Tuesday, June 23, 2020

Nye medarbeidarar til Yonago


Etter at eg kom tilbake til Matsue for snart tre år sidan, har eg vore åleine NLM-misjonær på denne sida av fjella, men no blir det snart forsterkningar. Seinare på sommaren kjem eit ungt par flyttande frå Kobe og skal busetje seg i Yonago. Det meste av tida skal dei bruke blant unge i Yonago kyrkje og i utadretta arbeid med base i huset der dei skal bu, men dei blir også engasjerte i studentarbeidet her i Matsue. Mellom Matsue og Yonago tek det bortimot ein time å køyre. 

Denne helga har eg hatt besøk av det unge ekteparet Thorsen. Caroline frå Australia og David frå Norge møttest i Kobe i Japan, og i vår gifta dei seg. David avsluttar toårig språkstudie i starten av juli og skal byrje i arbeid frå 1. september. Caroline skal halde fram med japanskstudiar ei stund også etter at dei har flytta hit.

Om lag ein time etter at dei var komne på fredagskvelden, var dei med på Zoom Bible Club, men det var ikkje første gong. Heilt ifrå slutten av april har dei vore med kvar fredag ifrå Kobe, så dei har allereie blitt kjende med mange her sjølv om dei ikkje har møttest direkte.

Bible Club på Zoom

Laurdag ettermiddag var vi i Yonago og fekk visning på nokre hus dei hadde funne på internett. Dei bestemte seg ganske fort for eit hus der dei kan invitere mange gjester, med god plass til parkering, og der var til og med eit frukttre i hagen! Omtrent all frukta hadde falle ned og låg og rotna, men dei gler seg allereie til frukta som kjem neste sommar. Den skal ikkje gå tapt. No er prosessen i gong med å skrive leigekontrakt og praktiske ting som må ordnast før dei kan flytte. 

Laurdagskvelden hadde dei ordna seg overnatting sjølve, så eg køyrde heimatt og gjorde meg klar til å preike i Arashima kyrkje på søndag. Det meste av førebuinga hadde eg heldigvis gjort på fredag, for eg hadde også samme preika på laurdagsgudstenesta. Sidan kyrkja er lita, er det ikkje plass til alle dersom vi skal ha nok avstand mellom folk. Difor har vi to gudstenester med plass til om lag 12 personar på kvar.

Søndagens talar bak smittevernsskjerm

 Sidan det ikkje har vore meldt koronasmitte-tilfelle i fylket sidan 2. mai, er det bestemt å byrje med felles gudsteneste att ifrå starten av juli.

Caroline og David var med i Yonago kyrkje søndag og fekk bli litt kjende med folka der, før dei kom tilbake hit til meg, der vi hadde kveldsgudsteneste ilag.
I Matsue kyrkje er også gudstenestene i gong igjen. Likevel valde vi å ha den internasjonale gudstenesta online også i juni. Den viktigaste grunnen er at studentar og tilsette ved universitetet har ganske strenge reglar, og dei blir sterkt oppmoda om ikkje å delta på samlingar og arrangement på grunn av korona. Difor kan eg ikkje invitere dei til å møtast fysisk, verken i kyrkja eller på Bible Club. Då er det godt at vi har internett! I april og mai sende eg direkte på Facebook heimanfrå, men denne gongen prøvde eg Zoom, for å sjå kven som deltek, og for at deltakarane også kunne møte kvarandre. Og det vart eit spennande møte!
Caroline var med som tekstlesar, David var talar, Karoline og Marius Bergersen i Kobe delte lovsongar med oss, og ei jente i Norge hadde vitnemål. Vi fekk også nydeleg fløytespel av ei jente som studerer ved universitetet her. 

David talar på direkten ifrå sofakroken min

Til saman var vi 25 personar «samla», - dei fleste frå forskjellige plassar rundt om i Japan, men også frå andre kantar på kloden. Ifrå Australia var mor til Caroline med, og foreldra til David og fire andre var med ifrå Norge. 
Her er dei fleste av dei som var med på Zoom-gudstenesta

Berre ni av oss som var med denne kvelden, bur i Matsue eller nærliggjande byar, så det hadde nok blitt ei lita forsamling om vi hadde samlast fysisk i kyrkja. 

Neste internasjonale gudsteneste blir 19. juli, og det blir nok også digitalt. Om det blir Zoom eller Facebook, har eg ikkje bestemt endå, men uansett er du velkomen til å delta! 


