Saturday, April 30, 2011

Ein liten forsmak på himmelen


"288 Music Camp" er blitt arrangert for andre gong, på Hiruzen Bible Camp 28.-30. april. Talet 288 er henta frå 1. Krønikebok 25, der det står om dei musikarane og songarane som David sette til å leie lovsongen i templet.
"Talet på dei og brørne deira som var opplærte til å syngja for Herren, var to hundre og åttiåtte, dugande songarar alle saman." (1.Krøn.25,7)


No skal det litt til å samle så mange til leir i Japan, og Hiruzen ville iallfall ikkje hatt kapasitet. Likevel var det ikkje så lite å samle 33 musikkinteresserte i alle aldrar. Til saman representerte vi 15 kyrkjer i WJELC. Det finst verkeleg mange dyktige musikarar rundt omkring i kyrkjene våre.


Pastor Nagata i Nishi-Suma kyrkje var ein av leiarane. Her ser vi begge like norske ut. (Foto: Yumi Irie)


Pastor Ishimaru viste seg å vere ein svært dyktig songinstruktør og dirigent. Eg lærte mellom anna at vi skal puste med øyrene og synge med augene...
Dessutan hjelpte han oss til å gå inn i songteksten for å kunne formidle best mogleg.


Stemmeøving.

Songen vi øvde inn, er omsett frå engelsk og er også mykje sungen på norsk:

Ved korsets fot hos Jesus
jeg vil så gjerne stå,
der finner jeg den klippegrunn
som jeg kan bygge på.
Der er et hjem i villsom egn,
en stille, sikker havn
på min vandring i et fremmed land
gjennom farer, nød og savn.


Resultatet etter omlag 1 1/2 time øving, kan du sjå og høyre her:
(Orkestermedlemmene hadde nok også øvd heime)


Med troens blikk jeg stundom
får se på korsets tre
den Herre Jesus naglet fast
og lide dødens ve.
Å under av Guds kjærlighet,
å nåde høy og rik,
at min kjære Frelser ville dø
for meg som syndet slik!



Ved korsets fot hos Jesus
der har mitt hjerte fred.
Og aldri mere vil jeg gå
fra dette sikre sted.
Hva verden enn kan tilby meg,
jeg akter alt for tant,
men jeg roser meg av Kristi kors
der fred med Gud jeg fant.


Fredag ettermiddag var det lagt opp til ulike seminar, med mellom anna gospeløving og komposisjon. Elles vart alle oppfordra til å øve i smågrupper til programmet til kvelden. Naoto og Hiroko tok tak i meg og ville øve, og her er resultatet:




Rektor ved Kobe Lutheran Theological Seminary (KLTS) og Luther-entusiast Makito Masaki heldt foredrag om lovsong og om Luthers bruk av salmar mellom anna i katekismeopplæringa. Vi skal lovsyngje Gud fordi det er slik det skal vere i himlen. Og der skal det ikkje vere keisamt.
- Vi kjem til å få det travelt i himlen, meinte Masaki, men skunda seg å leggje til:
- Men vi blir ikkje trøytte der!

Det har vore inspirerande å vere ilag med så mange dyktige folk, og truleg har det blitt til inspirasjon for fleire.I morgon er alle på plass i kvar si kyrkje. Eg skal til Izumo og prøve å gjere ein innsats ifrå orgelkrakken for å løfte lovsongen under gudstenesta. Kunne det også bli ein liten forsmak på himlen...


Det er blitt vår også på Hiruzen no. Denne årstida gir oss også ein forsmak på den evige våren.

Les her om leiren i fjor: Historisk musikkleir

Sjå fleire bilete frå årets musikkleir her:Facebook-album

Sunday, April 24, 2011

Kveldstur til føremiddagsmøte i Norge

I kveld har eg fått meg ein liten tur til Sunnmøre. Via Skype, webkamera og storskjerm fekk eg vere med på påskedagsmøte på Rjånes Ungdomssenter.
Eg snappa med meg nokre bilete derifrå:


Folk byrjar å samlast. Er det ikkje kjentfolk frå Volda som er komne?


Eg fekk også med meg talen til Steinar Dimmen, rett inn i stova mi her i Japan.


Etter møtet viste dei meg fjella på andre sida av fjorden.



Deretter fekk eg snakke med fleire av møtedeltakarane, mellom anna var det veldig kjekt å få helse på min tidlegare Vestborgelev Ingunn.

Takk for invitasjonen!
Eg tek gjerne ein kveldstur innom på fleire føremiddagsmøte. Her er klokka 18 når de startar møtet klokka 11, så det passar bra.
Er det nokon som vil invitere meg til føremiddag på 2. påskedag?? De finn meg på Skype: ivalbo93

Saturday, April 23, 2011

Dagen då døden døydde

Det er påskedagskveld, og eg kan sjå tilbake på ei innhaldsrik veke. Her er nokre smakebitar:

Tysdag 19.april, husmøte hos familien Kato






Langfredag:



På Bible Club las vi bibeltekstar om Jesu liding og død og såg Jesus-filmen.


