Wednesday, November 21, 2012

Tverrkyrkjeleg gledesdag


Kazuaki hadde bestemt seg for at han ikkje skulle bli ein kristen. Grunnen til at han byrja å lese Bibelen, var at han ville finne ut kvifor han ikkje likte kristendommen. Men mykje har forandra seg i det siste. Han har sett at han har bruk for Jesus.
- Hadde det ikkje vore for at Jesus døydde på korset for å sone syndene mine, hadde eg ikkje blitt ein kristen. Ja, då kunne eg ikkje ha blitt ein kristen, sa han i vitnemålet sitt, som var grundig førebudd.

Dersom han skulle bli døypt, ville han gjerne at det skulle skje på Bible Club, med meg som "prest", men av fleire årsaker var ikkje det aktuelt. Den siste tida har han gått i Matsue Gospel Church, som ikkje har sitt eige kyrkjebygg, men leiger lokale i eit kommunalt bygg. Og i desse lokala har dei ikkje dåpsbasseng, så då har dei dåp i havet.

Venner frå fleire kyrkjelydar og fleire land var møtt opp for å vere med på dåpen på søndag morgon før kyrkjetid. Av påkledninga til desse kan ein berre gjette kva temperaturen var i sjøen. På land var det 12 grader... Så Kazuaki angra kanskje på at han ikkje tok valet litt tidlegare, før sjøen vart så kald...

Pastor Ikutake, som var pastor i Matsue Gospel Church fram til denne våren, var komen heilt ifrå Himeji for å foreta dåpshandlinga. Her les han dåpsbodet frå Matt. 28, 18-20, medan Scott er overalt og fotograferer (også på biletet over).


Her er heile flokken ved badestranda, som ikkje freista akkurat til noko vanleg bad idag. Men Kazuaki, evangelisten og pastoren trassa bølgjer og kulde for eit nådebad.


"I namnet til Faderen, Sonen og Den Heilage Ande..."

Heile dåpshandlinga kan de sjå på videoen nedanfor:


Kazuaki's Baptism in the Sea of Japan from Scott Menking on Vimeo.


Eg hadde preikeoppdrag i Arashima, og køyrde rett ifrå stranda og til kyrkja. Gudstenesta var blitt utsett 15 minutt for at eg skulle rekke det, og eg kom der omtrent fem minutt før. Etter gudstenesta køyrde eg tilbake til Matsue for å vere med på feiringa av Kazuaki, med god mat og mange helsingar.

Her er det ikkje slik at dei som vil ha ordet, melder seg, men alle skal seie litt. Også to ikkje-kristne studentar hadde ei helsing. 


Denne jenta er med på Bible Club, og går også ofte på gudsteneste. Denne dagen var ho med heilt frå dåpen om morgonen til den internasjonale gudstenesta i vår kyrkje om kvelden. Og ho hadde stått opp klokka 6 den morgonen for å lage småkaker til festen.


Om kvelden var det vår tur i den lutherske kyrkja å feire Kazuaki. På International Evening Service har han vore ein av dei trufaste. Her held han vitnemål for andre gong denne dagen.
Men til skilnad frå vitnemålet i si eiga kyrkje på føremiddag, prøvde han her å snakke spesielt til ikkje-kristne. Sjølv om det var litt skuffande at det var berre ei ikkje-kristen som kom, trur eg det betydde noko for henne. Men eg skulle ønskje at fleire kom av dei som var inviterte.


Men det er ikkje så verst å samle så mange kristne frå 7 ulike nasjonar, heller. Berre fem av oss er lutheranarar, men vi kan lovsyngje den samme Herre.


Det er mange som har vore med og bedt for Kazuaki, både i Norge, i USA, Japan og kanskje andre land også, og mange har sådd og planta Guds ord i hjarta hans. Andre har vatna. Så vart det ikkje vår kyrkje som fekk hauste den direkte frukta denne gongen, men vi kan likevel glede oss med dei.

"Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til: Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst. Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar. Berre Gud er noko, han som gjev vekst." 
1. Kor. 3, 5-7

Det ser også ut som om folk sette pris på kaka eg hadde laga. Det er ikkje så ofte vi har dåp her, så vi må gjere litt stas på dei!


No gjeld det å sjå framover og førebu desember. Tre nye preikeoppdrag ventar, og den store julekonserten nærmar seg, også, med berre to øvingar att. Det gjeld å få på plass stemmene og finpusse. Særleg er eg spent på "Hallelujakoret", som eg har tatt på meg å dirigere i år igjen.

Be om at mange må få invitasjon og bli med på konserten!
                     (Klikkar du på konsertprogrammet, blir det større)





No comments:

Post a Comment