Tuesday, May 31, 2011

Tida går

Det kjennest som om det er ei stund sidan eg har skrive blogg no. Det har samla seg opp mange bilete og mange opplevingar eg kunne ha tenkt meg å dele, men eg kan ikkje ta meir enn eit lite utval.

For eit par veker sidan spurde eg: "Kvar er japanarane?" På Bible Club var vi berre utlendingar og snakka ilag om korleis vi skulle få tak i japanske studentar. Ein koreanar som går her ganske fast, såg si oppgåve, og han fekk med seg to japanske førsteårsstudentar han hadde møtt ein gong.

Shizuka og Hiromi såg ut til å like seg godt, og Bak, som hadde invitert dei, var ganske fornøgd med at han meinte han også hadde skaffa meg to nye kokker!

Ny kontakt

Den kristne studentgruppa ved universitetet har hatt lite eller ingen aktivitet siste halvåret, og leiaren har gitt beskjed om at han ikkje kan ta ansvaret lenger. Så KGK-sekretær Yajima tok turen ifrå Okayama for å treffe dei kristne studentane og snakke med dei om vegen vidare. Det var berre ei som møtte opp, men det vart eit positivt møte.

Hikari hadde eg høyrt om før, men aldri truffe. Takka vere Yajima har vi no fått kontakt, og vi bestemte å starte opp med bønnemøte i lunsjpausen kvar onsdag framover. I morgon er første samling. Eg har gitt beskjed til dei få andre kristne eg veit om ved universitetet, men for å vere realistisk reknar eg ikkje med det blir andre enn Hikari og meg i morgon. Likevel er det ein bra start. Hikari har også lyst å komme på Bible Club. Det blir bra å få fleire kristne studentar innom her, også! Det viser seg forresten at ho spelar i brassband ilag med Shizuka og Hiromi på første biletet!

Ryktet spreier seg

Sist fredag fekk eg ei melding på mobiltelefonen frå ei ukjent jente. "Hei! Eg heiter Shino og er veninne til Shizuka. Ho har fortalt meg om Bible Club, og eg vil gjerne delta i dag!"

Og ho kom. Det viste seg at Shizuka hadde skrive om Bible Club på "Mixy", ein slags japansk versjon av Facebook, og Shino hadde sett det og fekk lyst til å bli med sjølv. Så artig når studentane sjølve driv PR!

Gospel
Kazuaki er ein av studentane som var i Arkansas på homestay i vårferien. Der budde han med ein kristen familie, og far i huset var prest. Då var det sjølvsagt naturleg å vere med til kyrkje, og han er blitt meir interessert både i Bibelen og i kristen musikk.

Dagen etter Bible Club vart Kazuaki også med på Youth Gospel Club i kyrkja. Det var første gongen han var i ei japansk kyrkje. Hadde han ikkje hatt deltidsjobb på søndag, hadde han sikkert kome på gudsteneste for å høyre meg preike. Han verka iallfall veldig nysgjerrig.

Misjonærsamling

Misjonærar er som flyttfuglane, som kjem og fer. I går hadde vi velkomst- og avskjedsfest i Kobe. Denne gongen tok eg ein liten omveg på veg til Kobe og stoppa hos Johanna Tervonen, som flytta til Okayama i mars. Det var kjekt å sjå korleis ho bur og å oppleve sola etter mange dagar med regn.


Langs denne elva går eller joggar Johanna ofte, men det er ikkje ofte der er så mykje vatn i elva.


Så er vi i Kobe på misjonærsamling. Etter å ha ønska familien Nygaard velkommen, var det avskjed for veteranane Herborg og Tore Jåtun.
- Eg kjem heilt sikkert til å banke på døra dykkar ein gong, sa Johanna i avskjedshelsinga til dei, og la til:
- Men først må eg finne ut kvar den døra er!