Det var mange her denne kvelden, men å få dei med i kyrkja, er vanskelegare...

Påskeaftan - mellom langfredag og påskedag
Lovsong i kyrkja

Gospelkoret hadde invitert til song-og musikkmøte, men det var dessverre ikkje så mange som kom for å vere ilag med oss for å prise den krossfeste og oppstadne.


Funmi frå Nigeria leia oss i songen "Min Jesus lever, derfor vil jeg leve", på engelsk, ein nigeriansk dialekt, koreansk og japansk.

Påskedag



Pastor Kajinishi talar om då døden døydde, for at vi skulle få leve.

Idag var det fleire både som song og som høyrde på. Du kan også høyre oss synge her på denne videoen:



Både gospelgruppa og kyrkjekoret song.

Til gravplassen

Etter gudstenesta var nokre av oss opp til gravplassen for å ha andakt der.

Presten les frå Bibelen om håpet vi har i Kristus.


Lovsong til den oppstadne Kristus.


Tilbake i kyrkja er det dekka til kyrkjekaffi med mykje godt.








Det var kjekt å få feire påske ilag med mange andre kristne, men samtidig var der mange eg skulle ønskje var der, som ikkje prioriterer å kome i kyrkja.
I morgon får eg besøk av ei av dei.

Monday, April 18, 2011

Situasjonsrapport og påskehelsing


Eg hadde ikkje tenkt å skrive blogg i kveld, men når eg allereie har skrive ferdig ein tekst for lokalavisa heime, kan også de som er utanfor Bygdeblad-distriktet få lese det. Eg hadde ein tanke om å sende ut påskehelsing pr post i staden for julebrev som aldri vart skrive, men den planen er også blitt skrinlagt...

Her kjem ei påskehelsing til bygdefolket i Ørskog og omegn, med litt bilete frå sist Bible club innimellom:

Det er gått over ein månad sidan jordskjelv-og tsunamikatastrofen nordaust i Japan. Kyrkjer i området og frivillige både frå heile Japan og utlandet gjer ein stor innsats for å hjelpe dei som er ramma av tragedien.

Nærmare 28.000 menneske er døde eller sakna etter katastrofen 11. mars. Pr 18.april er 13.858 av desse stadfesta omkomne, inkludert dei som miste livet i etterskjelv 7. og 11. april. Meir enn 136.000 menneske bur framleis på evakueringssenter. Mange av dei er evakuerte frå heimane sine på grunn av strålefaren i området rundt atomkraftverket i Fukushima. Arbeidet med å forminske radioaktivt utslepp og få kontroll over anlegget går for fullt, men det vil ta tid. Det blir sagt at dei som er evakuerte, tidlegast kan få kome heimatt etter 6 månader.

Langt unna
Etter det eg har forstått, har mange også tenkt på meg i denne situasjonen og lurt på korleis det går. Eg er difor glad for å kunne nå dykk på denne måten og fortelje at eg har det bra her og opplever det meiningsfullt å vere misjonær. Det er snakk om store geografiske avstandar, så eg er ikkje direkte berørt av det som har skjedd. Eg bur ved vestkysten ved Japanhavet, i ein liten by som heiter Matsue i Shimane fylke. Her arbeider eg som misjonær for Norsk Luthersk Misjonssamband, i samarbeid med japanske prestar. Men sjølv om det er fjernt, går sjølvsagt tankane til alle dei som har mist familie, heim og arbeid, og alle som lever i frykt for radioaktiviteten. Eg har opplevd jordskjelv tidlegare og veit det kan skje igjen. Dessutan har vi eit atomkraftverk her i Matsue,også...

Hjelpearbeid
Det kyrkjesamfunnet eg arbeider i, Vest Japan Evangelisk Lutherske Kyrkje (VJELK), har ingen kyrkjer i det jordskjelvramma området, men vi samarbeider med den landsdekkjande lutherske kyrkja JELK med både økonomisk og praktisk hjelp til dei kriseramma.

Den norske misjonæren Anniken Mori er utsending for Evangelisk Orientmisjon og arbeider ilag med ektemannen Akira Mori i ei kyrkje i Iwaki by, omlag 40 km frå atomkraftverket i Fukushima. Ekteparet har vore mykje i norsk media siste tida. Dei har opna kyrkja for matservering og hjelper mange i området.

Anniken skriv på bloggen sin:
”Det skrytes mye av japanerne generelt i mediene, og det fortjener de, men ingenting er som de kristne som kommer. De har vist mot og handlekraft og kjærlighet, mens samfunnet her har vært tafatt, og frykt og flukt har tatt overhånd. Folk i vår menighet som jeg trodde var svake, har stått på, og flere som var ikke aktive før, har kommet tilbake og hjulpet mens byen ellers har stått mest stille.”

