Monday, November 30, 2020

Flyttfuglar

På avstand kan det sjå ut som sauer på beite, men dette er faktisk svaner som beitar. Dei kjem visstnok frå eit kaldare plass, og reiser kanskje vidare når snøen kjem her. Då eg såg desse svanene i går, tenkte eg kor lettvindt det hadde vore om eg også kunne reise like lett som dei. Eg eig altfor mykje. Og det har samla seg mykje i løpet av dei vel ti åra sidan eg flytta inn i denne leiligheita. I kveld har eg sortert ut gamle, slitne klede og papir som eg kan kaste. Det er ergeleg å kaste uleste blad og magasin, men det er for seint å byrje å lese no uansett. Det er innsamling i morgon, så då har eg litt press over meg. Eg må visst ha det for å få ting gjort. I går hadde eg siste tale i kyrkja i Arashima, der det også var avskjed for meg. På grunn av korona var det ikkje mat, men vi fekk utdelt ein kopp med ei kake til kvar enkelt, ifrå tidlegare pastorpar, som eg samarbeidde med nokre år.
Kakene var sendt med kjølebil ifrå ei kyrkje som ligg nær Tokyo. Dei hugsa at eg likte så godt denne bringebærkaka, så no hadde kona laga til alle. Det var akkurat nok til dei 29 eller 30 personane som var i kyrkja i går. På kaka står det "Takk, Valbø-sensei". (Sensei er tittel dei bruker på misjonærar, pastorar, lærarar, doktorar, frisørar mm)
Eg fekk med meg fire gutar frå Matsue til kyrkja i går. To av dei har vore der før, og to var der for første gong. Han med det mest fargerike håret traff eg faktisk for første gong i går, men eg har sett han ein gong på Zoom.
Etter avskjedssamlinga sende eg gutane tilbake til Matsue, medan evangelist Megumi og ei av medlemene i kyrkja tok meg med ut på lunsj. I morgon startar eg for fullt med pakking på heiltid. Får eg jobbe effektivt i tre dagar no, kan eg kanskje ta det litt rolegare mot helga og bruke meir tid ilag med folk. 8. desember kjem flyttebilen, anten eg vil eller ikkje. Eg skal vere klar. Utpå dagen reiser eg til Yonago og overnattar hos Caroline og David. 9. des. reiser eg til Kobe og har ei overnatting der, før eg reiser til Osaka utpå dagen den 10. og møter venner der. Flyavgangen er kl 23.30, så eg rekk mykje før den tid. Eg skal prøve å unngå å ta med korona heimatt. Det ser ut til at eg slepp koronahotell, for eg har dokumentasjon på at eg har ordna meg ein plass til å gjennomføre karantene. Så då kan flyttfuglen roe seg ei stund der. Sjølve jula blir eg nok heime på Valbøen, så vil du sende meg julepost, er adressa: c/o Magne Valbø, Storfjordvegen 180, 6240 ØRSKOG. Dette blir også postadressa mi iallfall fram til sommaren/hausten. Bustadadressa gir eg berre til venner som vil kome på besøk etter kvart. Då ønskjer eg alle ei god adventstid, og håper å treffe mange av dykk etterkvart.

Monday, November 2, 2020

Avskjed med Nima

Det er allereie gått over to veker sidan eg var i Nima for å ta avskjed. Engelskklasse-damene møtte opp på gudstenesta, fleire enn eg eigentleg hadde rekna med ville kome! Berre to av dei er med i den lille flokken som samlast til gudsteneste kvar søndag. Kanskje nokre av dei vil våge seg innom ein annan søndag, også, sjølv om dei ikkje er spesielt inviterte? Eg køyrde bortover på laurdag ettermiddag. Ei av dei som ikkje kunne kome søndag, ville stikke innom i kyrkja og treffe meg. Eg foreslo at vi kunne gå og sjå på solnedgangen ilag, og det ville ho gjerne. Og så dukka det opp to andre, også, som ikkje har vore med i klassa dei siste par åra. Det var kjekt å treffe dei att! Og solnedgangen var berre nydeleg! Eg har hatt mange turar ned til sjøen åleine. Dei andre tre bur eit stykke unna, så det var faktisk første gongen dei såg solnedgangen derifrå. Med ein norsk misjonær som guide!
Dei var med tilbake til kyrkja, der det også vart fotografering utan munnbind.
Søndagsmorgon i 8-tida ringde det på kyrkjedøra. Då var det ei til som ville helse på meg, men ikkje kunne kome på gudstenesta. Så var det tid for gudsteneste, der eg var både predikant og organist. Eg tilbaud meg sjølv til å spele på trøorgelet, sidan dei vanlegvis berre har musikk på boks(hymn player).
Slik såg forsamlinga ut ifrå preikestolen. Eg har forresten gløymt å spørje kvar dei norske bedehusstolane kjem ifrå.
Etter gudstenesta fekk eg gåve både frå kyrkjelyden og frå engelskelevane, begge overrekt av Machiko Chigane, som har ei deltidsstilling i kyrkja. Ho har vore misjonær i Indonesia, og vi arbeidde ilag eit par år i Kita-Osaka. Som pensjonist flytta ho tilbake til heimplassen og er aktiv i kyrkja i Nima.
Her er det obligatorisk fotografering av heile flokken. Det var omtrent like mange ikkje-kristne som kyrkjemedlemmer denne dagen.
For nokre dagar sidan fekk eg dette kortet i posten. Eit fint minne å ha med seg heim til Norge. Eg har hatt denne engelske bibelklassa i vel fem år no. Siste halvåret har vi for det meste berre møttest online, og det kan vi eigentleg halde fram med også etter at eg er tilbake i Norge. Vi har avtalt ein Zoom-kveld i slutten av november, og så har eg lovt at vi kan ta ein prat medan eg sit i karantene i Norge. Då skulle eg vel ha tid nok til det. Så får eg tru at det dei har fått med seg gjennom desse åra, har sett nokre spor. Guds ord skal ikkje vende tomt tilbake. Ver gjerne med og be om at flokken som samlast på søndagane, skal vekse.
På heimveg. Eg vil nok sakne å sjå det blå Japan-havet!