Kor mange gonger Herborg og Tore har reist ifrå Japan, har dei ikkje eingong talet på sjølv, og det er kanskje ikkje siste gong, dette, heller?

Heime igjen


Risen er planta og veks frå dag til dag. Slik er det vel med det Ordet vi har sådd, også, sjølv om det ikkje alltid er så lett å få auge på spirane.

Saturday, May 21, 2011

To gonger 17. mai


Sjølv om vegen var for lang til å reise til Kobe og feire 17. mai ilag med dei norske der, fann vi misjonærane ei anledning til å markere dagen likevel. På ein vanleg arbeidsdag stilte Runar Matsui-Li og eg i bunad og serverte kake til medarbeidarar på nordfeltet.
Kaka ovanfor er ikkje den eg laga til arbeidarmøtet, men er den som kona til Runar laga til feiringa på Hiruzen i dag. Les meir om det nedanfor.

(Foto: Katsuhiro Igi)
Nasjonalsongen høyrer med. Japanarane stod andektige og høyrde på første verset av "Ja, vi elsker dette landet." Jau, vi er glade i Norge, men vi er også glade i dette landet, altså Japan!
Tidlegare misjonær Margot (Almedal) Andreassen var også på besøk, heilt til venstre. Attmed henne står Kari Opperud.


17. mai på den 21.

Idag har eg vore i Hiruzen kyrkje på English & Bible Time for dei frå 5. klasse og oppover. Keiko Matsui-Li hadde ønska å markere den norske nasjonaldagen og bad meg stille med bunad og flagg. Først hadde vi bibelstudie om kor viktig det er å bygge livet og landet på Jesu ord. Så fekk dei i oppgåve å teikne det japanske flagget slik det ville ha sett ut om dei sjølve fekk bestemme.


Her er eitt av resultata.


Etter sekkeløp og potetløp inne i kyrkja (!), var det mat å få. Hiruzen yakisoba er ein populær rett som folk kjem langvegsfrå for å kjøpe seg, og her fekk vi det servert, heilt gratis! Bra 17.mai-mat!


Runar Matsui-Li med minsta på armen. Ho og eg var bunadkledde.


Keiko overraska med norsk-flagg-kake, med marsipandekke pynta med jordbær og blåbær!


Forventningsfulle gutar.


Medan gutane klatra, fekk Yuiko prøve sunnmørsbunaden.


Litt for stor for ein 11-åring, kanskje...






Takk for ein koseleg dag!

Fleire bilete både frå 17.mai i Matsue og 21. mai på Hiruzen finn du her:
Livet i Matsue, Facebook Album

Hiruzen kyrkje, Facebook Album

Monday, May 16, 2011

- Kvar er japanarane?

Utanlandsstudentar og engelsklærarar møter opp på Bible Club, men i det siste har det vore vanskeleg å få med japanske studentar. Kvar er japanarane?

Det var ikkje så mange av dei koreanske og kinesiske studentane heller denne fredagen. Men nettopp fordi vi var så få, fekk vi ein heilt spesiell kveld med gode samtalar.
- I kveld kan vi til og med sjå ansikta til kvarandre når vi snakkar, var det ein av dei som sa.


Den koreanske studenten spela rolla til den rike bonden veldig bra:

- Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom åt grøda mi. Jau, no veit eg det: Eg vil riva ned løene mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt det eg elles eig. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande for mange år. Unn deg ro, et, drikk og ver glad!

Men Gud sa til han: "Du dåre! I denne natt krev dei livet ditt av deg. Kven skal då ha det du har samla?"
Såleis går det med den som samlar seg skattar og ikkje er rik i Gud.

Luk. 12, 17-21


Begge dei to ikkje-kristne studentane tok opp samme spørsmål, som eg aldri har tenkt over før. Det gir stadig nye aha-opplevingar å lese Bibelen med nye auge!
Etter likninga om den rike bonden, held Jesus fram med å undervise om Guds omsorg.

