Saturday, January 25, 2014

Helgebesøk

Det er allereie gått ei veke, men av ein eller annan grunn går det ikkje like fort å legge ut nytt stoff her som på Facebook. Og veka går fort. Først rydde opp etter gjestar, så reise til Kobe på styremøte, og så er det plutseleg helg igjen...
Sjølvaste sjefen var på besøk forrige helg. Her er stedlig representant Gunnar Urstad ilag med kona Ruth og yngste dotter Hanna Emilie. Det vart ein sein middag på laurdag, for det var mykje vi skulle gjere den ettermiddagen. Etter ein lang biltur frå Kobe ville dei ut og strekkje på føtene. Og det vart ein god spasertur, der dei fekk sjå kvar Maria budde for snart to år sidan, og ein sportsbutikk for å sjå på skiutstyr, og så måtte eg også vise dei skobutikken som Maria likte så godt.
Men det Gunnar eigentleg skulle, var å ha medarbeidarsamtale med meg. Det foregjekk på ein kafé på eit handlesenter, medan Ruth og Hanna Emilie gjekk rundt i butikkane.
Vi rakk heim og ete middag i 19.30-tida, og rakk onsen-badet ein time før stengjetid. På veg heim leda guiden deira sjåføren inn på ein litt feil veg, som førte til at Kobe-bilen med sommardekk plutseleg stod fast i ein bakke. Det hadde nemleg snødd og hagla ein del medan vi sat i det varme badet.
Men Kobe-folk kjem ikkje til vinterland utan kjettingar i bilen.
Etter at bilen hadde fått skodd seg skikkeleg, var det ikkje problem å komme vidare. Men det vart ein litt sein kveld.

Søndag var Urstad sine til kyrkje i Yonago og kom tilbake så vi rakk ein joggetur før nonsmat og kveldsgudsteneste.

Det var eigentleg min jobb å preike på denne gudstenesta, men då Gunnar ringde og spurde om dei kunne kome den helga, kom eg på å spørje han, og han sa ja ganske med ein gong. Og då eg i tillegg fekk ei japansk veninne til å tolke, var det heilt midt i blinken at dei kom denne helga! I tillegg hadde Hanna Emilie fri frå skulen på måndag, som gjorde at dei kunne vere over, og dei fekk seg også ein lang skidag på veg heimatt.

Det var litt historisk å ha familien Urstad med på den internasjonale gudstenesta, for det var dottera Maria som var drivkrafta til at vi starta opp desse gudstenestene for nesten to år sidan. "Kva betyr det å be?" var temaet Gunnar preika over. Ei veldig god preike, som enno fleire skulle ha høyrt! Men eg er glad for alle som kom. Hittil rekord, med 27 vaksne, ein tenåring og to små born. Fleire ikkje-kristne kom også for første gong.
Her er talar og tolk med kvar sin i-pad. Det er nye tider... Ikuko Takeda er engelsklærar ved ein vidaregåande skule, og snakkar engelsk flytande. Og sjølvsagt også flytande japansk. Ho gjorde ein mykje betre jobb enn eg kunne ha gjort dersom eg skulle tolke, som planen var heilt fram til fredag kveld.

Det var ei ganske stor forsamling denne gongen. Tenk om dette var eit gospelkor eg kunne dirigere!
På gospeløvinga i dag var vi fire...


Det vart mange gjensyn denne kvelden: Her er Nobuko Kajinishi i prat med Ruth.

Her er Gunnar ilag med Junichi Ishimaru, som no er prest i Arashima.



Og Hanna Emilie traff igjen barnevakta si, Aika Ishimaru.


Praten går, og det er god stemning etter gudstenesta.
Jamie i midten, frå Florida, studerer dette året i Osaka, og var på besøk i Matsue denne helga. Dei to japanske studentane var i Florida i fjor på eit månads studieopphald med homestay i kristne familiar. Jamie har vore med og tatt imot studentar frå Matsue i fleire år. Mange studentar får eit første møte med kristendommen under dette opphaldet, og fleire har kome fast på Bible Club etter det.
Også denne våren, i februar-mars, reiser Carmella og Scott med ei gruppe på 16 studentar. Du som ber, må gjerne hugse på dei, også.

Monday, January 13, 2014

Nytt år

Då skulle det iallfall vere på tide å ønskje dykk godt nyttår! Dette blir framhald frå bloggen 2. juledag. Det er blitt fredag i romjula, og Liv Bakke og David Thorsen har kome seg trygt fram på sommardekk, med kjettingar det verste stykket. Sjølv om mange studentar hadde reist tilbake til heimplassen/heimelandet, var andre komne heim til Matsue på nyttårsferie, så vi vart ein bra flokk likevel.
(Biletet ovanfor er tatt av David Thorsen)

Neste morgon hadde vi fått meir snø. Dette er utsikta frå inngangsdøra mi.

