Monday, August 24, 2020

Tilbake til kvardagen

 Det er siste kvelden før eg prøver å kome meg tilbake til eit meir normalt liv, med grupper, bibelstudie og førebuingar. Så no vil eg ta eit tilbakeblikk på ferien og prøve å sjå litt framover.

 Dei første dagane av ferien hadde eg besøk av familien Tråsdahl frå Kobe. Det var kjekt å ha liv i huset. Vi var mellom anna i ein fuglepark, til stor glede både for liten og stor.

Eg har vore der mange gonger, men det er første gong fuglane har vore så nærgåande. Og det sjølv om eg ikkje ga dei mat. 

Her kan de sjå korleis familien Tråsdahl opplevde turen: 

På tur til gode kollegaer i Matsue og Yonago

 Etter at eg hadde rydda etter gjestane, var det min tur til å reise. Ikkje så langt, men godt å komme seg vekk heimanfrå og opp i litt kjøligare luft. Iallfall natta var kjøligare på Hiruzen.

På Hiruzen veks det til og med bjørk. Det er sjeldan å sjå her i landet.

Alle leirane er avlyste i sommar, så det var ganske stille og roleg på leirplassen. Altfor stille. For august er vanlegvis den travlaste månaden. Eg hadde eit rom på Bethlehem Lodge, med tilgang til både kjøkken, flygel og sykkel.

Stort sett heldt eg meg for meg sjølv, men ein dag kom Caroline og David opp frå Yonago og vart med på ein fjelltur. Ja, vi er 1010 m.o.h., men vi starta vel på omtrent 500 meter. 

Rett etter vi tok bilete, kom det ein skikkeleg regnskur, som forsvann like fort som han kom. Men det vart ein flott regnboge etterpå.


Det er alltid kjekt å kome til Hiruzen Bible Camp og bli tatt imot av ekteparet Ohashi. Dei var glade det ville kome fleire gjestar seinare i veka. 

Eg køyrde vidare mot Uradome i Tottori, men tok ein omveg over fjellet for å sjå korleis skiløypene mine ser ut om sommaren og for å køyre ein veg eg ikkje hadde prøvd ut før.

Her står eg oppe i slalombakken. Nede på marka til høgre, der graset er slått, er langrennsløypa. 


Uradome kyrkje ligg nær ei fin, lang sandstrand. I denne kyrkja var eg ofte på gudsteneste, kvinnemøte, barnemøte og engelskklasse dei to åra eg budde i Tottori. Tidlegare budde det også misjonær i den lille leiligheita i andre etasje i kyrkja. Her hadde eg nokre dagar for meg sjølv. Eg hadde delvis avtale med to veninner frå den tida, men på grunn av koronasituasjonen traff eg dei ikkje. Men eg var innom på besøk til ei av naboane mine frå den tida.

Eg hadde gledd meg til å bade i sjøen, men då eg høyrde på nyheitene at ein person hadde blitt tatt av straumen og drukna nokre dagar tidlegare, vart eg skeptisk. Parkeringsplassane var korona-stengde, og over høgtalarane bad dei folk om å avstå frå å bade. 

Berre måsane kunne gå fritt her. Ein morgon fann eg ut at det var fint å jogge her på sandstranda.

 Ein sein ettermiddag var eg også innom sanddynene i Tottori, Japans "ørken". 

Idag las eg at ein mann i 40-50-åra hadde døydd av heteslag i sanddynene tre dagar etter at eg var der. Varmen er ikkje noko å spøke med. På vêrmeldinga snakkar dei om farleg varme når det kjem opp i 38 og 39 grader. Her i Matsue har det vore opp i 35 grader nokre dagar, og ned i 25-26 om natta. 

 Etter å ha vore borte i omtrent 10 dagar, var det eigentleg ikkje så verst å kome heimatt, heller. Men eg har prøvd å tenkje minst mogleg på jobb, og reist litt rundt i området. Ein dag var Shoko og eg ein tur for å kjøle oss ned. Og vi fann mange fine fossar.

 

 Litt jobbrelatert har det blitt. Eg var med som støttespelar på studentleiren. Kvart år i august bruker Laget å ha leir for studentar, men i år vart det digital leir. Tre ettermiddagar og kveldar var eg med på Zoom, med gruppeleiarsamlingar, bibeltimar, seminar og gruppemøte. 

Første kvelden var vi 34, men berre 25 får plass på skjermen i gongen. Til saman var det 40 deltakarar inkludert talarar. Studentane leia sjølve, støtta av to lagsarbeidarar. Tre av studentane "mine" her i Matsue var med (nr 2, 3 og 5 på siste rekkja).

Sidan eg ikkje fekk bade så mykje i Uradome, har eg tatt det igjen i Matsue. Det er berre 16 km til den badestranda som er open. Andre er visstnok stengde. Men her har eg ein fantastisk plass. Sjå første bilete ovanfor. Idag var eg der igjen, for å "feire" siste dag i ferien. Det var lite folk idag. Skulane har byrja på igjen idag. Dei har mista to veker av sommarferien for å kompensere for tapt undervisning då skulane vart stengde i april på grunn av korona.

I morgon byrjar vi opp igjen med engelsk bibelklasse i Nima, men eg blir heime og møter dei på Zoom. Det er ikkje mange månader igjen før eg må ta farvel, og det er mykje som skal ordnast før eg reiser, også. Eg får prøve å ta det litt i gongen, og håper at eg ikkje utset for lenge å starte med rydding og pakking. Og så har eg fått nokre ekstra forespørslar om å preike, også, og det bør eg vel ikkje seie nei til, eller? 