– Vår hensikt har heile tida vore å hjelpe slik Jesus ville gjort det. Ikkje for at folk skal bli kristne, men fordi dei treng vår hjelp, seier Akira Mori.
Les meir her: http://eom.no/

Påskebodskap

Den japanske kalendaren har ingen raude dagar denne veka utanom søndag. I kyrkja sin kalendar står det påskedag på den 24.april, men dei fleste i Japan veit ikkje noko om kva påske er. På langfredag har eg muligheit til å fortelje det til mange. På føremiddag har eg ei engelsk bibelgruppe for husmødre, og kvar fredagskveld fyllest leilegheita mi av studentar frå mange land.




Sist fredag var vi 15 her hos meg. Dei fleste er ikkje-kristne, men dei viser interesse for Bibelen. Dei siste gongene har vi hatt høgtlesing frå Bibelen både på kinesisk og koreansk i tillegg til japansk og engelsk. Sist fredag viste eg også film på kjøkkenveggen. Ei kinesisk jente sa at ho miste nesten pusten då ho såg Abraham som var i ferd med å ofre sonen sin, Isak. Men Isak slapp å døy, for Gud sende dei ein ver som vart ofra i staden for Isak. Gud sparde Arbraham sin son, men han sparde ikkje sin eigen Son for oss.

Hadde det ikkje vore for denne bodskapen om Jesus som døydde og stod opp att for alle menneske sine synder, hadde eg nok aldri kome hit til Japan. Eg er glad for å få vere her og kunne formidle den beste bodskapen som finst. På påskeaftan inviterer vi til lovsong i kyrkja med påskesalmar frå mange land, og på søndag er det påskegudsteneste med ekstra mykje korsong.


Den siste veka har sakuratrea stått i full blomst. Det er flott å sjå naturen vakne til liv igjen, ikkje minst denne våren, etter ein kald og snørik vinter, og med så mange triste bilete av øydeleggjingane etter jordskjelv og tsunami. Men desse nydelege kirsebærblomstrane er allereie i ferd med å falle av. Det minner oss om kor kort og skjørt livet vårt er. Som misjonær har eg ein bodskap om noko som held sjølv om alt fell i grus, om noko som varer når alt anna sviktar. Jesus har sigra over døden, og gir liv og håp til alle som trur. Eit slikt håp treng japanarane også!

God påske!

Sunday, April 10, 2011

Pingan 平安 heian peace fred

Eg veit om to misjonsgrupper på Sunnmøre som har namnet "Pingan". Det kjem av det kinesiske ordet for fred, 平安, som på japansk blir lese "heian". Sist fredag dukka dette ordet opp fleire gonger under bibellesinga på Bible Club.

Då Jesus møtte dei redde læresveinane sine etter at han var stått opp igjen, var det fredshelsing han ga dei. Det er litt tidleg å starte på påskemorgonsteksten, men studieboka vi bruker, hadde Joh. 20 som tekst denne dagen. På internett hadde eg funne kinesisk Bibel, også, som eg printa ut og ga til dei fire kinesiske jentene som kom. Ei av dei har også lasta ned heile Bibelen både på kinesisk og engelsk på i-phonen sin.




Sidan alle hadde teksten på sitt språk, fann eg også fram den norske Bibelen min, så dei andre kunne få høyre Guds ord på norsk. Det var sikkert første gong.

På videoen nedanfor blir Joh. 20, 19-29 lese på kinesisk, japansk, amerikansk engelsk, Jamaica-engelsk og norsk. Nesten som på pinsedagen, då alle fekk høyre om Guds store gjerningar på sitt eige språk! Ein av dei to japanske gutane var på Bible Club for første gong. Eit opphald i USA i vårferien hadde gitt han lyst til å lære meir om kristendommen.

Video

Jesus speaks Chinese! from Inger Valbø on Vimeo.



Til neste Bible Club må eg også førebu koreansk tekst i tillegg.

Sakurablomstring overalt
Eg har vore på reise sidan søndag ettermiddag. Mellom styremøte i Kobe på måndag og komitemøte på tirsdag ettermiddag, fekk eg ein kveld, ei kort natt og ein flott føremiddag ilag med venner i Osaka. Det passa slik at eg også fekk treffe igjen Ryoko, som var min trufaste kokk på Bible Club, og som no er komen til Osaka for å studere meir.



Fleire bilete her:
Facebook Fotoalbum

Thank you, Yuko and Ryoko, for a wonderful time under the sakura trees!

Saturday, April 9, 2011

Kjærleiken drog han til Japan

Islendingen Leifur Sigurðsson var på veg til Kenya som misjonær då han vart glad i ei japansk jente på språkskulen i England. No er Kenyamisjonæren godt i gong med endå eit nytt språk.

