Tuesday, February 25, 2014

Leirsesongen er i gong

Det er tendensar til vår i Matsue, men på fjellet er det framleis vinter. 14.-16.  februar hadde vi Snow Fun Camp. Leirsjef Johanna Tervonen og eg hadde det artig med å lage snølykter før deltakarane kom.

Nei, det er ikkje snøballar, men sjokolade til alle på Valentin-dagen.

Katsuhiro Igi talte om Jesu kjærleik, og kva Bibelen seier om kjærleik og ekteskap.

Her er heile gjengen, etter bibeltimen på laurdag føremiddag. Så var det tid for å fare i skibakken. Men Igi måtte tilbake til kyrkja si i Tamashima og førebu seg til søndagen.

Denne jenta var ivrig på langrenn. Tjukke sokkar og hue lånte ho av meg. Denne hua strikka eg forresten til meg sjølv då eg gjekk på ungdomsskulen, trur eg, så ho er nokre år gammal...

Denne karen kom frå Tottori. Elles kom deltakarane ifrå Kobe og Fukuyama. Dessverre fekk eg ikkje med meg nokon ifrå Shimane denne gongen.

 Dei fleste valde slalomski

Eittåring David Thorsen kjøpte seg snøbrett på ein bruktbutikk i Matsue i romjula. Han er fornøgd med kjøpet.

Desse tre lånte seg langrennski på leirplassen. Slikt får ein dessverre ikkje leige på skisenteret.
Eg kan vel seie vi hadde nok snø på Hiruzen. Dette er inngangsdøra til Bethlehem Lodge.

Heldigvis var der ingen under her då det rasa av taket utanfor matsalen....

Johanna er utdanna lærar og tek i bruk pedagogikken i bibelundervisninga. Alle fekk bidra med sine tankar om kva kjærleik er. Eg låner ideen til studentleiren neste veke, då eg skal ha seminar om kjærleik.
Søndag var det sol og mildt vêr. Her er Johanna og ein deltakar frå Kobe på veg til gudsteneste i Hiruzen kyrkje.
Kyrkjeorgelet i Hiruzen kyrkje. Dei har også piano, men når denne dama spelar, føretrekkjer ho orgelet.

 Lea Lukka preika i kyrkja over teksten frå Matt. 5, 38-48. Det vart ei god avslutning på temaet vi hadde på leiren, om kva kjærleik er. "Elsk dykkar fiendar", seier Jesus.

Liv Bakke er klar til å ta med seg passasjerane sine tilbake til Kobe. Takk for laget!

Men kven er det som går ute i tøfler?!


Les meir om Snow Fun Camp og Valentindagen på nlm.no 1.mars. I heile mars blir det mykje Japanstoff der, så følg med!

Neste veke er det ny leir, frå 4.-7. mars. Då er det studentlaget (KGK) som arrangerer. Eg skal ha med meg ei jente herifrå Matsue og ein gut ifrå Izumo. Tirsdag morgon køyrer vi til Fukuyama i Hiroshima fylke. Eg har vore der fleire gonger med bil, men eg tullar alltid litt med å finne fram på slutten. Håper det går bra når eg har to japanske passasjerar.
På studentleiren skal eg ha eit seminar med tema "kjærleik", og det er prosjektet mitt denne veka, i tillegg til alt som skal skrivast til Utsyn, heimeside og LMF-bladet, og bibelstudie, Bible Class og Bible Club. Nei, arbeidslaus er eg ikkje.
Til deg som ber: Be for førebuinga til leiren, for alle studentane som kjem (ca 40 påmelde), for talaren, seminarhaldarar, og at det går bra på turen.

Saturday, February 8, 2014

Blomstrar i Guds hage

Eg er glad i blomster, og liker å ta bilete av blomster, men det er sjeldan eg kjem på å spandere noko på meg sjølv. Men sist måndag var eg lei av å sjå på dei tomme blomsterkassene der det berre grodde ugras. For ugras veks også om vinteren her. For ein liten penge fekk eg kjøpt desse søte blomstrane og planta dei ut.
Dagen etter snødde det igjen, men ikkje verre enn at blomstrane overlever. Dei stod truleg under snø utanfor butikken før eg kjøpte dei, også. No er snøen borte igjen, men andre plassar i Japan har det vore kaotisk i helga. På nyheitene les eg at 5 er omkomne og omlag 600 skadde, og mange tog og fly er innstilte.
Ei natt var det 3 minusgrader her, og morgonen etter måtte eg ha meg ein tur og gå i den knirkande snøen. Rett nedanfor leilegheita mi fann eg desse "isblomstrane".

Torsdag kveld har eg bønnegruppe for Bible Club ilag med desse medhjelparane mine. F.v. det amerikanske ekteparet Scott Menking og Carmella Lieske, og japanske Ikuko Takeda. Eit spesielt takke-og bønneemne denne kvelden var seks jenter Carmella hadde invitert til Bible Club på fredag. Ei av dei vart dessverre forhindra, men fem av dei kom.


