Saturday, April 28, 2012

Kan det vere sant??

Bli med på Bible Club's Special Investigation. Kva har eigentleg skjedd?
Kazuaki og Chie har erfaring med TV gjennom deltidsjobb på NHK, men her har dei ei sak dei ikkje har vore borti før:




Fekk du med deg dei siste orda Jesus gav læresveinane sine før han drog opp til himmelen?

Monday, April 16, 2012

Etter påskemorgon



Det har skjedd mykje i det siste, og endeleg i går kveld kunne eg puste ut og kjenne at det hadde gått bra. Takk for alle som har vore med og bedt for alle arrangement, ikkje minst for den første internasjonale gudstenesta vi hadde i går kveld. Det kjem eg tilbake til, men først må vi tilbake til påskedag.

Han er oppstanden, halleluja!

På påskegudstenesta hadde vi dåp. Det er fleire år sidan nokon har vorte døypt i Matsue lutherske kyrkje, så dette var stort. Ein ung mann på 28 år, som flytta til Matsue rett før jul, har kome fast ilag med mor si, som var døypt i ei anna kyrkje for nokre år sidan. No på påskedag vart ho teken opp som medlem i vår kyrkje, etter at sonen var blitt døypt. Denne unge mannen er ein fantastisk pianist, og også på kveldsgudstenesta i går gledde han oss med eit nydeleg Bach-preludium.

Etter gudstenesta hadde vi piknik under blomstrande kirsebærtre. Det var fint vêr og mykje folk, så nokre av oss som kom først, sørga for å sikre ein plass for kyrkjefolket. Medan eg stod og bretta ut den store blå presenningen, fekk eg plutseleg ein mikrofon rett oppi munnen. Eit lokalt TV-selskap var ute og intervjua folk.

-Kva synest du?
- Sakuraen er kjempefin! Og så er det påske, og ein perfekt dag å feire Jesu Kristi oppstode ilag med sakurablomstringa, la eg til.
Men dei som hadde sett innslaget på TV, sa at det eg hadde sagt om påske, var blitt kutta ut. Likevel fekk eg iallfall sagt det til desse to reportarane. Og ifrå kyrkja hadde vi med eit lite piano og påskesongar, så dei som sat rundt oss, fekk iallfall høyre "Han er oppstanden, halleluja", og "Livet vant, dets navn er Jesus. Halleluja!". Vi har ingen grunn til å stengje oss inne med denne fantastiske bodskapen!







Påskeselskap


På påskedag ettermiddag var Maria og eg hos ei dame som hadde invitert venner for at dei skulle få høyre kva påske er. Ved hjelp av ein flipover med påskeforteljing og påskesongar, fekk eg formidle både til liten og stor forteljinga om Jesus som døydde på korset, og stod oppatt frå dei døde.
Her forklarer vi bordverset "Å du som metter liten fugl".


Så framførte vi dokketeater med ei forteljing som veninna vår har laga. Eg fekk rolla som katolsk biskop, som leia barnekor i kyrkja. På den måten fekk eg også lært dei songen "Livet vant, dets navn er Jesus. Halleluja!"

Etter at første pulje med mødre og barn hadde gått heim, var det tid for nye gjestar. Kotomusikken min gjorde visst inntrykk på dei fleste, ikkje minst dei eldste. Alle hadde med seg mat, som vi delte. Plutseleg seier ei dame: "Eg veit eigentleg ikkje kva påske er. Kan de ikkje fortelje meg det?" Dei andre oppfordra meg til å ta fram flipoveren som eg hadde brukt for borna. Så vart det også ein vaksenversjon, der eg prøvde å forklare litt meir kvifor Jesus måtte døy, og kva oppstoda betyr. Veldig utfordrande og meiningsfullt!

Internasjonal kveldsgudsteneste
Siste veka har eg brukt mykje tid til å førebu gudstenesta, både det åndelege innhaldet med preike og songar, men også ein del praktiske ting, i tillegg til ein Kobe-tur på styremøte, engelskklasse i Oda og preikeførebuing til føremiddagen i Arashima.

Då er det klart for kveldsgudsteneste.


Maria hadde pynta kyrkja fint med levande lys, og ho leia også gudstenesta på ein veldig fin måte.


Både bibellesing, lovsong, trusvedkjenning og preike var på engelsk og japansk.


Og forsamlinga følgde godt med. Til saman var vi 12 vaksne og ein baby. To av dei frammøtte var ikkje kristne. Den eine ga uttrykk for å ha møtt Jesus denne kvelden, slik som Tomas. Tema for kvelden var "Eg vil aldri tru!" Det var Tomas som nekta å tru at Jesus hadde stått opp, heilt til han møtte Jesus sjølv og måtte utbryte:"Min Herre og min Gud!"


Dette biletet har eg tatt av framsida på ei truslærebok. Her er Tomas i ein japansk setting, midt i sakurablomstringa, med Fuji-fjellet i bakgrunnen. Ja, Jesus ønskjer også at japanarane skal bøye kne og tilbe han som sin Herre og Gud.


Kyrkjekaffi med Maria si gulrotkake var ei fin avslutning av kvelden.

Noko som varer

Sakuratrea har blomstra i over ei veka, men no er det snart slutt. Det er ei kortvarig glede, sjølv om det er flott når det står på. Påska er også berre ein gong i året, men til forskjell frå sakurablomstrane så varer påskegleda heile året igjennom!

Påskedag - det var dagen då døden døydde. Og Livet vann!