta hadde starta. Det vart heldigvis stille etter kvart når dei la merke til musikken.
Lytt til gudstenesta her
(Får du ikkje opna linken, kan du prøve å laste ned lydfila på datamaskinen og opne derifrå.)

Foto: SM

Foto: SM
 Noko som er gledeleg, er at fleire ungdommar som går på vidaregåande, har byrja å kome på desse gudstenestene. Denne gongen var det fire.
Foto: SM

 Her er tre av dei yngste ungdommane. Eg pratar med mora til guten.
På gudstenesta 24. november får vi også besøk ifrå to vidaregåande skular i Norge. Vestborg vgs sender to og Tryggheim Forus sender to elevar. Skulane har misjonsprosjekt for Japan dette året. I ettermiddag har eg fått kontakt med dei to representantane frå Vestborgrussen og chatta med dei.
Eivind Jåtun tek dei med seg hit til Matsue, og har også sagt ja til å tale på denne gudstenesta.
Invitasjon


Så då er vi allereie igong med å planlegge neste internasjonale gudsteneste, men det er mykje anna som skal skje før den tid, også... Takk til deg som er med i bøn for arbeidet her.


Tilbake til skrifta på veggen. Det kan vere overskrifta over alt misjonsarbeid, eigentleg. Og ta likegodt med heile salmen:

Rop med jubel for Herren, all jorda! Ten Herren med glede,
kom fram for han med jubel!
         
   
  Kjenn at Herren er Gud!
          Han har skapt oss, vi er hans,
          vi er hans folk og den flokken han gjeter.
         
   
  Kom gjennom portane hans med takkesong,
          inn i føregardane med lovsong!
          Lov han, velsign hans namn!
         
   
  Herren er god, evig er hans miskunn,
          hans truskap varer frå slekt til slekt.

Salme 100

Monday, October 21, 2019

Basar, blomster og bryllaup

Så er både preika den 13. oktober og basaren dagen etter overstått. Medlemmene i Arashima kyrkje bruker nesten eit heilt år på å førebu basaren til året etter. Mykje arbeid er lagt ned, men så kom det også mykje folk. Og tyfonen kom ikkje til oss. Derimot førte tyfonen med seg mange dødsfall og store øydeleggjingar lenger nord. Det kan du lese meir om lenger nede.

På basaren var eg opptatt i barnas hjørne i andre etasje. Det som gledde meg mest, var at ei ung mor med to små gutar som eg hadde invitert, kom. Dei bur i samme oppgangen som meg. Det er første gong dei har vore innom kyrkja. Mora helser alltid og pratar når vi møtest, anten det er på butikken eller i trappa. Igår då eg kom att frå kyrkja, kom dei også akkurat heimatt, og ho takka for sist. Det gjorde sjølvsagt eg, også. Og minstemann ville vise meg eit Shinkansen-tog han hadde i handa. Eg tenkjer på korleis eg skal bli betre kjend med denne koselege familien. Om ikkje før, så kanskje eg skal invitere dei på besøk til jul?
Då basaren var slutt, var alt av kaker borte, og det meste av handarbeidet, også. Men der stod att eit par ting og venta på meg. Ingen andre hadde kjøpt kaktusen og den søte frosken på biletet ovanfor. Så no har dei fått plass heime hos meg. No smiler frosken til meg og gjestane mine kvar gong vi går på do. :)

 Eg fekk også med meg blomster heim. Og dei betalte eg ingenting for, heller! Ei ikkje-kristen dame som går i kyrkja, har forstått at eg er glad i blomster. Ei heil bøtte hadde ho med! Så då eg kom heim, måtte eg ta ibruk alle ledige vasar eg hadde.


No er dei aller fleste blomstrane visna, så idag har eg skifta ut innhaldet i den største vasen med litt ifrå naturen langs elva her.


Ei påminning om at vi menneske også er som blomen som visnar og fell av, men Guds ord lever og varer.