Dei tre til høgre er studentar frå Shimane universitet. I slutten av februar reiser dei på ein månads språkstudie til Arkansas. Fleire som tidlegare har vore der, har kome tilbake til Bible Club seinare fordi dei ville lære meir om Bibelen. Ei anna gruppe reiser ilag med Carmella og Scott på eit kristent program i Florida omtrent samtidig.


Desse to går på ein toårig høgskule ein annan plass i byen. Carmella underviser også der.

Alle jentene ga uttrykk for at dei likte seg og at dei har lyst å komme igjen. For fleire var det første gong dei las i Bibelen. Dei fekk med seg kvar sitt "Manga Messiah"-hefte om Jesu liv, død og oppstode. Denne kvelden var teksten frå Joh 14, om Jesus som er vegen, sanninga og livet.

Komande fredag reiser eg på Snow Fun Camp (eg får dessverre ikkje med meg ein einaste student...), så vi har bestemt Bible Club på torsdag denne veka. Håper å sjå fleire av dei nye jentene igjen.  Og den einaste guten blant studentane skreiv i loggboka: "Vi treng fleire gutar!"

Samme kveld skreiv ei av dei nye jentene på Facebook:

"Idag har eg vore med på Bible Club for første gong!
Maten til Inger var så god!!
Og takk, Carmella, for at du køyrde oss. 
Eg hadde ei fin stund ilag med dei.
Eg vil vere der også neste torsdag!"
 

Blomstrar i Guds hage - ja, der er mange slags blomster. Be om at desse fine ungdommane vil opne seg og strekkje seg mot lyset, og slå djupe røter i Guds ord.

Hideki Class

I løpet av ei veke les eg Bibelen ilag med fleire, både med enkeltpersonar, med to eller med ei større gruppe. Den ferskaste gruppa starta opp i slutten av januar. Desse to damene kjem heim til meg ein dag i veka. Biletet er frå første bibelstudiet. Yumiko til høgre har vore ein kristen i litt over eit år, og ho er ivrig i å få med seg andre. "Kan vi ikkje starte bibelstudie med "M-san"?", spurde ho. Eg kom på at eg hadde eit studiehefte i hylla som venta på eit høve til å bli brukt for nokon som vil lese Bibelen for første gong, og no kom det til nytte. Det er skrive av pastor i Yonago kyrkje, Hideki Matsumura. Det er også han som er president i WJELC for tida. Han har skrive eit hefte som heiter "Bible Class", men alt anna enn tittelen er på japansk. Likevel er det forholdsvis enkelt for meg å lese, for han har skrive lydskrift (hiragana) over alle teikn, så det er lett å slå opp i ordbok for ord eg ikkje kan.

Så dette kan bli ei god lærebok for meg, også. Til dømes lærte eg eit nytt ord: "Gentleman". Når Jesus står for hjartedøra og bankar, viser det at han er ein "gentleman" som ikkje trengjer seg på, men ventar til vi opnar døra.

Det verkar som om denne boka er midt i blinken for M-san. Og vi har alle sansen for pastor Matsumura. Etter første bibelstudie skulle vi bestemme namn på denne gruppa. Kva skulle vi kalle oss? "Bible Class"? Nei, vi har allereie ei gruppe med det namnet. Kva med "Matsumura Class?" Jau, det høyrdest bra ut. Eller kanskje "Hideki Class?!" Jau, det var vi alle samde om var ein god idé. Vanlegvis bruker vi ikkje førenamn på prestane, men i Yonago kyrkje går presten oftast under namnet "Hideki-sensei", så kvifor ikkje?

Etterpå sende eg ein e-post til Hideki-sensei med bilete av dei to blide damene ovanfor, og fortalde om namnevalet. Eg fekk eit muntert svar tilbake, og han tek det som ei ære å bli oppattkalla.
Biletet nedanfor er profilbiletet hans på Facebook, som eg har lånt for anledninga.



Vi har allereie gått gjennom fire av dei sju kapitla, så spørsmålet er då: Kan vi framleis kalle oss "Hideki Class" når vi er ferdige med boka?
 
At "M-san" set pris på å lese Bibelen, er vel dei fine blomstrane eit vitnemål om.







Andre bibelstudie
Ei lita oversikt viser kva bibelstudie eg har i løpet av ein månad:
  • Bible Class (Matsue) -  fredag føremiddag 2 g pr mnd
  • Bible Class (Izumo)  -  søndag e.m. - 1 g pr mnd
  • Bible Club: Kvar fredag kveld
  • To tidlegare Bible Club-medlemmer: Ca 2 laurdagskveldar pr mnd
  • Bibelstudie med ei kinesisk jente: Tirsdag ettermiddag eller kveld
  • Koto-gruppe-bibelstudie - 2 g pr mnd (laurdag e.m.)
  • Hideki Class  - vanlegvis kvar onsdagskveld
 Ta dei gjerne med på bønnelista di!