Friday, June 24, 2011

Lønsam togtur


Det lønner seg på fleire måtar å setje att bilen heime og ta toget. Det er både billigare og meir avslappande enn å køyre, iallfall på desse kantar av landet der du kan rekne med å finne sitjeplass. Det er også miljøvenleg. og du kan nytte tida til å lese Vårt Land, til dømes. Eller å prate med folk. Det er veldig sjeldan eg gjer det siste, men når andre sett seg ned fordi dei vil prate med meg, då er det artig!

Laurdag for to veker sidan tok eg toget til Oda. Då eg kom på stasjonen etter engelskklassa i kyrkja, traff eg Nadine med ein heil flokk med skuleungdommar rundt seg. Ho er engelsklærar på to vidaregåande skular i Matsue, og sidan dagen før hadde dei vore på engelskleir ilag med elevar frå fleire vidaregåande skular. Ein av gutane var veldig pratsom, og sat mesteparten av turen heim og prata engelsk med meg, heilt til han vart kvalm av å sitje på tvers i toget, og gjekk for å finne seg ein annan plass. Men før han gjekk, hadde eg fått gitt han ei innbyding til Bible Club.
Junya hadde ikkje før flytta seg før Nadine kom og introduserte Masataka for meg, og vi prata resten av vegen. Eg fortalde også han om Bible Club, og vi utveksla mailadresser.
Igår kom begge gutane på Bible Club. Eg visste om berre den eine, men heldigvis hadde eg kokt middag til 12 personar, så eg hadde nok til alle.
Då Nadine kom inn døra, strålte ho opp: - My boys are here!
Og her sit ho midt mellom dei.

Nedanfor får du helse på heile gjengen, også dei som kom etter middagen for å få med seg bibelstudiet:

Har du lært namna våre no?

Misjonærbesøk
- Kvar er den norske veninna di? spurde Nadine då ho kom. Eg hadde fortalt at eg skulle få besøk av ei som skal reise til Hong Kong som misjonær, men ho hadde ikkje forstått at det var ei japansk jente.

Maki Ikegami førebur seg til å reise til Hong Kong neste år, og ho har nettopp vore på ein månads rekogniseringstur. Denne veka reiser ho og besøkjer kyrkjene på Sanin-feltet.


Ungdommane hadde bestilt norsk mat, og fårikål var ein ny smak for dei fleste. Vellukka.


Sidan Maki skulle få ein del tid, vart det eit kort og intenst bibelstudium denne gongen. Dei to nye gutane gjekk begge aktivt inn i bibelstudiet, og tok rollene som Jesus og kvinna frå Samaria, kanskje for første gong spela av ein gut.


Læresveinane var gått inn i byen for å kjøpe mat, men det einaste dei fann, var resten av brødet mitt.


Maki fortel kvifor ho blir misjonær, og viser bilete frå ungdomsarbeidet i Hong Kong og Macao Lutherske Kyrkje.
- Vi må ikkje berre bli sitjande med det vi har fått av dei norske misjonærane. Sjølv om det framleis er få kristne i Japan, har Jesus sagt at vi skal gå ut, understreka Maki.


Det er alltid stas for Nanaka å treffe "storebror" Bak.



Masataka (t.h.) har visst tenkt å utdanne seg til kokk, og han melde seg frivillig til å lage middag på neste Bible Club. Sporty gjort!

Ja, det lønner seg å ta toget!

1 comment:

  1. I sannhet et variert liv! Vær under signinga fortsatt. ijs

    ReplyDelete