Monday, June 6, 2011

Søndagspreiker


Eg må seie eg beundrar medmisjonærar som førebur ei ny preike til omtrent kvar einaste søndag. Eg har nok med nokre få i året. Særleg når det er over 4 månader sidan sist eg skreiv ei preike, er det ikkje lett å setje seg ned. Men ved hjelp av mange si forbøn, hint ifrå Paulus og brev frå Ørskog Sparebank, så kom eg i mål til 29. mai. Eg hadde håpa å ha nokre ikkje-kristne tilhøyrarar i kyrkjebenkane, også, men dei studentane eg hadde invitert, kunne eller ville dessverre ikkje kome. Og dei fleste har heller ikkje noko så gammaldags som kassettspelar, så dei kan heller ikkje høyre eit opptak av gudstenesta. Men no har eg iallfall lagt ut manus på Facebook og sendt til mange i personleg melding, også, så dei som vil, kan lese.

Siste nytt er også at preika finst på norsk! Takka vere ein kamerat heime som eg chatta med på laurdag, er no preika omsett til nynorsk. Vi gjorde først eit forsøk med Google Translator, men sjølv om det var underhaldande å lese, var det lite meining å få utav det. Så dermed tok eg jobben sjølv. Omlag 2 1/2 time tok det å få alt over på brukbart norsk, men det er berre ein brøkdel av den tida det tok å førebu den japanske preika.

Her er ein smakebit av kva Google fekk til:
"Kristus er akkurat hva de fremmede guder?"

En. Utenlandske guder?

"Kristus er akkurat hva de fremmede guder?" Du er mennesker som tror på forskjellige guder i denne verden. Hva er Guds land. Hva krever Gud skapte verden eller bare. Utenfor kirken mener kristendommen er en fremmed religion kan være mer rettferdig.

Kristendommen er sikkert kom fra utlandet. Men bare fordi du kommer fra utlandet for å lære Gud hva Guds er bare kristne land. Vurder i dag med de greske filosofer.

Athen er folk virket veldig interessert i religion og filosofi. Byen Athen var et sted som hjem for gamle greske filosofen. Var godt kjent religiøse sted. Byen har et tempel og alteret av gudene som Athen synes å være noe annerledes. En dag Paul kom til stedet av disse misjonærene. Fordi folket i Athen ikke ble hørt historien noensinne nysgjerrige (Kouki Shin) er sterk.


Eg trur vi stoppar her...
Samanliknar du med den nynorske versjonen nedanfor, finn du nok visse skilnader i innhald, ikkje berre språk. Eg håper verkeleg at den japanske versjonen var meir forståeleg enn Google sin!

I overskrifta skriv eg "søndagspreiker". Det betyr at eg ifrå i morgon må setje meg ned for å starte førebuinga til neste søndag, når eg er blitt spurt om å kome til Arashima for å preike på sjølve pinsedagen. Så då er det "på'n igjen"... Vil nokon hjelpe meg med litt forbøn, er eg veldig takksam!"
Men neste preike blir nok ikkje omsett til norsk.

Her er altså den mykje omtalte nynorsk-versjonen av den japanske preika 29.5:

Er Kristus berre ein utanlandsk Gud?
Apostelgjerningane 17, 22-34

1. Ein framand Gud?
Er Kristus berre Gud for framande land? Det finst mange menneske i verda som trur på mange ulike gudar. Betyr det at kvart land har sine eigne gudar? Eller finst der ein Gud som har skapt heile verda? Utanfor kyrkja er det nok mange som meiner at kristendommen berre er ein utanlandsk religion.

Det er klart at kristendommen har kome hit frå utlandet. Men kan vi av den grunn seie at den Gud som kristendommen lærer, berre er for andre land? La oss tenkje ilag med greske filosofar idag.

Atenarane var veldig interesserte i religion og filosofi. Aten var frå gammalt av sentrum for gresk filosofi. Også religiøst var byen berømt. Der var ingen annan by som hadde så mange tempel og gudealter som Aten. Til denne byen kom ein dag misjonæren Paulus. Fordi han forkynte ei lære som atenarane aldri hadde høyrt før, vart dei veldig nysgjerrige.
"Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?" sa nokre. Andre sa: "Det er likt til at han forkynner framande gudar." (Apg. 17,18)
Og dei spurde: "Kan vi få vita kva slag ny lære det er du kjem med?” (v.19)

Slik opplevde ikkje eg det då eg kom til Matsue. Folk flokka seg ikkje rundt meg og bad meg lære dei om Gud. Men eg blir ofte spurt: ”Kvifor har du kome til Japan?” Den første plassen eg arbeidde, var i Tottori. Eg budde omlag 3 km frå kyrkja. Borna i nabolaget kom ofte for å prate med denne utlendingen som hadde flytta dit. ”Kvifor kom du til Japan?” ville dei vite. Men på språkskulen hadde eg ikkje lært korleis eg skulle snakke med barn, så det vart litt vanskeleg. Spesielt var det to slags spørsmål eg ikkje forstod forskjellen på: "Kvifor (nan de) kom du?" og "Korleis (nani de) kom du?" Svara på desse spørsmåla er også ganske forskjellige. "Kvifor?" – for å fortelje om Jesus. ”Korleis?" – med fly, blir rett svar. Eg prøvde å svare på kvifor eg kom, men korleis skulle eg få sagt det på ein måte så desse borna, som aldri hadde høyrt namnet Jesus, kunne forstå det? Eg byrja å be over dette, og etter ei stund svarte Gud. "Dersom du vil starte barnelag, har kona mi sagt ho vil hjelpe deg," sa ein mann i kyrkja ein dag. Og slik vart det. Ilag med denne kona starta eg opp barnelag i huset der eg budde. Mange born frå nabolaget samlast, og gjennom bibelforteljingar og songar fekk dei lære om Bibelens Gud.

Fordi der var kristne i Tottori, kunne eg evangelisere. Men kva skulle eg ha gjort om eg var heilt åleine? Dersom eg var ein slik type som Paulus, hadde det ikkje vore noko problem, men eg er veldig forskjellig ifrå han.
For Paulus prata med kven som helst han traff på. På torget diskuterte han kvar dag med folk. Som eit resultat vart folk interesserte og sa: "Kan vi få vita kva slag ny lære det er du kjem med?”

Vi er ikkje som Paulus, men om nokon spør: ”Kva er eigentleg denne kristendommen, som du trur på?", er vi då førebudde på kva vi skal svare? Hugsar du kva Peter skreiv?
1PET 3,15 ”men helga Kristus til Herre i hjarto dykkar! Ver alltid budde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for den von de eig.”
Er du førebudd på å svare? Når du har problem med å forklare kva du trur på, hugs då også Jesu lovnad om at Den Heilage Ande, som også blir kalla Talsmannen (Forsvarar), bur i hjarta ditt. Uansett kvar du er, er du ikkje åleine!

Atenarane førte Paulus opp på Areopagos-høgda. Areopagos var frå gammalt av ein domstol. Omtrent 450 år tidlegare vart filosofen Sokrates stilt for retten her. På Paulus si tid var domstolen flytta herifrå, men av ein eller annan grunn ser det ut til at folk ville ta han med til denne tradisjonsrike plassen.

Kvar ville folk tatt Paulus med dersom han kom til Matsue? Ville dei ha tatt han med opp til Matsue Castle (den gamle borga), eller kanskje tatt han med til Izumo Taisha (eit stort, berømt shintotempel i nabobyen Izumo)?

