Sunday, September 30, 2018

Ekstra frikveld

På grunn av kraftig regn som følgje av tyfonen som herjar i dag, vart den internasjonale kveldsgudstenesta avlyst. Dermed fekk eg ein ekstra frikveld og tid til å oppdatere bloggen.
Biletet ovanfor er frå fredagskvelden, og det var slett ingen frikveld. Sidan universitetet har hatt ferie i august og september, har det vore få på Bible Club. I morgon 1. oktober startar neste semester, så fleire var komne tilbake før helga. På fredag var vi 14 til bords heime hos meg, og på bibelstudiet på det internasjonale senteret var vi 18 personar.
Til middag denne gongen laga eg "fårikål" utan får, men med kylling. Smaken vart ikkje heilt den samme, men dei sa det var godt, og tømde nesten gryta. Det var heller ikkje mange poteter att å lage potetkaker av dagen etter. 
Ungdommane samlar seg på golvet rundt borda og er klare for bibelstudium.
Foto: Haruka Sasaki
 Denne kvelden er teksten frå Joh. 14. Jesus seier: "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg." (v.6)

Ei kristen jente har fått med seg ei ikkje-kristen veninne som er interessert i Bibelen. I gruppesamtalen var eg leiar for desse to.

Idag har eg vore i tre kyrkjer. Planen var fire, men den fjerde vart altså avlyst.
I føremiddag talte eg i Yonago. Der er det alltid frisk sang og musikk, og kjende tonar for mange i Norge.


Dessverre var det for liten lagringsplass på mobilen, så eg fekk ikkje med refrenget.

Teksten idag var frå Mark. 9, 30-37, og eg talte over temaet "Kven er den største?"
Eg tenkte faktisk ikkje på det før akkurat no, men dette biletet illustrerer vel godt det Jesus lærer oss:

 Så kom dei til Kapernaum. Og då han vel var heime, spurde han dei: «Kva var det de snakka om på vegen?» Dei tagde, for på vegen hadde dei vore usamde om kven som var den største. Då sette han seg, kalla til seg dei tolv og sa til dei: «Om nokon vil vera den første, må han vera den siste av alle og tenar for alle.»  Så tok han eit lite barn og sette det midt imellom dei. Han la armen om barnet og sa til dei: «Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men han som har sendt meg.»

Etter gudstenesta stoppa eg i Arashima på veg heimover. Der hadde dei også hatt gjestetalar. Radiopastor Ariki, som vart forhindra frå å kome i juli på grunn av ein tyfon, var i staden komen denne søndagen, med ein annan tyfon. Eg håper han kom seg trygt heimatt til Kobe.
I Arashima kyrkje fekk eg meg restar ifrå lunsjen, og i løpet av menighetsrådsmøtet fekk eg sendt meldingar for å avlyse kveldsgudstenesta. Vanlegvis følgjer eg betre med, altså, sjølv om eg er berre observatør.
Før den tredje kyrkja hadde eg vel ein halvtime heime med litt te og sjokolade. Så var det ut på korøving med "julekoret", som eg skreiv om i forrige blogginnlegg. Eg var faktisk overraska over kor mange som hadde møtt fram trass i det ufyselege vêret. Og denne gongen var eg ikkje åleine lutheranar, heller. To ifrå Arashima kyrkje vart med, så no er vi iallfall tre!

Øvingane er i pinsekyrkja, samme kyrkje der vi hadde fellesmøtet tidlegare i september. Vi er to dirigentar, og etterkvart skal nye få prøve seg, også. Misjonæren blir ikkje her for all framtid, så
 litt av målet skal vel vere å gjere seg sjølv overflødig. 

Det var faktisk ganske godt å kunne køyre heim og ha resten av kvelden åleine. Planen var å køyre rett frå denne kyrkja til den lutherske kyrkja for å øve ein times tid før den internasjonale kveldsgudstenesta. Det er alltid dumt å avlyse, særleg fordi ein ikkje-kristen familie hadde sagt dei ville kome, og neste gong, 21. oktober, kan dei ikkje. Men litt fordelar er det også. Ikkje berre at eg kunne slappe av i kveld, men også at førebuinga til neste gudsteneste vil vere ganske enkel: Preika og powerpointen er allereie ferdig. Så då kan eg bruke tida mi på andre ting. :)

Ha ei fin veke, du, også!

 


Tuesday, September 11, 2018

Einaste lutheranar

Her i Japan er eg ein minioritet på mange måtar. Eg er vant til å vere åleine utlending, og eg er også einaste nordmann i Shimane fylke, og kanskje i heile Sanin-distriktet, også.
At eg er kristen, gjer meg også til ein minioriteti Japan, og dei lutherske kyrkjene utgjer berre ein liten del av den bittelille prosenten med kristne i dette landet.