Det var veldig kjekt å ha Caroline og David her denne helga. Dei nytta tida godt, også. Det siste dei gjorde før dei køyrde tilbake til Kobe, var å treffe ein student dei er blitt kjende med gjennom Bible Club. Eg trur dette er rette personar på rett plass!
Eg ser fram til eit vidare samarbeid med dei utover hausten. Det er godt å vite at arbeidet blant ungdommane kan bli ivaretatt sjølv om eg reiser. Og så gler eg meg til å besøkje dei når dei har kome seg i orden i huset!
Caroline vil ta over skia mine. Når ho er gift med ein nordmann, må ho lære seg å gå på ski!

 Ver med og be for ekteparet Thorsen, om at alt det praktiske med hus og flytting legg seg til rette, at dei får vere frimodige til å bruke det vanskelege språket, at dei får venner, om god inngang i nabolag og kyrkje i Yonago, og for det vidare arbeidet i Matsue!


Monday, June 1, 2020

Endeleg opne gudstenester igjen

I går var eg på gudsteneste, fysisk til stades, for første gong på 8 veker. Sist var altså palmesøndag. Sjølv om vi ikkje fekk feire påskedag i kyrkja, var det iallfall ein passande dag å samlast igjen på pinsedagen! I Matsue kyrkje opna dei allereie søndagen før, men då hadde eg ikkje fått godkjenning ifrå kyrkja i Arashima til å gå i andre kyrkjer, så eg heldt meg heime. Samtidig var eg dagens talar på YouTube sendt ifrå Izumo kyrkje. Opptaket tok eg heime dagen før.
Slik såg talarstolen min ut:

Eg tenkte eg måtte stå når eg skulle tale i kyrkja, og for å få datamaskinen i rett høgde, måtte eg bygge litt.

Og slik såg eg ut på skjermen, med powerpointen min som dei i kyrkja hadde lagt til. Nokon som kan gjette preiketemaet for søndag før pinse?

Igår var eg andaktshaldar på søndagsskulen i Izumo medan eg sjølv var på veg til kyrkja i Matsue. Også denne gongen hadde eg tatt opptak på laurdag. Og denne gongen sat eg ved kjøkkenbordet. Bakgrunnen er omtrent den samme som då eg stod og talte laurdagen før.

 Her snakkar eg om alle som vart overraska over å høyre om Jesus på sitt eige språk.
Vi du sjå og høyre korleis det tek seg ut å vere på søndagsskule med pastorfamilien i Izumo, må du ta ein titt her. Joyful Kids - søndagsskule i Izumo kyrkje 31.05

 
Her er kyrkjelyden samla i Matsue kyrkje på pinsedag. I bakhovudet har eg strenge reglar for å samlast i Norge, så eg såg nok med eit litt kritisk blikk på dei som sat eller stod litt for tett, og lurte på kvifor ektepar sit kvar for seg istaden for å gi plassen til andre. Men tradisjonar er visst vanskeleg å forandre på. Eg fann meg ein plass litt på sidelinja.
Endeleg fekk den amerikanske jenta til høgre også kome til kyrkje. Det har ho venta på sidan ho kom til Japan i slutten av mars. Eg er glad eg kunne invitere henne med, og ho kunne treffe japanarar som snakkar engelsk.
Munnbind er obligatorisk

I morgon skal vi ha styremøte for Arashima kyrkje og bestemme korleis vi skal starte opp igjen der. Sidan det er ei lita kyrkje, er det vanskeleg å få plass til alle og samtidig halde nødvendig avstand, så det blir truleg delt i to gudstenester, éi på laurdag og éi på søndag.

Utanom gudstenestene blir nok det meste framleis mest på nett. Nokre veninner frå Osaka vart også med på bibelstudie på fredag morgon, og no skal vi prøve å få med fleire av dei som var med på engelskklasse i Kita-Osaka rundt tusenårsskiftet. Så dette berre ballar på seg!

Idag er det 1. juni, og på nyheitene høyrde eg om skular lenger nord i landet som hadde opningsseremoni idag, nesten to månader etter skjema. Men så høyrer eg også om skular i byen Kita-Kyushu som igjen må stengje skular på grunn av ei ny smittebølgje. Så korleis denne sommaren kjem til å sjå ut, er veldig usikkert. Fordi skulane har mist mange undervisningsdagar og veker, blir det no korta ned på sommarferien.

Til slutt nokre glimt frå nærmiljøet. Det er blitt sommar, men føreløpig er det ikkje for varmt.



Det spirer og gror. Pinse er også veksttid. Jesus sende den heilage Ande for å utruste sine vitne til å gå ut i heile verda og forkynne omvending og tilgjeving for syndene i Jesu namn. Det er det eg også prøver å formidle.

Når eg treng å lufte meg, er det fint å ta ein tur i området, og her er yndlingsplassen min: