Wednesday, December 19, 2012

Julepost og sånt


Denne veka har eg endeleg fått tid og inspirasjon til å skrive julebrev. Men breva som går i posten, vart ikkje sende før i dag, så det er tvilsomt om dei kjem fram til jul. Å sende på e-post er enkelt, trudde eg, men så veldig enkelt er det likevel ikkje når folk har skifta e-post-adresse sidan sist jul.
Så har du ikkje fått mail frå meg, og ønskjer å få julebrevet tilsendt, kan du sende ein e-post til ingervalbo@yahoo.no, så skal du få det.
Her er eit lite utdrag:

"Endeleg har eg fått roa til å tenkje på juleposten. Det ser ut som om veka som kjem, vil vere mykje rolegare enn livet har vore hittil i desember. Preikeoppdraga er eg ferdig med på ei stund, så i sjølve jula er mi oppgåve å få med meg folk i kyrkja, og i romjula og nyttåret å ha ein open heim for studentane som ikkje reiser bort i ferien. Og kanskje eg også får besøk av norske og finske misjonærar.

Her ein dag lærte eg eit nytt ord, eller to ord på engelsk. ”Naughty list” er julenissen si liste over ”slemme barn”. Han har også ei liste over ”snille barn”. I USA blir visstnok alle barn snille i desember, for å få komme på lista over dei som fortener julegåve. Kor godt det er at Gud ikkje har ei liste over dei som ikkje skal få del i hans nåde. Guds julegåve gjeld for alle! Ja, nettopp fordi vi alle er på lista over ”slemme barn”, gir han oss Jesus som Frelsar, heilt ufortent!

Velsigna jul og godt nyttår!  Beste helsing Inger "  
      
Eg har også i år fått julepost til adressa som eg flytta ut ifrå for 3 ½ år sidan. Har du framleis "Sympatieku Rojuman" først i adressa mi, må du kaste den og notere deg den "nye": Sunny Kubota Ⅱ202, Nishi-Kawatsu-cho 4101, Matsue-shi, Shimane-ken 690-0823, Japan. 

Til slutt nokre glimt ifrå dei dei siste vekene:
Den 10. julekonserten gjekk ganske bra, trur eg. Bra stemning i koret, iallfall.





På veg til preikeoppdrag i Hiruzen kyrkje morgonen etter konserten.

Internasjonal kveldsgudsteneste 16. desember leia av Jenar frå Indonesia.
Julefest for kvinneforeininga i Arashima kyrkje 18. desember.  Dei finske misjonærane i Hiruzen kyrkje, Jussi (cello) og Varpu (fløyte) Kivelä, heldt konsert og andakt.




Nokre ifrå den engelske bibelklassa i Matsue vart også med på konserten.
 


Wednesday, December 5, 2012

Det er blitt desember



Det betyr at det er blitt kaldare, og det betyr førebuingar til jul. Her skjer det litt av kvart. I dag leverte eg bilen der eg kjøpte vinterdekk tidlegare i haust, for eg betalte allereie då for å skifte dekk. Og eg trudde eg var tidleg ute. Men der var det fullt køyr. Eg leverte bilen før kl 15, og fekk beskjed om å komme tilbake når dei ringjer til meg, kanskje i 22.30-tida i kveld... Dei står på for kundane!
Det er visst meldt snø til i morgon, men eg trur det ikkje før eg ser det. Men på søndag morgon skal eg køyre til Hiruzen kyrkje for å tale på gudsteneste der, og då må eg iallfall vere godt skodd.

Bible Adventure

Sist helg prøvde vi noko vi ikkje har gjort før her på nordfeltet. Mailis Janatuinen, som til vanleg underviser ved bibelskulen i Kobe, skulle oppover til Arashima kyrkje og undervise søndag, så vi bestemte å arrangere bibelkurs for studentane på Bible club fredagen før, og la også opp til to bibeltimar på laurdag. Tema for Bible Adventure var Josef i GT. Eg var spent på om studentane ville kome sjølv om det ikkje vart engelsk bibelklubb, men undervisning på japansk, men dei møtte opp, og fleire kom også igjen på laurdag. Også nokre frå kyrkja deltok.
Mailis er flink å undervise, med god bruk av powerpoint, som ho viste på den einaste ledige veggen min.

Klasserommet var kjøkkenet mitt. Det er største rommet eg har i leilegheita... Her var det altifrå ungdomsskuleelev til lærar, dokter og husmor samla. Og som vanleg studentar frå fleire land.
Etter undervisninga gjekk samtalen vidare til langt på kveld.

Kazuaki var opptatt tidlegare på kvelden, men stakk innom for å seie hei til alle, så då fekk eg endeleg overrekke dåpsgratulasjonar frå Bible club. Her ser han bilete av seg sjølv første gong han var på Bible Club, i april i fjor.

Desse var samla på fredagskvelden.

Neste morgon var vi ikkje fullt så mange, men det var ei bra forsamling, med blanding av Bible club-folk og kyrkjefolk.



Halvparten av dei som var samla fredag, hadde aldri høyrt historia om Josef før. Det var ei fin anledning til å skape interesse også for GT. Og mange kunne relatere til erfaringar i sitt eige liv. Eit viktig tema som vart tatt opp i samtalen etterpå var kor vanskeleg og kor viktig det er å tilgi. Mailis fekk også vist samanhengen mellom GT og NT, og Josef som eit førebilete på Jesus.

Ei kristen koreansk jente skreiv i loggboka etterpå: "Fram til no har eg tenkt at forteljinga om Josef handlar om Josef, og forteljinga om Jesus handlar om Jesus. Men no forstår eg at begge forteljingane heng saman." Ei viktig oppdaging!

Julekonsert

No er det berre tre dagar igjen til den store felleskonserten. Vi har øvd, og på siste øving søndag var det bra optimisme. Ver med og be både for meg og den andre dirigenten, og for korsongarane, at vi kan få formidle god musikk og ein bodskap som når inn til tilhøyrarane.

Jul frå mange land

Dagen etter, på søndagen, skal eg først til Hiruzen og preike. Idag har eg endeleg fått konsentrert meg såpass at eg har det meste av førebuinga unnagjort. Resten av veka går med til andre ting.
Og rett ifrå Hiruzen skal eg tilbake til Matsue og vere med og hjelpe til på eit arrangement for barn, på det internasjonale senteret. Dei har spurt fem utlendingar om å fortelje om jul i sitt eige land. Eg skal lære dei å flette julekorger. Barna blir delt opp i 5 grupper som skal ha 20 minutt på kvar stasjon, og så rotere, så dei kjem innom alle. Sansfica, ein kristen student frå Sri Lanka, får lov til å fortelje bibelforteljinga for 50-60 barn når alle er samla! Ho skal fortelje på engelsk og vise bilete, og så skal ho bli tolka til japansk. Takk for denne muligheita, og be for Sansfica, også, som har det veldig travelt med studiane, men som likevel prioriterer dette.
Sansfica frå Sri Lanka til høgre

No ringde dei frå Autobacs at bilen er ferdig ein time før tida, så då må eg ta meg ein liten spasertur ut i kulda. Men skal vel ikkje klage på kulden når eg les om tosifra minusgrader heime i Norge...