Saturday, January 28, 2012

Eg og gutane mine


Idag har eg hatt mannskor! Ei av dei som bruker å kome på gospelkoret, var blitt stemmelaus, og ei anna måtte på foreldredag på skulen. Andre var opptatt med skule og andre aktivitetar, så vi var ikkje så mange. Til gjengjeld har eg fått ei solid mannsrekkje, og av dei fire som kom på øvinga idag, var tre med for første gong!

Som de ser, så går det her mykje i svart og grått, så det er godt med nokre fargerike kormapper...



Alle fire er solide songarar, og fleire av dei er også dyktige på instrument. Å få tunga med på den engelske teksten, var vel største utfordringa. Men eg synest dei tok det veldig fort.

Eg har gjort ein avtale med Arild Berstad i ungdomskoret Respons om å få bruke to av songane på CD-en dei ga ut i 2003. Og no fortel dirigenten at ungdommane vil øve inn igjen "He's got the Power", så no syng vi i stereo!

Etter ein times øving var vi klare for innspeling... Godt å ha Respons-ungdommane med kor, orkester og solist som støtte.



Eg trivst godt ilag med "gutane mine", men vi ønskjer også fleire jentestemmer velkomne til neste øving om ein månad!

Dei tre som var med for første gong idag, er ikkje kristne. Ein av dei kom flyttande til Matsue i desember og kjem fast på søndagane ilag med mor si, men dei to andre var også i kyrkja for første gong. På Bible Club er dei derimot oftare. Det såg ut som om trivselen idag var bra, så det er håp om at dei vil komme igjen. Ja, dei hadde det så kjekt at dei nesten ikkje ville gå heim då øvinga var slutt, heller. Nede frå kjøkkenet i første etasje høyrde eg flott pianomusikk, og då eg kom oppigjen, var gutane samla rundt pianoet. 1 1/2 time tidlegare hadde fleire av dei aldri møtt kvarandre. Dei har ulik bakgrunn og stor spreiing i alder. Men det er noko spesielt med musikk, som bind folk saman. Og bodskapen håper eg sit igjen, også:
"How can I say no to Jesus? All I can say is THANK YOU, LORD!"
Måtte det bli sant for alle av dei. "Korleis kan eg seie nei til Jesus?"

Tuesday, January 24, 2012

Tankar bak snøplogen



Eg har vore på Hiruzen igjen. Idag var det styremøte for drifta av leirstaden. Det var ikkje eg som var sjåfør idag.
Då eg var i kyrkja der sist laurdag med dei unge ungdommane, var det ikkje bruk for snøplog, for den dagen regna det. Vi snakka om døyparen Johannes som førebudde folk på at Frelsaren skulle kome.
- Kva vil de gjere dersom de får vite at til dømes den norske kongen kjem til Hiruzen? spurde eg.
- Moke snø! kom det frå ei av jentene heilt spontant. Ja, vegrydding har dei erfaring med i denne snørike fjellbygda.

Johannes var vegryddar for den store Kongen. Vi snakka også om det på Bible Club sist fredag. Johannes var bodberaren, men det var Jesus som var Bodskapen personleg.

Eg skal også få vere med og rydde veg for Jesus her i Japan. På den andre sida trur eg også at eg skal få gå bak Jesus, han som går både først og sist. Det er trygt å køyre bak snøplogen. Der er vegen brøyta.

Etter styremøtet på Hiruzen gjekk turen vidare ned til Yonago kyrkje, der eg var med på komitemøte for tenåringsleiren som skal vere i slutten av mars. Eg var litt dårleg motivert til å tenkje så langt fram, for eg har to leirar før det som eg har medansvar for. Først er det Snow Fun Camp 10.-12. februar, og så er det KGK- studentleiren 12.-15. mars. Deretter kjem denne leiren 27.-29. mars, etter at WJELC-årsmøtet og påfølgjande misjonærkonferanse er unnagjort...

Som sagt var eg lite motivert og hadde få idear, men det var godt å kunne tenkje ilag med andre og sjå at vi kom fram til eit bra program til slutt. Nokre må køyre først med snøplogen for at andre skal kome fram. Kanskje eg som medlem i leirkomiteen kan få leggje tilrette for at nokon kjem på leir for første gong, eller at ein kristen tenåring kan få hjelp på vegen vidare?

Men først står skileiren for tur, 10.-12. februar. Vil du vere med i bøn og rydde veg for dei som skal melde seg på leiren?
Vi får også besøk av eit team som skal filme for Barnas Misjonsprosjekt. Det blir spesielt kjekt å ønskje Sjøholt-jenta Grete Yksnøy Martinsen velkommen!

Tuesday, January 17, 2012

17 år sidan 17.1.95


Det er nøyaktig 17 år sidan, og det skjedde til og med på ein tirsdag. Meir nøyaktig kl 5.46 om morgonen. Også i dag tidleg på det tidspunktet var mange samla i ein park i Kobe for å minnast det kraftige Hanshin-Awaji-jordskjelvet i januar 1995, der over 6000 menneske miste livet.
Eg var ikkje oppe kl 5.46 idag, men eg kan godt hugse korleis det var å bli vekt av det kraftige skjelvet den tirsdagsmorgonen i 1995.
- Jesus, det er jordskjelv! ropte eg. Eg hadde ingen andre å rope på, men Han var der. Det eg ikkje visste då, var korleis Gud hadde mint folk i Norge til å be for Japan og for meg i timane før, under og etter skjelvet. Var det derfor eg ikkje fekk panikk sjølv om eg var åleine og ikkje fekk kontakt med andre norske dei første timane?
Bibelverset frå Jes. 54,10 gav meg tryggleik og fred midt i det kaotiske:
”For fjella kan vel vika, og haugane rikkast, men mi miskunn skal ikkje vika frå deg, og mi fredspakt skal ikkje rikkast, seier Herren, han som forbarmar seg over deg.”

