Saturday, February 8, 2014

Hideki Class

I løpet av ei veke les eg Bibelen ilag med fleire, både med enkeltpersonar, med to eller med ei større gruppe. Den ferskaste gruppa starta opp i slutten av januar. Desse to damene kjem heim til meg ein dag i veka. Biletet er frå første bibelstudiet. Yumiko til høgre har vore ein kristen i litt over eit år, og ho er ivrig i å få med seg andre. "Kan vi ikkje starte bibelstudie med "M-san"?", spurde ho. Eg kom på at eg hadde eit studiehefte i hylla som venta på eit høve til å bli brukt for nokon som vil lese Bibelen for første gong, og no kom det til nytte. Det er skrive av pastor i Yonago kyrkje, Hideki Matsumura. Det er også han som er president i WJELC for tida. Han har skrive eit hefte som heiter "Bible Class", men alt anna enn tittelen er på japansk. Likevel er det forholdsvis enkelt for meg å lese, for han har skrive lydskrift (hiragana) over alle teikn, så det er lett å slå opp i ordbok for ord eg ikkje kan.

Så dette kan bli ei god lærebok for meg, også. Til dømes lærte eg eit nytt ord: "Gentleman". Når Jesus står for hjartedøra og bankar, viser det at han er ein "gentleman" som ikkje trengjer seg på, men ventar til vi opnar døra.

Det verkar som om denne boka er midt i blinken for M-san. Og vi har alle sansen for pastor Matsumura. Etter første bibelstudie skulle vi bestemme namn på denne gruppa. Kva skulle vi kalle oss? "Bible Class"? Nei, vi har allereie ei gruppe med det namnet. Kva med "Matsumura Class?" Jau, det høyrdest bra ut. Eller kanskje "Hideki Class?!" Jau, det var vi alle samde om var ein god idé. Vanlegvis bruker vi ikkje førenamn på prestane, men i Yonago kyrkje går presten oftast under namnet "Hideki-sensei", så kvifor ikkje?

Etterpå sende eg ein e-post til Hideki-sensei med bilete av dei to blide damene ovanfor, og fortalde om namnevalet. Eg fekk eit muntert svar tilbake, og han tek det som ei ære å bli oppattkalla.
Biletet nedanfor er profilbiletet hans på Facebook, som eg har lånt for anledninga.



Vi har allereie gått gjennom fire av dei sju kapitla, så spørsmålet er då: Kan vi framleis kalle oss "Hideki Class" når vi er ferdige med boka?
 
At "M-san" set pris på å lese Bibelen, er vel dei fine blomstrane eit vitnemål om.







Andre bibelstudie
Ei lita oversikt viser kva bibelstudie eg har i løpet av ein månad:
  • Bible Class (Matsue) -  fredag føremiddag 2 g pr mnd
  • Bible Class (Izumo)  -  søndag e.m. - 1 g pr mnd
  • Bible Club: Kvar fredag kveld
  • To tidlegare Bible Club-medlemmer: Ca 2 laurdagskveldar pr mnd
  • Bibelstudie med ei kinesisk jente: Tirsdag ettermiddag eller kveld
  • Koto-gruppe-bibelstudie - 2 g pr mnd (laurdag e.m.)
  • Hideki Class  - vanlegvis kvar onsdagskveld
 Ta dei gjerne med på bønnelista di!





No comments:

Post a Comment