Monday, November 18, 2019

Statusrapport

Eg har tenkt mange gonger at "idag" skal eg skrive blogg, men det skjer ikkje av seg sjølv. Det er måndag kveld, og eg har brukt ettermiddagen og kvelden til å førebu meg til styremøtet som skal vere i Kobe i morgon. Denne gongen har eg vald å vere med via Skype. Det sparer meg for to lange bussturar og to overnattingar, og det sparer misjonen for reiseutgifter. Så kan eg heller bruke tida til noko anna. 
Det er mykje som må førebuast til helga før eg får besøk på torsdag. Fire ungdommar frå Norge landa på Kansai flyplass i Osaka i dag, og torsdag kjem dei oppover hit ilag med Eivind Jåtun. Det er to ifrå Vestborgrussen og to elevar frå Tryggheim Forus. Dei skal lære om arbeidet her og samle informasjon til misjonsprosjekta som skulane har vald. Alle fem gjestane skal mellom anna vere med på Bible Club og internasjonal gudsteneste. Dei fire ungdommane skal bu hos meg, så eg må rydde litt plass til dei, også. 

Biletet over er frå Hiruzen. Der hadde vi arbeidarmøte forrige veke. 



Kari Opperud har skrive meir frå arbeidarmøtet, så ta gjerne ein tur innom bloggen hennar:
Arbeidermøte og høstfarger

 Dagane og vekene går fort, og snart er det visst jul. Men mykje som skal skje før den tid.
I Arashima hadde vi menighetsrådsmøte i går ettermiddag og planlagde julegudsteneste og julefest. Julefesten på 1. juledag har eg ikkje muligheit til å vere med på, for då vil dei i Nima at eg skal vere med der ilag med engelskelevane. Medan dei andre snakka om program og mat til 25. desember, sat eg og tenkte på 15. desember. Då skal vi ha internasjonal julegudsteneste/julefest i Matsue. Men kven skal lage mat til oss i år? Og kven skal eg planlegge ilag med? Kan vi ha julefest utan mat, kanskje?
Vel, det er ei stund igjen, så det dukkar kanskje opp nokre idear. Eller einkvan som vil hjelpe. Men eg må innrømme eg kjenner meg litt åleine om dette.

Innimellom har eg prøvd å møte opp på diverse sosiale arrangement for å treffe nye folk. Igår var eg på World Chat Party. Før eg gjekk, bad eg om at eg måtte sjå kven eg skulle snakke med. Eg vart ståande ilag med ei jente frå Brasil. Ho fortalde at mor hennar er protestantisk kristen, og at ho hadde vakse opp i kyrkja. Ho bur berre omtrent 10 minutt ifrå meg, og ho verka interessert i Bible Club. Eg hadde også med nokre fargerike flygeblad med invitasjon til julekonserten 7. desember. Etterpå kom det nokre og spurde om eg hadde fleire, for dei andre ville ha, også.

Sist fredag var vi elleve personar på Bible Club. Scott tok bilete utanfor det internasjonale senteret på veg heim.
Foto: Scott Menking
 Denne veka blir vi nok ein mykje større flokk, med fem norske gjestar. Og det blir norsk jegergryte til middag!

I morgon blir eg sitjande på Skype ein heil arbeidsdag minst, så no trur eg det er lurt å komme meg vekk frå datamaskina.