Det var ikkje akkurat så stille den fredagen for to veker sidan. Men i dag kom det ingen på Bible Club. Eg visste det allereie i går at dei som prøver å prioritere å vere med, hadde andre planar. Men den kvelden eg hadde besøk frå Nordborg og Kvitsund, vart vi så mange at vi måtte ha to bord til middag og tre grupper under bibelstudiet.
Neste veke får eg besøk av to unge gutar frå Norge. Den eine er eittåring i Kobe, og den andre er frå Fjellheim bibelskule. Då håper eg at fleire studentar vil kome på Bible Club. Vi skal også ha English Café laurdagen, og søndag skal Elias preike og Tor Arne ha vitnemål på gudstenesta. Så då blir det tolkeoppdrag på meg. På ettermiddagen får dei vere med på generalprøva for julekonserten.
Angels' Voice
De lurer kanskje på korleis det går med englerøystene?
8. november skreiv eg på Facebook etter tredje øvinga med Angels' Voice:
Eg var spent på om dei ville komme igjen dei som kom sist. Men dei som kom først, hadde ikkje vore der før! Ei mor og ein gut i 1. klasse, som hadde blitt invitert av dei to førsteklassejentene som kom sist. Og alle kom! Ikkje berre det, men dei hadde øvd heime, så ungane til og med retta på meg då eg song feil!
Pastoren i kyrkja der fleire av borna har gått i barnehagen, stiller også opp og syng i lag med oss. Så no gler vi oss til generalprøve 29. november og julekonserten 5. desember!!!
20-årsjubileum
Denne veka har eg byrja såvidt å førebu 20-årsjubileum for Bible Club. 1. desember 2006 hadde vi første samling. I løpet av desse åra er det mange som har vore med, og som no er spreidde omkring. Eg sette meg ned og noterte på eit ark alle eg kunne kome på, og det vart ei overraskande lang liste. Ganske rotete etter kvart. Neste morgon kom eg på fleire namn, så eg måtte starte på ei ny side. Dei fleste har eg framleis på Facebook, så eg har sendt ut melding til alle og merka av at eg har sendt.
Eg spør om dei kan skrive litt om det beste minnet dei har frå tida i Bible Club, med eit bilete av korleis dei ser ut no. Etter kvart har det kome inn fleire svar, både frå ulike plassar i Japan, og frå Brasil, USA, Salomon-øyane, Korea, Kina, Kamerun, Nigeria og Zambia. Og eg ventar meir.
Kanskje dette kunne bli ei påminning om det dei lærte og opplevde den tida dei var med? Dei fleste japanske studentane er enno ikkje blitt kristne, men nokre vart det medan dei var i Matsue, eller har blitt kristne i ettertid.
Ei jente skriv:
"Kanske det sterkaste minnet for meg var då Kazuaki vart døypt i sjøen. Eg hugsar ein gong du intervjua Kazuaki og meg og to andre som var med fast i Bible Club, om kva vi trudde på. Den gongen var ingen av oss kristne, og ingen av oss trudde på Gud. Det faktum at det skjedde ei forandring, var verkeleg ei djup og sterk oppleving for meg."
Sjå blogginnlegg frå denne dåpen i 2012 her: Kazuaki blir døypt i Japanhavet
Bachmusikk skapte interesse for Bibelen
Sist søndag hadde vi internasjonal kveldsgudsteneste, som også denne gongen samla mest japanarar.
Av dei 10 japanarane er halvparten ikkje-kristne. Og ein av dei kristne er ganske ny på vegen. Han vart døypt i april i år.
Vi utfordra han til å fortelje om korleis han var blitt ein kristen, og eg har fått lov å dele det her.
Vitnemålet vart framført på engelsk, nesten utan å sjå i manus:
- Eg høyrde om Jesus første gong i barnehagen for 53 år sidan. Då eg var omtrent 20, byrja eg å lytte til Matteuspasjonen og Johannespasjonen av Bach, men eg forstod ikkje orda. Eg ønska å lære meir om Bibelen. Etter at eg gifta meg og fekk barn, vurderte å gå på gudsteneste, men eg tenkte det var vanskeleg så lenge borna var små. Då eg var i 50-åra, vart eg meir og meir glad i Bach sin musikk, men framleis kunne eg ikkje forstå Gud.
For tre år sidan, då eg var 55, byrja eg å gå i kyrkja. Eg trudde at dersom eg gjekk i kyrkja, ville eg med ein gong forstå Bibelen. Men det var ikkje så enkelt. Eg stilte mange spørsmål til pastoren. Kvar einaste veke. Etter omtrent to år, forstod eg endeleg Bibelen sin bodskap.
Når eg spelar Bach eller syng salmar, kjenner eg meg nær Gud og Jesus, og ei varm kjensle fyller hjartet mitt.
Eg byrja å gå i kyrkja fordi eg ønska å forstå Bibelen. Men eg oppdaga at å forstå Bibelen betyr å tru på Gud. Så eg vart døypt sist april, avslutta han.
Eg er glad for at fleire ikkje-kristne kunne få møte ein godt vaksen japanar som har blitt kristen, og sjå at det går an også for dei.
Denne mannen er også ein veldig flink pianist og er til stor hjelp i felleskoret.
Vinter på veg
Det er ein stille fredagskveld, men ikkje heilt stille. Ute uler vinden. Det har blitt sein haust, og det nærmar seg vinterstemperaturar. Fleire plassar i landet har første snøen kome, og i dag var det faktisk tendensar til litt sludd. Eg har skifta til vinterdyne, og har kjøpt inn parafin til omnane, og funne fram varme gjestetøfler. Og snart er det desember.
I postkassa fann eg reklame for julekaker i dag.
Ein mann spurde meg her ein dag om også vi kristne et julekake. Ja, men det blir jul også utan kake, sa eg, og siterte ei strofe frå ein av songane som Angels' Voice skal synge på julekonserten:
"Kaker, selskap, presangar, - men det eg er mest glad for, er at Jesus er født!"
Før vinteren set inn og trea mister lauva, tok eg ein liten tur innom den japanske hagen ute på øya i går.
Vi får nyte det så lenge det varer.
GOD HELG!