Nordmenn kosar seg med japansk mat.

Etter besøket var reist, hadde eg meir gjestar. Nyttårsaftan ettermiddag var det ungdommane i kyrkja som hadde sitt årlege juleselskap hos meg. Til vanleg er det ei eller to som samlast på søndag morgon før gudstenesta, men no var også to av dei eldre ungdommane komne heim på ferie.

Frå klokka 22 samme dag hadde eg ope hus for fellesskap og bøn før det nye året. Ei kinesisk jente som har vore med i Bible Club tidlegare, hadde sett invitasjonen på Facebook og spurde om ho også kunne kome. Og etter denne kvelden bestemte ho seg for å komme fast på Bible Club igjen. Ei japansk jente som kom på den internasjonale gudstenesta i desember for første gong, har vore med på fleire samlingar i jula. Ho har lyst å lære meir om Gud, så ho vil også komme på Bible Club og i kyrkje så ofte ho kan. Desse to jentene kan de gjerne vere med og be for.
På nyttårsdag er det fleire som kler seg i kimono.
Fleire av dei som var hos meg på nyttårsaftan, vart også med i kyrkja på gudsteneste på nyttårsdag, med lunsj etterpå.
Fru Kajinishi liker også å kle seg i kimono, men fordi ho arbeidde på kjøkkenet, måtte ho ha spesialsydd forkle. Her har ho tatt det av til ære for fotografen, og pastor Kajinishi fann ut at forkledet kunne passe godt som prestekjole...
Ein av familiane i kyrkja driv fiskebutikk med levering av mat. Før nyttår hadde dei det veldig travelt. Omtrent 100 slike øskjer med nyttårsmat hadde dei laga og levert på bestilling. Og tenk, så hadde dei ei til overs for meg, også! Men det var altfor mykje for meg å ete åleine, så heldigvis heldt maten seg til Bible Club to dagar seinare. Då kombinerte vi japansk nyttårsmat og pizza...
3. januar var framleis ferie for studentane, men fleire møtte likevel opp. Så på Bible Club har vi verken hatt juleferie eller nyttårsferie, men heller meir aktivitet enn elles.

Etter å ha hatt så mykje folk ut og inn heime og vore vertinne stort sett heile jula og nyttåret, var det godt å komme seg litt vekk. Frå måndag til tirsdag forrige veke tok eg ein tur til Kari Opperud i Nima.

Sandstranda i Nima er fin om sommaren, men solnedgangen i januar er også verdt eit bilete.

Tirsdagen var det fint vêr, så vi la ut på ein liten fjelltur. Det viste seg at det var godt å ha gode sko, og eg var iallfall glad for at det var tau å halde i på dei brattaste partia. Mot toppen var det ganske mykje snø, også, så det var ikkje alltid like lett å få skikkeleg fotfeste.

Sjølv om det tok berre vel ein time til toppen, smakte det godt med nistemat, te og sjokolade.



"Vær forsiktig, lille fot, hvor du går." Ein roten kjepp er kanskje ei falsk trøyst, men det kjendest litt betryggande å ha noko i handa der det ikkje var tau å halde i...


Snøen her i Matsue kjem og fer, men før helga hadde vi bra snøfall igjen. Her var eg ute på fredag morgon og tok bilete av tunge sakuratre-greiner før den tunge snøen fall av. Igjen var det snø på ein fredag, som igjen førte til at to damer ikkje kom på bibelklassa mi den morgonen. Kvifor skal det "alltid" vere snø på ein fredag?!

Nokre av dei som kjem på Bible Club fredagskveldane, har iallfall lært å kle seg etter vêret.

Eit nytt år med nye moglegheiter. Til helga er det internasjonal gudsteneste igjen. Denne gongen har eg fått Gunnar Urstad til å preike i staden for meg. Han og Ruth og yngste dottera Hanna Emilie kjem oppover på komande laurdag. Det var Maria, eldste dotter til Ruth og Gunnar, som var drivkrafta bak å starte internasjonal ungdomsgudsteneste for nesten to år sidan. No kan eg drive litt PR og gjere folk nysgjerrige på å treffe foreldra og søstra hennar.
Forhåpentlegvis vil også fleire kyrkjemedlemmer møte opp, sidan Gunnar også er leiaren for NLM her ute. Det er mitt håp og mi bøn at dette arbeidet "mitt" kunne bli meir ein del av kyrkja sitt arbeid. Eg set pris på om du som ber, kan ta meg med i bøn i dagane og månadene framover.