Her i Matsue har vi eit godt samarbeid med andre kyrkjesamfunn. I tillegg til pastormøta som er fleire gonger i året, har vi tre felles arrangement: Julekonserten i starten av desember, den internasjonale bønnedagen første fredag i mars, og fellesbønnemøtet i september.

Søndag ettermiddag 9. september var det fellesmøte i pinsekyrkja. Det var særleg to ting som samla oss, og som også var bønneemne denne dagen: Julekonserten 8. desember og arbeidet til fengselsprestane. Ein av pastorane innleia med å minne om at målet med julekonsertane, som kyrkjene samarbeider om på 16. året, er evangelisering, og siterte 1. Kor. 9, 22-23:
"For dei veike har eg vorte veik, så eg kan vinna dei veike. For alle har eg vorte alt, så eg i alle fall kan frelsa nokre. Men alt gjer eg for evangeliet skuld..".
 Målet er å nå nye med bodskapen om Jesus, så fleire blir frelste. Så vi i alle fall kan frelse nokre. Men så er det ikkje vi som skal frelse dei, heller, men vi kan formidle bodskapen om Frelsaren.

To av pastorane og den katolske pateren er også fengselsprestar. Pinsepastoren fortalde litt ifrå arbeidet, der dei får møte fangar som ønskjer det, omlag ein gong i månaden, lytte til dei, og dele den kristne bodskapen med dei. Han sa at det viktigaste er å sjå på fangane som medmenneske. Pinsepastoren fortalde at han i 16 år har opna kvar time med å synge "Amazing grace", men at han no har skifta song, som han framførte for oss medan han akkompagnerte på ukulele. Det er ein koreansk song som er omsett til japansk, og handlar om at du er fødd for å bli elska.

Etter at møteleiaren hadde bedt ei bøn, vart vi oppfordra til å be ilag med den som sat ved sida av oss. Eg hadde funne plass ilag med ei dame eg ikkje hadde truffe før. Ho var frå Immanuel-kyrkja. Men sjølv om vi ikkje kjende kvarandre, gjekk det fint å be ilag.


Julekonserten er noko vi står ilag om. Vi har det i eit nøytralt lokale, så det er eit godt høve til å invitere folk som kanskje ikkje kjem i kyrkja. Og kanskje dei vågar seg innom ei kyrkje i sjølve jula når dei har vore innom på konserten først?

Etter sjølve bønnemøtet var over, skulle kvar kyrkje presenterast. Eg trudde dei skulle gå etter lista i programmet, men plutseleg vart Arashima lutherske kyrkje og namnet mitt lese opp først, for det var visst eg som hadde meldt meg på først. Så då måtte eg sprette opp, litt dårleg førebudd, og fekk sagt litt om kyrkja, og at vi skal byrje med ungdomssamling neste veke. Den japanske evangelisten var på "sommarferie", og der var heller ingen frå Matsue lutherske, så eg representerte vel alle, då. Til saman var vi 34 vaksne og 2 barn, frå 14 ulike kyrkjer frå minst 10 ulike kyrkjesamfunn.

300 yen er ikkje dyrt, - omlag 20 kroner.
I år er det eg som har hovudansvaret for koret, sidan den andre dirigenten er blitt omplassert til ei kyrkje nærare Tokyo. Eg har ikkje vore så motivert til å finne fram notar, men då eg her ein dag endeleg fann ein kornote på "Den hellige stad", vart eg litt meir inspirert. Noten har eg ikkje brukt sidan 1996 i felleskoret vi hadde i Tottori. Solisten har eg også funne, den beste tenoren eg kjenner til i Matsue. Etter bønnemøtet fekk eg huke tak i pastoren i Immanuel-kyrkja og overlevert noten. Så kan han øve heime ilag med kona, som er pianisten i koret.

 Eg har fleire minne knytta til denne songen. Då eg var 16-17 år, akkompagnerte eg Henrik Bjørdal på Borgund Folkehøgskule. Det var vel den gongen eg fekk denne noten. Ikkje så lenge etterpå spela eg songen på minnesamværet til mormor. Og i gravferda til mamma spela også organisten denne etter ønskje frå familien.

Første øvinga er 30. september. Halleluja-koret må vi også friske opp igjen. Det er fleire år sidan eg har dirigert det. Jaudå, litt utfordringar må ein ha... Det er nesten så eg byrjar å gle meg!
Vi skal også prøve eit fellesnummer ilag med Bible Club-medlemmer, der vi skal synge "Shout to the Lord" på japansk og engelsk. Eg håper mange av ungdommane har lyst å vere med.