"For alle menneske er som gras, 
og all deira prakt som blomen i graset. 
Graset visnar, og blomen fell av, 
men Herrens ord varer til evig tid. 
Dette ordet er evangeliet som er forkynt for dykk." 
1. Pet. 1, 24-25

At livet er skjørt og naturkreftene sterke, vart vi også minte på for vel ei veke sidan då tyfon nr.19 herja. Det har også vore på norske nyheiter, så eg reknar med de har følgt med. Her var det ikkje meir enn litt ekstra sterk vind, og ikkje særleg meir regn enn normalt.
No er talet på omkomne oppe i 80 personar, og elleve er framleis sakna. Fukushima og Nagano er to av fylka som er blitt hardt ramma. Omtrent halvparten av risåkrane i Fukushima var ikkje blitt innhausta før tyfonen, så dei er no øydelagde. Nagano fylke er kjent for epleproduksjon. Mange har mista både avlingar og inntekter.

Kari Opperud skriv veldig informativt om tyfonar generelt og om denne tyfonen spesielt på bloggen sin. Klikk her: Tyfon

Tyfonane står visst i kø. No er allereie både nr 20 og 21 på veg, men det ser heldigvis ut som om dei vil gå meir ut i havet enn over land.
Her er ei oversikt over korleis tyfon nr 20 og 21 kjem til å gå dei næraste fem dagane.

Ifrå triste nyheiter til ei meir gledeleg nyheit. Sist laurdag var eg i Osaka i bryllaup til ei veninne der. Eg reiste med nattbussen etter Bible Club på fredagskvelden, og fekk frukost og nokre timar avslapping hos ei anna veninne før vigsla.

Ilag med brudeparet. Ho til høgre er ei anna veninne som eg alltid kan ta inn til når eg treng overnatting i Osaka.
Eg fekk den ære å vere bryllaupspianist. Og der trengde dei tre bryllupsmarsjar; ein for brudgomen og pastoren, og så ein for bruda, og til slutt utgangsmarsj for det nygifte paret. Og då vart det norske tonar, med bruremarsj frå Telemark.
Eg vart kjend med Yoko medan eg arbeidde i Kita Osaka kyrkje, sånn rundt 2000-årsskiftet. Ho kom først for å vere med i engelskklasse. Etterkvart vart ho interessert i å lære meir om Jesus, og 14. oktober 2002 vart ho døypt. Eg hugsar ho sa den dagen at det var nesten som eit bryllaup, for ho fekk så mange gratulasjonar!

Eg fann fram eit kort ho skreiv til meg på dåpsdagen sin for 17 år sidan:
"Eg var ein villfaren sau til eg møtte deg. I det lille "kapellet" ditt lærte du meg at Jesus er ein god hyrding for meg, så eg vart frelst. Ver så snill og finn fleire villfarne sauer rundt om i verda som treng ein god hyrding."

No har også ei yngre søster av Yoko blitt ein kristen og vart døypt i påska i år.

Pastor Hirano lyser velsigninga over brudeparet.


Denne veka skal eg prøve å starte tidleg på førebuingane til helga. Sidan eg vart borte heile laurdag, bestemte eg å ha den internasjonale gudstenesta ei veke seinare enn vanleg. Men det betyr at komande søndag blir ganske tettpakka frå morgon til kveld. I morgon er det engelskklasse i Nima igjen. Vi har allereie byrja på juletekstane i eit hefte med fem leksjonar.
 Her er eit par glimt ifrå forrige veke, då Maria fekk englebesøk:


Dette er ein festleg gjeng, med mykje latter. Ho som hadde rolla som Maria (i midten), sa først "No thank you!" då ho fekk i oppdrag å bli mor til Guds Son, men etter å ha blitt forsikra om at ingenting er umogleg for Gud, sa ho "OK!"
I morgon er det Josef som får englebesøk.


 

Sunday, October 6, 2019

Julekorøving og andre haustaktivitetar

Allereie for ei veke sidan, siste søndag i september, starta vi oppatt øving med "julekoret". Eller kall det "Halleluja-koret". Her kan du sjå dei fleste som var med på første øvinga. Det er folk frå ulike kyrkjesamanhengar i byen. Nokre elevar frå ein katolsk skule er også med. Dei gøymer seg bak ryggen til fløytespelaren.

På øvinga i dag var det litt tynnare i rekkjene. Nokre kunne ikkje kome på grunn av eit dødsfall, og skuleelevane skal visst ha engelskprøve i morgon og måtte øve til det. Eg køyrde rett ifrå menighetsrådsmøte i Arashima og til pinsekyrkja Matsue, der vi har øvingane. Fleire frå Arashima ønskjer å vere med i koret, men det passa ikkje idag (heller). Forhåpentlegvis kan dei kome på neste øving, som ikkje er før 27. oktober. Julekonserten er 7. desember.

Mot slutten av øvinga idag tok vi fram att Halleluja-koret av Händel. Eg tenkte vi berre skulle øve på dei to-tre første sidene, men vi enda opp med å synge gjennom heile til slutt, og det gjekk faktisk ikkje så verst, sjølv om det var nesten eitt år sidan sist. Songglede har dei iallfall!

Det er kjekt at også ungdommar er med i år for første gong. Ho med fløyta er student ved universitetet og kjem også på Bible Club. Ho har også stilt opp med fløyta si på internasjonal gudsteneste dei to siste gongene, og sist fekk ho også med seg ei veninne i kyrkja. Dei kom begge på Bible Club sist fredag. Det var interessant å lese Bibelen ilag med dei. Ho som var der for første gong, hadde aldri før høyrt kva korset betyr.
Foto: Scott Menking
På biletet ovanfor vart vi visst alle litt ekstra smale, men det viser iallfall korleis vi har det på fredagskveldane på det internasjonale senteret. Her er to av gruppene under bibelstudiet.

Her er den tredje gruppa. Ei jente som var student for omlag fem år sidan, var heime i Matsue i samband med eit bryllup og ville gjerne innom Bible Club igjen på fredagskvelden. Det er kjekt når dei finn vegen tilbake.

 Denne studenten hadde vore heime ein tur i Kenya og fått seg ny sveis. Ho hadde også med noko til meg som du kan sjå på biletet heilt nederst.


 Det er blitt haust, og innimellom tyfonane er vêret ganske bra. Temperaturen var oppe i 31 grader ein dag med varm vind frå sør, men utpå ettermiddagen kom regnet, og då vart det plutseleg ganske kjølig. Dei siste nettene har temperaturen vore under 20 grader, men eg skvatt nesten i stad då dei sa på vêrmeldinga at minimumstemperaturen vil bli berre 14 grader i natt!

Oktober betyr basar i Arashima, og det blir planlagt i detalj. Vi skal også i år ha noko spesielt for barna, og fredag føremiddag samlast vi for å planlegge. Eg øvde på å lage på rekekjeks med blekksprutbolle inni, og alle prøvesmakte både ein og fleire gonger.



Eg tenkte på alt anna eg heller ville ha brukt denne føremiddagen til, og syntest dei andre var veldig opptekne av detaljar og syntest å ha kjempegod tid. Sidan eg har ein halvtime køyretid kvar veg, gjekk det også med ein time til det. Så det vart ikkje til at eg fekk starta førebuing til preika denne dagen. Og ikkje laurdag, heller. Og idag er det søndag, og eg kom ikkje heim før kl 18. Og då er det kjekkare å skrive blogg på norsk enn å tenkje på japansk preike. Eg kom forresten akkurat tidsnok heim til å høyre radiogudstenesta frå Ishavskatedralen på direkten.

I morgon har eg eigentleg fridag. Onsdag morgon reiser eg til Kobe for å ha mine siste musikktimar på bibelskulen og kjem att torsdag kveld. Fredag er det bibelklasse på føremiddag og Bible Club om kvelden. Det betyr at eg har tirsdag til å jobbe intensivt, og så laurdag til å gjere resten ferdig.
Det er altså neste søndag eg skal preike. Er du av dei som ber for arbeidet her, må du gjerne hugse på meg, også, at eg får det forsamlinga treng å høyre, og at eg finn dei rette orda på japansk. Tema for talen blir "Kvar er så dei ni?" ifrå Luk. 17, 11-19.
Eg har ikkje så mange idéar endå, men eg trur eg skal få med eit poeng frå Karsten Warholm.

Så kan de gjette kva dette har med bibelteksten å gjere... :)



 Måndag 14. oktober er offentleg fridag og dagen for den store basaren (som skal vere unnagjort på to timar). Tyfon nummer 19 er visst allereie på veg, og kan ta vegen hitover, men vi håper på bra vêr.

Eg avsluttar med ein selfie frå kyrkja idag. Eg syntest blomstrane var så fine, og så ville eg også vise det fine smykket frå Kenya. "Så du ikkje gløymer fargane i det kenyanske flagget", sa ho.


Med ønskje om ein god haust!
Takk for forbøn.