"Sjå på ramnane! Dei sår ikkje og haustar ikkje, dei har korkje matbu eller løe, men Gud føder dei likevel. Kor mykje meir er ikkje de enn fuglane!"
LUK 12,24

Det var den siste setninga som fekk ungdommane til å spørje. Kvifor er menneske meir verd enn fuglar eller blomster? Sjølv om vi andre prøvde å forklare, verka det som om det ikkje gjekk heilt inn. Skulle ønskje dei fekk sjå kor stor verdi dei har!

Ny engelsk-og bibelgruppe


Desse jentene traff eg i Oda kyrkje på laurdag ettermiddag. Presten har snakka lenge om at han gjerne vil ha hjelp til å nå ungdommar, og det var eigentleg elevar i vidaregåande han hadde sett som målgruppe. Men ikkje ein einaste svarte på innbydingane som han delte ut framfor skulen. Så då prøver vi heller ungdomsskuletrinnet, for der har dei allereie fleire som kjem i kyrkja, og så kan dei invitere med seg venner. Og her er dei som kom på første bibel- og engelskgruppa. Alle tre jentene byrja på ungdomsskulen i april, og engelsk er nytt fag for dei. Jenta til venstre vart døypt i påska. Ho har gått på kyrkja sin SFO, Lovely House, som vart starta etter at barnehagen vart nedlagt, og gjennom den kontakten har ho kome i kyrkja. Dei andre to går også på søndagsskulen.


Presten sjølv var også aktivt med i gruppa. Her presenterer han seg på engelsk:
- My name is Fukao Yoshiteru. I am a pastor, not pasta!


Oda er kjent for dei gamle sølvgruvene i Iwami.

Eg avsluttar med eit par bilete ifrå Izumo, der eg var i går. Izumo ligg midt mellom Matsue og Oda.

Izumo lutherske kyrkje lyser opp i landskapet. Rundt kyrkja er det stort sett berre rismarkar, som no er nyplanta og fulle av vatn.


Ein flott solnedgang fekk eg også med meg rett utanfor kyrkja. Under kveldsgudstenesta byrja froskane å syngje sitt eige kor utanfor kyrkjeveggane!

Monday, May 9, 2011

Fram med sandalane!

Sommaren kom så brått, før eg har fått rydda vekk vinterkleda. Idag har eg funne fram sandalane. Herleg å gå i sommarbukse og sandalar att!

Forrige veke var "heile Japan" på ferie. Eg og Nadine var med på Golden Fellowship-leiren på Hiruzen. Nadine hadde framleis vinter-Hiruzen i minnet og kunne ikkje heilt forstå at dette var samme plassen.


Dette var dei som var med på ungdomsprogrammet under leiren. Første dagen hadde vi ein liten fjelltur.


Andre dagen hadde vi planlagt sykkeltur, men alle syklane var utlånt, så vi trøysta oss med blåbærsoftis i staden.


Tredje og siste dag på leiren fekk vi endeleg leigt oss syklar, etter å ha venta tolmodig på tur. Hiruzen hadde framleis kirsebærtre som blomstra.




Ikeda styrer på kjøkkenet og steller godt med oss på Hiruzen.

Fleire bilete frå leiren kan du sjå her:
Facebook-album

Tilbake til Matsue:

Desse får representere dei 12-13 personane som var innom på Bible Club fredag. Jenta til venstre er frå Mongolia og var med for første gong. Ho hadde også fått med seg ei japansk veninne.


I går kveld hadde eg bibelstudium med Mayumi og Reiko, som tidlegare var med på Bible Club. Dei takkar for brev frå Asbjørn Kvalbein!

No sit eg i Kobe og skriv, etter fleire timar på bussen. Nytt JS-styremøte i morgon. Eg synest ikkje det er så lenge sidan eg var her sist...
Så får eg nyte sommaren før det blir for varmt. Men det er over to månader til sommarferien...Håper eg får bruk for sandalane i Norge, også!