Biletet ovanfor er tatt under ein tur innom Kobe sentrum i dag ettermiddag, etter at vi var ferdige med styremøtet på Aotani.


Dagen starta i 9.etasje i ei blokk på den menneskeskapte øya Rokko Island, der Liv Bakke bur.


Damene har lunsj på bibelskulen på Aotani. F.v. Kirsti Strand, Ingebjørg Hildre og Liv Bakke. Også for 17 år sidan var Kirsti komen til Kobe kvelden før for å vere med på styremøte tirsdag den 17., men den gongen vart det sjølvsagt ikkje noko møte. Ingebjørg og Liv var i Oslo på den tida. Eit bilete frå Utsyn der Japanmisjonærar er samla i bøn for Japan, er festa til netthinna mi.


Det var tent mange lys idag til minne om dei som miste livet i Hanshin-Awaji-skjelvet i 1995. Samtidig var det også ein minnedag for fjorårets katastrofe i Tohoku (Nordaust), der talet på omkomne var omtrent tre gonger så stort.

11. mars (3.11) 2011 var ein dag som vekte minne ifrå 17.1.95, men omfanget var berre så mykje mykje større.
På TV i kveld handla det om born på ein skule der alle vart berga, fordi dei hadde øvd på evakuering og visste kva dei skulle gjere. Nokre born fekk også hjelpe besteforeldre i dekning før tsunamien nådde dei. Gripande historier midt i alt det triste.


Utsikt mot Kobe hamn ifrå 24. etasje.


Utsikt austover frå Kobe sentrum. Ein eller plass i det fjerne, midt i biletet, budde eg den morgonen for 17 år sidan.


Utsikt mot nordaust. Ein eller annan plass mellom heisekranene og den peikande fingeren ligg NLM og Vest Japan Evangeliske Lutherske kyrkje sitt hovudkvarter, med bibelskule og seminar. Det var der vi hadde styremøte i dag. Og det var der eg fann fellesskap og husrom med andre norske etter skjelvet i 1995.

Takka går til Gud som bevarte oss, men tankane går også til alle dei som miste nokon av sine kjære, og som år etter år på denne dagen med tårer minnest sine døde.

Thursday, January 5, 2012

Velkommen, Maria!



Ifrå februar får eg ein medarbeidar her i Matsue!
Maria Boganes Urstad (22) kom faktisk til Japan før meg. Foreldra hadde gått nesten to år på språkskulen då eg kom ut i 1993, og Maria var 3 år gammal. Besteforeldra var også misjonærar i Japan i mange år. No er ho 3. generasjon som kjem til Japan for NLM.
Maria tek eit halvt års pause frå studiane og vil prøve seg som korttidsmisjonær. Då søknaden hennar kom til styret her ute, var eg snar til å melde mi interesse. Eg såg føre meg kva ho kan bety i studentmiljøet. Samtidig kjenner eg også på eit stort ansvar med å skulle vere hennar næraste arbeidsgjevar.

Ein av draumane mine er at ho kan bli eit bindeledd mellom studentane og kyrkja, og at vi kan byggje opp eit ungdomsmiljø i kyrkja. Be om at ho må få god inngang både i kyrkjelyden og i studentmiljøet, og at vitnemålet hennar når inn til dei! Ho er også glad i å lage mat, så då treng eg ikkje bekymre meg for middagslaginga til Bible Club lenger.
Biletet ovanfor er ifrå ein tur ho hadde til Japan i fjor i mai. Ho ser ut til å passe godt ilag med japanske ungdommar.

Idag fekk eg vite at ho landar 2. februar på Kansai Airport, så det blir vel ikkje mange dagar før ho flyttar hit til Matsue.
Maria blir også med på skileiren ikkje mange dagane etter, og stiller som snøbrett-instruktør. Ei sporty dame, etter det eg har forstått. Eg gler meg til å få ungdommelege krefter å samarbeide med!
Velkommen, Maria!


Idag har eg skrive årsmeldingar ifrå arbeidet. Eg som ofte har tenkt at eg ikkje gjer noko særleg, fekk ein del å skrive om faktisk. Nesten så eg vart overraska. Berre alle leirane eg har vore med på i løpet av eit år er ikkje få. Mange har eg fått dele Guds ord med, også, sjølv om eg ikkje ser så mykje frukt av arbeidet enno.

Då eg såg på solnedgangen nyttårsaftan, kom ei strofe frå Anders Vassbotn i tankane:
Å leva det er som havet
å spegla Guds himmel av.


Slik ønskjer eg å leve i året som kjem. Leve slik at dei rundt meg ikkje ser meg, men ser Guds kjærleik i livet mitt.

På bileta mine er det ikkje havet, men innsjøen Shinji som speglar sola. Du kan sjå fleire bilete på lenkja her:
Facebook Album Solnedgang 31.12.11



Eg starta året med å reise på leir. Etter å ha hatt mange gjester i jula, var det godt å gå til dekka bord, både med nyttårsmat i matsalen og med god bibelundervisning i møtesalen.


Fleire bilete frå leiren finn du på lenkja under:

Facebook Album Nyttårsleir 1.-3.januar