2. Guds fingeravtrykk i Japan

I vers 16 står det at Paulus vart harm i hugen då han såg at byen var overfylt med gudebilete. Men då han startar å tale på Areopagos, gir han ikkje uttrykk for denne harmen. Derimot rosar han dei for deira iver i gudsdyrkinga.
APG 17,22 ”Då steig Paulus fram midt på Areopagos og sa: Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse.”
Han ser at dei er ivrige i trua si. Med å seie det, meiner han ikkje dermed at det dei trur på, er bra, men det ser ut som om han prøver å ta utgangspunkt i deira ståstad for å presentere den sanne Gud for dei.

Då han gjekk ikring og såg på heilagdomane deira, fann han eit altar der det stod skrive: "For ein ukjend Gud", fortel Paulus i vers 23, og legg til: ”Det som de tilbed utan å kjenna det, det er det eg forkynner dykk.”
Det betyr ikkje at Paulus forkynte ein av dei mange gudane som grekarane tilbad. Men så langt som mulig prøvde han å nærme seg deira ståstad for så å gi gudsførestellingane deira eit nytt innhald. Han kjem ikkje med ein gud i tillegg til dei gudar dei har ifrå før, men forkynner den Einaste Gud. Han inngår ikkje eit kompromiss med trua deira.

Paulus apellerer til fornuften deira. Det er som om han vil seie: ”Tenk sjølve!”. Han snakkar logisk til dei:
17,24 - 25 ”Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender, og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev alle liv og ande og alle ting.”
Dersom det finst ein Gud som har skapt menneska og heile verda, bur Han sannsynlegvis ikkje i tempel som menneske har laga. Finst det ein Gud som har skapt himmel og jord, vil han vere forskjellig ifrå gudar som menneske har laga av sølv eller gull.

Bibelen lærer at det er ikkje menneska som har skapt Gud, men at Gud har skapt menneska i sitt bilete. Paulus seier at avgudane er det menneska som har tenkt ut.
Sjølv om denne Gud har vist seg på mange måtar for menneska han har skapt, ser det ikkje ut til at menneska prøver å finne den sanne Gud. På dette området er det ikkje så stor skilnad på grekarar og japanarar. Det synest som om det er få som verkeleg søkjer å finne sanninga. Sjølv om Gud har etterlate seg fingeravtrykk både i naturen og i menneska sitt samvit, legg mange menneske ikkje merke til det.

Eg har to interessante DVD-ar med tittel ”Guds fingeravtrykk i Japan” (God's Fingerprints in Japan 1 & 2). Det er blitt forska på om ikkje det er mulig å finne Skaparen gjennom japansk kultur og religion. Som konklusjon blir det sagt at Gud ikkje berre er ein framand Gud, men er ein Gud som har skapt også Japan og som elskar japanarane. Slik som pottemakaren set sine fingeravtrykk på kjeralda som han lagar, slik har også Gud etterlatt seg fingertrykka sine på japansk natur og kultur. Gud har ikkje forlate Japan. Dei som har kome på avstand, er menneska. Difor kallar Gud japanarane til å kome tilbake til seg.

Ifølgje videoen ”God's Fingerprints in Japan” er det i tidleg shintoisme blitt tilbedt ein gud med namnet Ame-no-mi-naka-nushi (= Herren midt i himlen). I det store templet i Izumo skal der ha vore ein bygning som var over 50 meter høg, der denne Amenominakanushi skal ha blitt tilbedt. Ein meiner at denne guden tilsvarar Skaparen vi møter i Bibelen, og det blir foreslått å bruke dette namnet på Gud i Bibelen. Kva tenkjer de om det?

Eg veit ikkje kva slags tale Paulus hadde halde om han hadde kome til det store templet i Izumo, men då han i Aten såg at ”ein ukjent Gud” vart tilbedt, tok han utgangspunkt i dette og byrja å presentere Gud som har skapt himmel og jord. I starten sa folk: "Det er likt til at han forkynner framande gudar" , men dersom vi høyrer nøye etter kva Paulus seier, forstår vi at dei misforstod. For det første var det ikkje berre ein utanlandsk Gud Paulus forkynte. For det andre forkynte han ikkje gudar i fleirtal, men berre éin Gud. Denne Gud er Herre over himmel og jord, han gir menneska liv og ande og alle ting. Han er ikkje langt borte ifrå nokon av oss.
APG 17,29 ”Er vi då Guds ætt, så må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein, som menneskekunst eller mennesketanke har forma.”

