Wednesday, June 19, 2019

Siste innspurt før ferien


I skrivande stund sit eg på eit lite internatrom på bibelskulen i Kobe. Idag har eg hatt ein dobbeltime i musikk, og i morgon føremiddag har eg ein ny dobbeltime, før vi avsluttar for sommaren med ein liten huskonsert.
Eg er ferdig med alle tre japanske preikene. Då var det godt å sleppe å ha ansvaret for den internasjonale gudstenesta denne gongen. To kjekke karar, Christoffer og Ole Bjarne, kom frå Kobe til Matsue og tok den jobben, og det gjorde dei med glans!

Etter at dei hadde rigga seg til med medbragt lydanlegg og øvd litt, tok Shoko oss med ut på middag. Medan dei heldt fram med øvinga, køyrde eg tilbake til universitetet og ein runde via stasjonen og fylte bilen med afrikanske damer.

 På kyrkjeveg. Desse damene er fargerike på mange måtar og set sitt preg på studentmiljøet. Dei representerer kristne i Kenya, Sør-Afrika og Eritrea. Ein rikdom å ha dei her!

To kristne jenter frå USA er på utveksling ved universitetet i Matsue i tre månader. Ei av dei leia gudstenesta, og den andre var tekstlesar.

Ho som les teksten på japansk, er dotter til pastoren i kyrkja.

Christoffer talte, Ole Bjarne hadde vitnemål, og dei deltok både med solo og duett i tillegg til å leie allsongen, også. Flott innsats, og ein god bodskap!
Her er eit lite glimt:


 Det var godt å få vere tilhøyrar for ein gongs skuld, og vere med og synge utan å skulle ha ansvar for både tale og musikk.

På linken nedanfor kan du høyre opptak av heile gudstenesta:
Internasjonal kveldsgudsteneste 16. juni


Måndag morgon rakk vi litt sighseeing før gjestane måtte reise for å rekke japansktimen, og for å kome heimatt til kone og barn som venta. Neste gong må de ta med familien, også!

Dei er framleis språkskulestudentar. Det skal bli spennande å sjå kvar dei blir plasserte i arbeid frå neste haust.

Eg prøver å gjere meg klar til å reise på ferie, med alt som må ordnast før eg reiser heimanfrå på søndag. Ja, eg skal tilbake til Matsue nokre dagar. Andre skal bu i leiligheita, så det må sjå nokonlunde skikkeleg ut, og ein del må leggast til rette for Bible Club medan eg er borte.

På ein måte var det godt å komme vekk litt. Her på internatrommet har eg iallfall ikkje meir rot enn det eg hadde med meg på bussen. Eg fekk til og med litt ro til å jobbe med andakta til LMF-møtet neste veke.

Det var bra stemning i musikktimen i dag. Då eg kom innom på skulen i ettermiddag, høyrde eg nokon som øvde på fløyte. Ein av dei eldste elevane hadde tatt med seg fløyta si
. Ei av dei andre spelar okarina, og det vart faktisk ganske bra! Etter kortimen hadde vi ei lita øvingsøkt med musikarane. Her er dei:

Velkommen på konsert i morgon! :)


No kjenner eg at det skal bli godt med ferie. Søndag 23. etter gudsteneste og menighetsrådsmøte set eg meg på bussen igjen, mot Osaka, der eg overnattar hos venner og reiser den 24. 06.

Planen fram til 4. juli blir omtrent slik:
25. juni - frå Gardermoen til Kristiansand
27.-30. juni - LMF sommarmøte i Stavanger
1.-4. juli tilbake til Kristiansand og besøk til venner i området
4. juli kveld til Sjøholt, der eg skal ha base fram til 13. august. Då sjåast vi vel?!

Wednesday, June 5, 2019

Uventa besøk

Kva gjer du når det plutseleg står ti barn i døra, ni jenter og ein gut som aldri har vore i ei kyrkje før? Og korleis forklarer du kven Gud eller Jesus er til dei som høyrer for aller første gong? Mine japanske medarbeidarar klarte det ganske bra, men vi vart vel alle litt forfjamsa då det plutseleg var bortimot tre gonger så mange barn som det bruker å vere på Hosanna Kids.

I Arashima kyrkje har vi hatt barnemøte ein laurdag i månaden ifrå desember i fjor. To kristne mødre kjem med sine eigne barn og nokre venner av dei som bur eit stykke unna. Hittil har det ikkje vore ein einaste frå den næraste barneskulen.

Men så står dei plutseleg i døra. Skorne stiller dei fint opp i gangen.


Song, leik, andakt og forfriskningar står på programmet. Det ser ut som om dei trivst, og lyttar til det som blir sagt.




Borna frå Arashima barneskule hadde sett plakaten på oppslagstavla utanfor kyrkja. Der stod det at vi skulle lage "perledrikk", og det var visst det som gjorde at dei fekk lyst til å kome. Eg har ikkje vore med på dette før. Først laga vi små kuler av ei deig av potetmjøl og brunsukker. Kulene måtte vere såpass små at dei kunne gå gjennom eit stort sugerør.
Så skulle desse kulene koke i 20 minutt, til dei vart blanke og gjennomsiktige som perler. Så vart perlene putta opp i drikken. Dei kunne velje mellom fleire typar og farge av drikke, både juice og te.

Sidan det kom så mange fleire enn det var kjøpt inn drikke til, vart det ikkje fulle glas. Men ingen klaga for det.
Kald maccha latte med "perler". Denne smaken valde eg, også. Veldig godt!

 Store og små deler på det lille godteriet som er og kosar seg, langt utover tida då det eigentleg skulle vere slutt. Ho som set opp blomster til kvar einaste gudsteneste, er på plass i bakgrunnen og gjer klart til søndagen.

Så er det spennande om desse som kom for aller første gong, vil komme tilbake 6. juli. Då skal dei lage is. Og lære eit nytt minneord og høyre meir frå Bibelen.


Men det kan ikkje eg vere med på. Eg får heller kjøpe meg litt is i Norge. 


Det har blitt mykje is-eting i det siste. Når vegen er kort til butikken, treng eg heller ikkje så mykje plass i frysaren.
Idag sveitta eg meg gjennom badmintontreninga, i ein gymsal som kjendest nesten ut som ein sauna. Når racketen glepp i handa på grunn av sveitte, er det kanskje greitt å gi seg for ei stund. Eg sa til dei at eg trur eg tek pause fram til september... Eg blir no vekke det meste av tida likevel. Det som er litt artig, er at no er det fleire av dei som viser interesse og spør når og kvar eg har neste engelsk-klasse. To av dei har allereie vore her, og ei til vil gjerne komme på fredag. Idag sa trenaren også at ho har lyst å komme på fredag. "Ja, men vi bruker Bibelen som lærebok, " forklarte eg. Og denne gongen er det i kyrkja. Men det verka ikkje som om det gjer noko frå eller til.

Så sveitta eg ikkje forgjeves idag, likevel, kanskje...

Du som ber, kan gjerne hugse på både borna i Arashima og badmintondamene i Matsue. Og gjerne engelskklassedamene i Nima, også, som eg traff i går.