Tuesday, May 31, 2011

Tida går

Det kjennest som om det er ei stund sidan eg har skrive blogg no. Det har samla seg opp mange bilete og mange opplevingar eg kunne ha tenkt meg å dele, men eg kan ikkje ta meir enn eit lite utval.

For eit par veker sidan spurde eg: "Kvar er japanarane?" På Bible Club var vi berre utlendingar og snakka ilag om korleis vi skulle få tak i japanske studentar. Ein koreanar som går her ganske fast, såg si oppgåve, og han fekk med seg to japanske førsteårsstudentar han hadde møtt ein gong.

Shizuka og Hiromi såg ut til å like seg godt, og Bak, som hadde invitert dei, var ganske fornøgd med at han meinte han også hadde skaffa meg to nye kokker!

Ny kontakt

Den kristne studentgruppa ved universitetet har hatt lite eller ingen aktivitet siste halvåret, og leiaren har gitt beskjed om at han ikkje kan ta ansvaret lenger. Så KGK-sekretær Yajima tok turen ifrå Okayama for å treffe dei kristne studentane og snakke med dei om vegen vidare. Det var berre ei som møtte opp, men det vart eit positivt møte.

Hikari hadde eg høyrt om før, men aldri truffe. Takka vere Yajima har vi no fått kontakt, og vi bestemte å starte opp med bønnemøte i lunsjpausen kvar onsdag framover. I morgon er første samling. Eg har gitt beskjed til dei få andre kristne eg veit om ved universitetet, men for å vere realistisk reknar eg ikkje med det blir andre enn Hikari og meg i morgon. Likevel er det ein bra start. Hikari har også lyst å komme på Bible Club. Det blir bra å få fleire kristne studentar innom her, også! Det viser seg forresten at ho spelar i brassband ilag med Shizuka og Hiromi på første biletet!

Ryktet spreier seg

Sist fredag fekk eg ei melding på mobiltelefonen frå ei ukjent jente. "Hei! Eg heiter Shino og er veninne til Shizuka. Ho har fortalt meg om Bible Club, og eg vil gjerne delta i dag!"

Og ho kom. Det viste seg at Shizuka hadde skrive om Bible Club på "Mixy", ein slags japansk versjon av Facebook, og Shino hadde sett det og fekk lyst til å bli med sjølv. Så artig når studentane sjølve driv PR!

Gospel
Kazuaki er ein av studentane som var i Arkansas på homestay i vårferien. Der budde han med ein kristen familie, og far i huset var prest. Då var det sjølvsagt naturleg å vere med til kyrkje, og han er blitt meir interessert både i Bibelen og i kristen musikk.

Dagen etter Bible Club vart Kazuaki også med på Youth Gospel Club i kyrkja. Det var første gongen han var i ei japansk kyrkje. Hadde han ikkje hatt deltidsjobb på søndag, hadde han sikkert kome på gudsteneste for å høyre meg preike. Han verka iallfall veldig nysgjerrig.

Misjonærsamling

Misjonærar er som flyttfuglane, som kjem og fer. I går hadde vi velkomst- og avskjedsfest i Kobe. Denne gongen tok eg ein liten omveg på veg til Kobe og stoppa hos Johanna Tervonen, som flytta til Okayama i mars. Det var kjekt å sjå korleis ho bur og å oppleve sola etter mange dagar med regn.


Langs denne elva går eller joggar Johanna ofte, men det er ikkje ofte der er så mykje vatn i elva.


Så er vi i Kobe på misjonærsamling. Etter å ha ønska familien Nygaard velkommen, var det avskjed for veteranane Herborg og Tore Jåtun.
- Eg kjem heilt sikkert til å banke på døra dykkar ein gong, sa Johanna i avskjedshelsinga til dei, og la til:
- Men først må eg finne ut kvar den døra er!

Kor mange gonger Herborg og Tore har reist ifrå Japan, har dei ikkje eingong talet på sjølv, og det er kanskje ikkje siste gong, dette, heller?

Heime igjen


Risen er planta og veks frå dag til dag. Slik er det vel med det Ordet vi har sådd, også, sjølv om det ikkje alltid er så lett å få auge på spirane.

No comments:

Post a Comment