3. Ein bodskap til alle menneske
Vers 30 startar på japansk med ordet ”sate” (=vel, no). Nokre misjonærkollegaer sende borna sine på japansk skule. Borna kom ofte heim med informasjonsbrev frå skulen. Dette var medan foreldra ikkje kunne lese så mykje japansk, men dei hadde lært å leite etter ordet ”sate” for å finne ut kva slags viktig informasjon skulen ville formidle. For dei var ikkje innleiinga eller helsingane så viktige. Kva slags viktig bodskap er gitt oss i dagens ”sate” (vel, no)? Etter ei lang innleiing, kva er det Paulus eigentleg vil seie?

APG 17,30 “Til denne tid har Gud hatt tol med vankunna; men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om. “
”Alle menneske, kvar dei så er, vend om!” er Guds befaling. Gud, som skapte alle menneske som bur på jorda, ønskjer at kvar enkelt skal komme tilbake til han frå den staden dei har kome bort. Også i Det Gamle Testamentet kalla Herren menneske til å vende om.

På Bible Club las vi sist veke frå Jesaja 55. I vers 7 seier profeten Jesaja:
”Den gudlause må venda seg frå sin veg og ugjerningsmannen frå sine tankar og snu om til Herren, så skal han visa miskunn, til vår Gud, for han er rik på tilgjeving.”
” Til denne tid har Gud hatt tol med vankunna,” seier Paulus. Det betyr truleg at fram til Jesus kom, hadde Gud hatt langmod med heidningane. Også i det gamle testamentet hadde Gud kalla heidningane til frelse, men no i den nye tida i NT blir evangeliet forkynt i mykje større omfang.

Gud ser ikkje mellom fingrane på syndene våre, men han let sin eigen son Jesus Kristus bli eit offer i staden for oss, og han ønskjer å tilgi syndene våre fullstendig. ”...alle menneske, kvar dei så er,” betyr ikkje berre grekarane på Paulus si tid, men inkluderer også kvar enkelt som bur i Japan (også Norge!)
Grunnen til at alle menneske må vende om til den sanne Gud, finn vi i v. 31:
APG 17,31 ”For han har fastsett ein dag då han vil døma verda med rettferd, og til det har han etla ein mann. Det har han prova for alle med å reisa han opp frå dei døde.”

For eit par veker sidan kom det store nyheiter frå Amerika. Ein pastor med namnet Camping hadde spådd at dommedag ville kome laurdag 21. mai. Det var sikkert mange som lo av han, men det var også mange som trudde på han. Der var også dei som selde alt dei eigde og førebudde seg på dagen. Og i Vietnam skal mange menneske ha gøymt seg i skogane. Men også denne gongen viste spådommen seg å slå feil.
Derimot veit Gud når denne dagen kjem, for det er han sjølv som har sett datoen. Den dagen vil han dømme verda med rettferd ved ein mann som han har valt ut til det, seier Paulus. Her blir ikkje namnet på denne mannen nemnt, men vi veit at den som Gud reiste opp frå dei døde, er Guds eigen Son Jesus, som døydde på korset for syndene våre.

Det at nokon står opp frå dei døde, var tåpeleg snakk i atenarane sine øyre. Men dette er sentralt i den kristne lære. Paulus kallar Jesu oppstode frå dei døde for eit prov (bevis). Nettopp det at Gud har reist opp Jesus frå dei døde, er eit prov på at Jesus er Herre og har makt til å halde dom.
Ved Jesu Kristi kors og oppstode starta ei ny tid. No er tida då Gud forkynner evangeliet til alle menneske. Korleis svarar vi? Av dei atenarane som høyrde på Paulus sin tale, er det ikkje nemnt meir enn nokre få som trudde.
Alle kunne nok nikke og seie seg einig i første del av Paulus sin tale, men då dei høyrde om Jesu Kristi oppstode og om dommen, var det mange som spotta. Men der var også nokre som gjerne ville høyre meir om dette.