 




Saturday, August 1, 2020

Siste innspurt før neste ferie

Det er nok ikkje lett for japanarar å forstå kva vi utlendingar skal med så mange veker ferie. Når eg har vore vekke éi veke, skulle det vel vere nok... Dei seier det ikkje høgt.
Sjølve sommarferien min startar over helga. Den veka eg hadde i starten av juli, var kanskje vårferie?

Biletet over viser vikaren forrige søndag, då eg talte i Arashima på kort varsel. Då var det godt å ha ei nesten ferdig preike som eg ikkje hadde brukt der. Ei i kyrkjelyden produserer munnbind i stor stil, og no hadde ho funne eit tynnare stoff til ei lettare utgåve. Sommarmunnbind med blondemønster. Det må vere til søndagsbruk. Men når eg talte, kunne eg ta av munnbindet, for då stod eg bak ein plastskjerm på talarstolen.

Slik ser forsamlinga ut gjennom skjermen. Biletet er tatt før gudstenesta byrja, så det kom nokre fleire etter kvart.

Måndag var eg på komitemøte kombinert med lunsj hos pinsepastoren, der vi hadde komitémøte for årets julekonsert, som blir eit program på YouTube, med korsong frå ifjor, og nye innslag frå i år. Sidan det er siste gong eg er med, og det ikkje blir verken korøving eller konsert, vil dei at eg skal ha ei helsing. Det blir gjort opptak tidleg i oktober. Greitt med alt som er unnagjort...

 Midt i veka fekk eg tid til ein tur til frisøren. Det friska opp litt.
Samme kveld fekk eg spørsmål om å tale igjen på søndag. Sjølv om det kom litt brått på, var eg litt mentalt førebudd på at det kunne kome eit spørsmål. Eg unner også japanske medarbeidarar å få litt fri. Og eg var glad det var ein ganske medgjerleg tekst denne gongen: Jesus mettar 5000 i øydemarka.
Førebuingane gjekk ganske greitt denne gongen, med litt tidspress. "Gje de dei mat", seier Jesus. Og når vi fortel kor dårleg det står til, kor lite vi har, seier Jesus: "Kom hit til meg med det." Når det går gjennom hendene til Jesus, kan det bli til velsigning for mange, og kanskje det til og med blir litt ekstra til overs for oss, også.

Innimellom har eg også hatt mange grupper. Det meste var tre på samme dag. Slik kan ein fredag sjå ut:


Engelsk bibelklasse kl 10. Her sit dei og prøver å klassifisere synder nemnt i Rom.1 i tre grupper: Handling, ord og tankar. Det vart visst mest i siste rubrikken. Det er mykje eg kan få dei til å gjere for å lære engelsk! 

Kl. 16.50 KGK (Det kristne studentlaget) - japansk bibelstudie på Zoom, med studentar, ein professor og ein studentlagsarbeidar.
Kl 20 var det Bible Club. Ikkje så mange denne gongen. Det er eksamenstid siste veka før sommarferien ved universitetet. Caroline og David var med for første gong etter at dei har flytta til Yonago, nabobyen her. Vi bur faktisk berre tre mil frå kvarandre no. Neste veke reknar eg med å ta ein tur på besøk. Over helga får eg forresten besøk av ein misjonærfamilie med to vaksne og to aktive små gutar. Det skal bli kjekt!

Dersom du ikkje er medlem i Lærernes Misjonsforbund og abonnerer på Misjonshilsen, kan du også lese nyheitsbrevet nedanfor, som eg har skrive til dei idag. Og er du med i LMF, har du sikkert lov til å lese det før det kjem på trykk i bladet, og så kan du lese og be ein gong til når Misjonshilsen kjem i postkassa di!

Sommarhelsing frå Matsue
Kyrkjene har opna igjen, men universitetet har ganske strenge reglar, så Bible Club har ikkje hatt samling enno. Kvar fredagskveld har vi bibelstudie på Zoom, og vi må nok halde fram med det ei stund.
Kvart år har vi kunne ønskje velkomne nye studentar i april, men dette året har eg ikkje truffe så mange bortsett frå på dataskjermen. Ei av dei nye kristne studentane har eg likevel fått møte og tatt med på gudsteneste.
Det har ikkje kome nye utanlandsstudentar etter dei som reiste i vår. Ei ung jente frå USA rakk å kome rett før Japan stengde grensene i slutten av mars. Ho arbeider som engelsklærar og er med i kyrkja og i Bible Club så ofte ho kan.
Det er ikkje mange kristne studentar i byen, men tre-fire jenter er ivrige og leier bibelstudiet på omgang. Ilag med ein kristen professor og ein lagsarbeidar er eg med og støttar dei.
Talet på koronasmitta har auka kraftig i løpet av juli, og pr. 1. august er det meldt om over 1000 smittetilfelle kvar dag. I Matsue har vi ikkje hatt nye i det siste, men i nabobyane har det vore ein auke dei siste dagane.
Når eg fortel i nokre grupper at eg skal reise til Norge i desember, seier dei: «Men du kan vel undervise oss frå Norge gjennom Zoom?» Ja, det er mykje som går. Tenk om det kunne bli eit puff for nokre til å ta imot Jesus og bli døypt før eg reiser!

Bøneemne:
·         Takk for nye kristne studentar ved universitetet denne våren. Takk for at nye er blitt med i Bible Club og studentlaget.
·         Be om at det må bli ei god avslutning på arbeidet mitt her i Matsue