Katsuko og Leifur bur no i Kobe, med barna Hannes (6) og Lilja (1).
(Foto: Privat)

Les intervjuet her:
nlm.no

Thursday, April 7, 2011

På lag med Gideon og hans menn

Gideon som vi møter i Bibelen, hadde ein hær på 300 mann. Bibelspreiarane i Matsue er berre ein liten flokk, men trufaste er dei år etter år.


Kvart år i starten av april kjem dei med "pick-up"-bilane sine med bibelkasser på lasteplanet. I går var det opningsseremoni for nye studentar ved Shimane universitet. Her førebur vi det studentane skal få i handa når dei kjem ut etter opninga: Eit nytestamente på engelsk og japansk, med ein invitasjon til Bible Club og Youth Gospel.



- Vi hjelper kvarandre, sa Gideon-sjefen, då eg takka for at dei tok mine innbydingar inn i nytestamenta. Dei synest visst litt synd i meg som var åleine. Då kunne dei heller hjelpe meg, og eg kunne hjelpe dei å dele ut nytestamente. For når alle studentane med foreldre, søsken og besteforeldre veltar ut dørene samtidig, er det lurt å ha så mange hender som mulig som kan dele ut.


Fornøgde karar etter dagens dyst. Dei fleste kassene på lasteplanet er tomme.



Etter oppteljinga kan dei konstatere at det denne dagen er blitt delt ut over 350 nytestamente. Og omlag 200 av dei som tok imot, har også fått invitasjon til å lese Bibelen ilag med meg på Bible Club. Eg ventar ikkje det store innrykket, men kunne vi komme i kontakt med éin ungdom på denne måten, er det ikkje forgjeves. Og nytestamentet blir nok med tilbake på hybelen ilag med andre ting dei fekk med seg heim i går. Og kanskje ein dag kjem dei på å bla litt i boka, også? Gideon gjer iallfall eit viktig såarbeid!

- Ber kvar dag

I går kveld hadde eg besøk av ei jente som jobbar her i byen. Tidlegare Japanmisjonær Else Marie Ledal er venn med familien, og i går fekk vi oppretta kontakt på Skype, rett inn i stova til Else Marie i Kjørsvikbugen.

- Eg ber for deg kvar dag, seier Else Marie, som har kjent Yoko frå ho vart fødd for 25 år sidan. Kvelden med Yoko minte meg om kor viktig det er å ta seg av den eine.

Våren er her!

Det er eit vårteikn at nye studentar inntek byen i starten av april, men også sakurablomstringa er eit sikkert teikn på at våren er her. I løpet av eit par dagar har det nesten eksplodert. Idag fann eg fleire tre i full blomstring.

Eg ønskjer dykk alle ein fin vår med optimisme og pågangsmot. Vi er ikkje berre på lag med Gideon, men på lag med Gideons Gud: "Han som kan gjere meir enn alt, mykje meir enn det vi bed om og skjønar, etter den krafta som verkar i oss." Ef. 3,20

Sunday, April 3, 2011

PC-doktoren


Det er godt å ha nokon å spørje om hjelp når teknikken ikkje fungerer. I løpet av siste veka har eg fleire gonger hatt problem med at batteriet på PCen ikkje er blitt lada, så eg ikkje har fått start på maskina. I går hadde eg mange ting eg måtte gjere på data, så eg fekk nesten panikk då eg måtte prøve mange gonger før eg fekk start.

Så idag tok eg med meg PCen i kyrkja i håp om at søndagsskulelærar og datamann Aoki kunne hjelpe meg. Han forstod problemet, og i ettermiddag kom han innom med måleutstyr og ekstra leidningar som han hadde heime. Så no er det liv i PCen min igjen! Mellomste dottera Tomomi var med som vegvisar.


Eg trudde det var batteriet som var problemet, men det viste seg at det var leidninga som var dårleg.
- Eg håper det er greitt at leidninga ikkje er svart, seier Aoki.
Sjølvsagt gjer det ingenting for meg, berre eg får nok straum!

Det vart ei påminning om kor viktig det er å ha kontakt med energikjelda. Det hjelper ikkje samme kor godt batteri du har dersom du ikkje får lade batteriet!
Vi er avhengige av kontakt med Livets kjelde for å ha liv i oss sjølve. Hmm, eit godt poeng til neste andakt!!

Tusen takk for hjelpa, Aoki-san og Tomomi-chan!
青木さん、ともみちゃん、本当にありがとうございました!
私たち人間も力と命の源であるイエス様につながる必要があることを考えさせられました。いくらよいバッテリーがあっても、充電できなければ、私たちもパソコンのように死んでしまいますね!命の源にずっとつながっておきましょうね。