Monday, July 22, 2013

Første feriedag!

Igår hadde eg siste arbeidsdag før ferien, og avslutta med internasjonal gudsteneste og vannmelon til kyrkjekaffien.
Først eit lite glimt frå forsamlinga:




Det har vore sommar lenge her, men eg har ikkje hatt så mykje tid til å nyte det. Idag er det faktisk første dag eg har vore på stranda. Og det må dokumenterast. I morgon reiser eg til Norge, så eg tenkte det går ikkje an å komme frå Japan og vere så bleik.  

Farge vart det, heller meir enn nok...


 Veninna mi hadde det visst best under paraplyen. Kan godt forstå ho trengde parasoll, så godt kledd som ho var... Men tenk å bu her og ha denne utsikta kvar einaste dag!

Oj, der for båten!


I morgon kveld set eg meg altså på flyet for ein månads ferie i Norge. Det blir nok ein stor overgang når det gjeld temperaturar, men langtidsvarslet på Sunnmøre ser ikkje så aller verst ut.

Eg kjem til å ha base på Sjøholt ifrå 25. juli til 16. august, så ta gjerne kontakt. 16. august reiser eg til Sørlandet og blir der til eg reiser tilbake til Japan 21. august.

Når eg landar på Gardermoen onsdag ettermiddag, reknar eg med at den gamle, norske mobilen min verkar. Så send gjerne ein sms til 90404124 dersom du vil ha besøk eller kjem på besøk! No er det visstnok også blitt trådlaust internett i Valbø-heimen (!), så reknar med å vere på nett både dag og natt... Men eg satsar på å møte venner Face-to-face meir enn på Facebook! Vi talast!

Tuesday, July 2, 2013

På japansk nett-TV

For ei veke sidan fekk eg telefon frå eit kristent internett-TV, som ville ha ein rapport ifrå konserten med Mikko Goes to Heaven, som vi hadde i mai. Eg tok utfordringa, og her er resultatet:

Praise News from Shimane, by Inger Valbø