Så håper eg også at vi blir fleire lutheranarar i koret!




Wednesday, September 5, 2018

Naturkatastrofe-landet

Eg opnar med eit bilete som viser kor fint det kan vere her. Dette var tatt for tre dagar sidan, før tyfonen kom. Her i Matsue merka eg likevel ikkje noko særleg til uvêret, men det var ikkje akkurat dagen for å gå på stranda.
Idag kom det nyheiter om ein ny katastrofe.
(Det er torsdag 6. september, sjølv om bloggen min seier at det framleis er den 5.)
Foto: Kyodo/Reuters
Tyfon nr 21 har nettopp rasa over landet og nådde Hokkaido i går. I natt kl 03.08 japansk tid vart Hokkaido, øya og fylket lengst i nord, ramma av eit sterkt jordskjelv med styrke M 6.7. Og etter det har dei hatt fleire etterskjelv i timen. Det ser ut som om katastrofene står i kø i dette landet.
Hokkaido er som Finnmark i Norge, lengst nord og langt frå der eg bur, så her visste eg ingenting om det før eg kom i kyrkja i føremiddag.
På nyheitene høyrer eg kjende namn frå sommarferien eg hadde på Hokkaido i 1994: Sapporo, Hakodate og Noboribetsu, og mange minne dukkar opp frå den turen.

Tankane går til dei som er ramma, med sukk til Gud.

Meir informasjon finn du på lenkjene nedanfor.

Les meir på nrk.no

Nyheiter på engelsk

Japan er blitt ramma hardt denne sommaren, med flaum, hetebølge, tyfonar, og no også jordskjelv. Kva blir det neste, skal tru? Japan er eit trygt land på mange måtar, men naturkatastrofer har vi nok av, - meir enn nok...
Tyfon nr 21, som for to dagar sidan ramma Kobe og Osaka-området hardt, kom ikkje til Matsue, bortsett frå litt ekstra regn. Men det var dramatisk for dei som opplevde det.
Foto: awajikiwi / flickr.com

Les kva stedlig representant for NLM Bård Hauge skreiv i går etter tyfonen:

Kraftigste tyfon siden 1993

Sunday, September 2, 2018

Sunnmøringar og andre utlendingar

Det er blitt haust, iallfall på kalendaren. I morgon startar fem unge, nye misjonærar på språkskulen, der dei skal lære japansk dei første to åra. Ei av dei nye er Kristin Redse Nævdal, som står attmed meg på biletet. Ho har budd i Volda det meste av barndommen, så ho reknar seg som sunnmøring. Dermed er vi blitt fire sunnmørsdamer på feltet. Det er lenge sidan sist vi var så mange. Dei to andre er Karoline Skjong Bergersen frå Ellingsøya, som kom ut ilag med Marius for to år sidan, og som nettopp har byrja i arbeid, og så har vi Ingebjørg Hildre frå Hildre, som har vore i Japan det meste av tida sidan 1984. Det er kjekt å ta imot nye. (Biletet over er tatt av Marius Bergersen)

Fredag til laurdag hadde vi misjonærsamling i Kobe, der dei nye vart ønska velkomne. I tillegg til dei unge, har vi også eit par veteranar.

Foto: Marius Bergersen
 Framme til venstre har vi Astrid og Bård Hauge, som har lang erfaring både frå misjonsarbeid i Japan og undervisning i Norge. No er dei pensjonistar og har kome ut for å hjelpe oss. Bård skal vere stedlig representant det komande året, og Astrid hjelper dei nye familiane med å kome seg i orden, og er m.a. med som bestemor og tolk for barna som har byrja i japansk barnehage. Bak dei står Tone og Ole Bjarne Tråsdahl med dei to gutane sine. Attmed dei står David Theodor Thorsen, som var her som eittåring for fem år sidan. Til høgre har vi Kristin R. og Christoffer Nævdal med eldste barnet. Den yngste låg og sov medan vi tok bilete.

Vi har altså fått utvida misjonærflokken med sju vaksne og fire barn. Etter litt finteljing har eg kome til at med utsendingane frå FLOM (Finland) og ILM (Island) skal vi vere 17 vaksne og 8 born til saman.
I løpet av dei næraste månadene blir det også to nye misjonærbarn, til familiane Perendi og Bergersen. Så det skal bli livlig på misjonærkonferansen til våren!