For ei stund sidan fekk eg eit brev frå banken min i Norge. Eg tenkte det var berre ei kontoutskrift eller liknande, så eg let brevet ligge uopna nokre dagar. Ei stund seinare skulle eg rydde nokre andre ting, og opna også denne konvolutten. Det kjendest ut som om det var noko hardt inni. Til mi store overrasking var det eit nytt visa-kort! På konvolutten stod det ingenting om at det var eit viktig innhald. Det gamle kortet mitt går ut i mai, så eg trengde eit nytt kort. Så bra at banken sende meg eit nytt utan at eg eingong hadde søkt om det!

Dersom eg ikkje hadde opna konvolutten, og så reist på sommarferie til Norge berre med det gamle kortet, ville eg få problem. Sjølv om der er pengar på kontoen, ville eg ikkje ha fått ut ei krone på det utgåtte kortet. I Norge er det vanleg å bruke Visa-kort også når ein handlar, men eg kunne heller ikkje få betalt. Sjølv om eg hadde fått det nye kortet tilsendt, hadde det ikkje hjelpt meg om eg hadde late konvolutten bli liggjande der uopna. Samme kor mykje pengar eg har på kontoen, får eg ikkje bruke det gamle kortet.

Den frelsa som Gud vil gi oss, er også på samme måten, trur eg. Han har sendt eit slags nytt ”Visa-kort” til alle menneske. Han sende sin eigen Son som eit menneske til jorda, så vi skulle kunne bli kjent med den sanne Gud. På korset tok Jesus straffa for alle menneske sine synder, og han døydde for å gjere godt igjen det øydelagde forholdet mellom menneske og Gud. Til denne tid hadde Gud hatt tol med menneska, men no er denne gamle tidsalder utgått på dato.

Vi treng eit nytt visa-kort. Det trengst ei ny pakt, ein ny avtale. Kven som helst som angrar syndene sine og trur på Jesus som sin Frelsar, får tilgang til Himmelbanken sin konto. Du får del i noko som har mykje større verdi enn pengar. Når dommedag kjem, er det Herren Jesus som er Dommaren. Men den som kjenner Jesus som sin Frelsar, kan på dommens dag møte Frelsaren Kristus og ikkje Dommaren.
Du har fått tilsendt det nye ”visa-kortet” frå Gud, så ver så snill, ikkje ignorer det! Det gamle kortet er ubrukande. Idag byd Gud at ” alle menneske, kvar dei så er, skal venda om. “

Denne preika starta med spørsmålet: ”Er Kristus berre ein utanlandsk Gud?”. Gjennom dagens bibeltekst håper eg alle kan svare ”Nei!” på det spørsmålet. Gud har skapt heile verda og gir liv til alle menneske. Den oppstadne Kristus har autoritet til å dømme alle menneske. Men også den frelsa som Jesus har førebudd, er for alle menneske. Vil du ikkje opne brevet du har fått tilsendt frå den Himmelske Bank?

La oss be:
”Herre, du som skapte himmel og jord, du er ikkje langt borte frå nokon av oss. Du er den som gir oss både liv, ande og alle ting. Vi har kome på avstand frå Skaperen, men vi takkar deg for at du nettopp for å frelse slike som oss, lét din einborne Son, Jesus Kristus døy, og for at du reiste han oppatt frå dei døde. Må du forbarme deg over oss, slik at kvar enkelt av oss på dommens dag kan møte Jesus som Frelsar, og ikkje som Dommar. Amen. ”

No comments:

Post a Comment