Wednesday, July 29, 2020

Turist i eige fylke

Det har allereie gått fleire veker sidan eg var på første ferieturen. Eg var på "øy-hopping" lag med ei japansk veninne som berre hadde denne eine veka ferie. No var avstanden mellom øyane for stor til både å hoppe og svømme, men det går både ferjer og hurtigbåtar på kryss og tvers.
Oki-øyane ligg omlag 60 km nord for Matsue. Det bur folk og fe på dei fire største øyane. Ifølgje ei turistbrosjyre bur det 14100 personar, 600 kyr og 8 hestar på den største øya, og på den minste øya bur det omtrent like mange kyr som folk, - omtrent 600 av kvar sort. Til saman på dei fire øyane bur det 19.000 menneske, 2700 kyr og 60 hestar.
Ferjeturen over til den største øya, Okinoshima, tok omlag 2 1/2 time.

Shoko har vore i Norge og reist med MRF-ferjer, så ho ville gjerne ha ferjesvele. No har eg ikkje MRF si oppskrift (no heiter det vel ikkje MRF lenger, heller), men svele vart det. Eg har aldri i mitt liv laga så store sveler før, men det vart god føremiddagsmat på den lange ferjeturen.

 Vi sykla, gjekk på fjelltur, bada og åt god mat. Langs vegane blomstra hortensiabuskene.

Her blir det nokre små glimt frå kva vi opplevde og såg desse dagane.



Ein av dagane fekk vi guiding av ei som tidlegare var medleiar i Bible Club, som no jobbar på ein vidaregåande skule på ei av øyane. Ho tok oss med i bil på sightseeing, men på grunn av skodde var det ikkje så mykje vi fekk sjå, bortsett frå kyr, som gjekk overalt, og som delvis sperra vegen for oss.




Ja, her er vi iallfall.

Desse raude klippene var det vi eigentleg skulle sjå.  

Litt lenger nede var det mindre skodde, men desse ville ikkje sleppe oss forbi.


Søndag ville vi gå til kyrkje, men på den øya vi budde, var det inga kyrkje. Så då tok vi båt over til naboøya. Det var ikkje kyrkjebåt, men rutebåt.



På gudstenesta var det pastoren, kona, to av dei vaksne borna deira og tre andre personar i tillegg til Shoko og meg. Dei har ei kyrkje også på den største øya, men på dei to andre øyane finst det inga kyrkje. Det er lite på nesten 20.000 innbyggjarar.

Pastorparet i denne kyrkja var med som talar og musikar på julekonserten vår i Matsue for nokre år sidan. Eg hugsa ikkje andakta til pastoren, men pianomusikken til kona gjorde inntrykk. Ho spelar sjølvkomponerte arrangement, og på grunn av ein sjukdom ho har, må ho spele med hanskar. 
Etter gudstenesta fekk vi ein minikonsert.

De kjenner vel igjen melodien?

Dette vart berre ei kort oppsummering av ein interessant tur.

Ifrå neste veke skal eg ha meir ferie. Det blir også ganske kortreist, men eg har tenkt å forflytte meg ut av fylket, iallfall. Men først får eg besøk. Og då kan de gjette kven som kjem då...