Du som ber, vil du hugse på desse nye utsendingane, både store og små, at dei finn seg til rette og får leve lenge i landet? Det er mange utfordringar, mange frustrasjonar og mange gleder som ventar.

Også vi som har vore her ei stund, treng forbøn. Eg kjenner iallfall på at det er lett å bli trøytt og ha lyst å gi opp. Eller mangle motivasjon til å ta fatt på nye oppgåver.
Det som ventar meg denne veka, er først og fremst førebuing av preika til neste søndag. Det er fleire månader sidan sist eg talte på japansk, og berre det å setje seg ned og få noko å gi vidare, er alltid ein kamp.
Teksten er frå Mark. 7, 24-30 om kvinna frå Fønikia som bad Jesus for dotter si. Kvifor var Jesus tilsynelatande så avvisande i starten? Tema for talen er "Ei mors bøner". Dersom nokon har tankar eller erfaringar i samband med temaet eller teksten som eg eventuelt kan bruke som illustrasjon/aktualisering i preika, tek eg gjerne imot. Send meg e-post til ingervalbo@yahoo.no eller send meg ei melding på Facebook. Slik kan du også vere med og gi noko til forsamlinga i Arashima. Der er det mange som ber for barna og barnebarna sine, og som treng oppmuntring. Etter talen skal vi synge den japanske omsetjinga av "Det er makt i de foldede hender".

Du som ber for ditt barn, dine kjære,
er i forbønn fra år og til år,
om du tålmodets lekse må lære,
himlens bønnesvar engang du får.

Det er svar underveis, engler kommer med bud.
Om det drøyer, det fram dog skal nå.
For det lovet jo løftenes trofaste Gud:
Kall på meg, og du hjelpen skal få!

No kjenner eg at eg faktisk allereie er litt i gong med førebuinga. Men det får ligge litt i bakhovudet fram til tirsdag. Så får eg prøve å finne på noko anna i morgon.

På tirsdag føremiddag skal eg også på komitemøte for julekonserten, og eg bør vel ha nokre songforslag å legge på bordet. Første øvinga er 30. september (den dagen "alt" anna også skal skje...), og i år er det eg som er hovuddirigenten, sidan medhjelparen min vart omplassert til Shinden kyrkje (nær Tokyo) i vår.
Når det gjeld 30. september, så har eg i løpet av dagen fått eit ekstra møte innimellom, så planen ser slik ut:
10.45 preike i Yonago kyrkje
12.30 menighetsrådsmøte i Arashima (på veg heim frå Yonago)
16.00 første korøving med "julekoret"
19.30 internasjonal gudsteneste, der eg også skal tale

Så då kan eg godt slappe av (med å skrive blogg!) på ein søndagskveld når eg har muligheita til det...

Dette vart mykje jobbprat, så la meg ta med nokre naturbilete frå veka som gjekk, og vise litt av kva muligheiter som er i nærområdet.

Det er ikkje langt til badestranda, og her er opptil fleire sandstrender. Men her var nesten ingen å sjå på ein måndag ettermiddag. For japanarar flest er nok badesesongen over.
Det var iallfall godt å dukke seg, sjølv om svømmeferdigheitene var så som så...

Etter å ha vore på stranda, fann vi etter litt leiting ein solsikkeåker som eg lenge har hatt lyst å sjå.

Det hadde nok vore for varmt og tørt for solsikkene, for her var det mange hengehovud...

Tirsdag var eg til Nima på engelskklasse. Sidan ettermiddagseleven hadde meldt avbod, køyrde eg bortover litt seinare enn vanleg, og fekk ein fargerik himmel over meg.


 Her fekk eg fange sola rett før ho gjekk ned bak fjellet.

På engelskklassa i Nima kom ei som eg ikkje har sett sidan jul i fjor, og ho bestemte seg for å fortsetje å vere med. Det er eg glad for. Vi har framleis eit par kapittel igjen av studieopplegget om Ruth. No ventar vi på kva som skal skje mellom Ruth og Boas, og eg prøver å lære dei kva REDEEMER (gjenløysar/utløysar/atterløysar) betyr, - korleis Boas kunne kjøpe tilbake eigedommen til Naomi, og korleis Jesus er vår gjenløysar ved å kjøpe oss tilbake til seg ved å døy og stå opp igjen.

På veg heimover onsdag tok eg meg også litt tid til å nyte naturen og ikkje berre køyre rett forbi.
Det var altfor varmt for meg å vere med på badmintontrening på føremiddagen, så eg hadde ikkje særleg hastverk med å komme meg tilbake til Matsue.



Innhausting av risen har starta. 

Då vil eg ønskje dykk alle ei god veke!