Tuesday, August 28, 2012

Studentleiren er i gong

Saa er eg paa leir igjen. Denne gongen har eg faatt med meg to japanske studentar,Yuki,som er ein kristen og har vore paa KGK-leir fleire gonger, og Kazuaki,som er for foerste gong,og enno ikkje er ein kristen. Men eg har haap om at det kan skje med han ogsaa,slik Yuki fekk eit avgjerande moete med Jesus paa sommarleiren for 3 aar sidan.

Det gjekk greitt med bilturen,som tok omtrent 5 timar og 17 minutt,slik det var antyda. Og vi fann fram sjoelv om ikkje vegen stemde heilt med kartet. Daa er det godt det ogsaa finst andre vegar. Men til himlen finst det berre ein veg,song vi paa opningsmoetet.

Vi er til fjells ein eller annan plass i Hiroshima. Staden heiter Mitaki 三滝 som betyr tre fossar, men enno har eg ikkje sett ein einaste foss. Det er god kjoelig luft her,saa det skal bli godt aa sove. Undervegs idag var det nede i 26 grader der vi koeyrde.Veldig uvant naar temperaturen har vore oppe i 35 grader i lengre tid.

Til deg som ber: Be om gode samlingar om Guds ord, og spesielt for dei to studentane eg har med meg.

Dette har eg skrive fraa mobiltelefonen. Det gaar litt seint med berre ein finger. Fredag ettermiddag/kveld er eg etter planen heime att ved dataen. Fram til daa er det altsaa lagsleir.

Wednesday, August 15, 2012

Tilbakeblikk på Taiwan


 No har eg visst endeleg "landa" etter Taiwan-turen, som offisielt vart avslutta søndag kveld, då vi reiste kvar til vårt ifrå flyplassen i Osaka. Då hadde vi vore ilag i bortimot ei veke og blitt ein ganske samansveisa gjeng. Det vil seie, frå fredag ettermiddag til søndag var vi delt i grupper som besøkte ulike kyrkjer, så då vi møttest igjen på flyplassen i Taipei søndag ettermiddag, var det stor gjensynsglede, og mange hadde mykje å fortelje. Biletet ovanfor viser derimot vår ankomst til Taipei måndag 6. august, med heile Japanflokken pluss fire vaksne og ein liten gut som tok imot oss på flyplassen. Vår allestadsverande fotograf Jeff vart dessverre ikkje med på biletet sjølv.

Det var kjekt å treffe igjen Anna Sæther, som har stått på i ungdomsarbeidet på Taiwan i mange år, og som var med og oppmuntra leiarane under heile leiren. På velkomstsamlinga måndag kveld traff vi også pastorparet i Life Church, der eg skulle vere med den komande helga. Pastoren fortalde at han var i Norge i 1985, og var då ilag med Bjørn Brudeli i ei gruppe som song på UL. Så vi fann ut at vi hadde møttest før! Men namnet? Vi vart nettopp venner på Facebook, så eg veit at namnet er李善和, men korleis det blir uttalt??

Her er ein av "sønene" til Anna. Etter så mange år har ho mange åndelege barn som no er blitt vaksne og leiarar i kyrkjene.

Dette er deltakarane som kom frå Hong Kong. Om 3 år inviterer dei til ny leir hos dei.

Ifrå NLM i Norge deltok (bak f.v.) Robert Lilleaasen, Georg Stensland og Kenneth Ellefsen.

For oss asiatiske nordmenn, Anna og meg, var ikkje varmen det store problemet, men dei som kom rett ifrå Norge, streva litt...
Endeleg kald luft!


Japangjengen ser ut til å trivast. Pastor Mizuno t.h. var både turleiar og tolk. Veldig praktisk å ha ein japansk prest som kan snakke både japansk, kinesisk og engelsk. Eg hjelpte også til med tolking på engelsk/japansk/norsk.

Gutane ifrå Norge hadde førebudd seminar om NLM sitt arbeid, og Kenneth, Robert og Georg utfordra ungdommane til å tenkje på alle dei som framleis lever utan å kjenne Jesus.
- La ikkje dei vaksne stoppe deg dersom du kjenner eit kall frå Gud til å gjere noko, utfordra Georg. Anna tolka frå engelsk til kinesisk, og eg sat ved sida av ein japansk 16-åring og prøvde å gjere det forståeleg for han. Han nikka og kommenterte, så eg trur han forstod.
Siste morgonen på leiren var det lagt opp til utandørs bønnevandring før frukost. På denne posten stod det: "Sjå på dette verdskartet medan du ber Gud gi deg nød for eit land. Fest eit merke på det landet og be for det". Etter 30 minutt såg kartet slik ut, og det var sendt opp bønner for fleire land i Asia.

Eg måtte berre låne dette biletet frå Jeff si fotoside på Facebook. Det er hardt å vere på leir, særleg for dei omlag 20 medhjelparane som var møteleiarar, forsongarar og musikarar. Her er det ein som tek seg ein liten lur, men han har framleis grepet om pennen. Han vakna av blitsen til fotografen, kommenterer han.
Etter at leiren var slutt, vart Georg, ei japansk jente og eg henta av folk i denne kyrkja, Life Church midt i Taipei. Her fekk vi privat innkvartering, vart tatt med ut på kinesisk middag, og laurdagen på sightseeing og ungdomskveld i kyrkja. Det var flott å sjå så mange ungdommar. Dei fleste av dei hadde også vore med som leiarar under leiren og trengde sikkert å kvile, men likevel stilte dei opp for oss tidleg og seint.
På leiren hadde lovsongen vore på engelsk, men her i kyrkja kunne dei synge sitt eige språk. Om det var uforståelege ord, var det iallfall kjende tonar:


Youth meeting in Life Church, Taiwan, August 11, 2012 from Inger Valbø on Vimeo.

 Søndag føremiddag var det gudsteneste. Vi fekk preika omsett til engelsk, og elles var det greitt å følgje med på skjermen, som også hadde ein del engelsk. Og kan du japanske teikn, kan du også gjette deg til meininga i ein kinesisk tekst. Men når eg høyrde dei uforståelege lydane, takka eg Gud som sende meg til Japan og ikkje til Taiwan!

Avslutning på gudsteneste i Life Church
Sunday service in Life Church, Taiwan from Inger Valbø on Vimeo.

Dette er ei flott familie som eg fekk bli kjent med. Både far og son Hsiang arbeider i den kristne radiostasjonen Voice of Salvation, som vart starta opp av Bjørn Brudeli i si tid. Heile familien hjelpte til med tolking for oss og guida oss rundt i byen. Dei to ungdommane var også med som lovsongsleiarar under leiren. Takk for fellesskapet, og Gud velsigne dykk!

"God be with you till we meet again", anten det skulle vere på Taiwan, i Hong Kong, i Japan, - eller i himlen.

Sunday, August 12, 2012

Tilbake fra Taiwan

Taiwan har mykje god frukt.I ettermiddag laga vi mangois ilag med ungdommane i Life Church i Taipei.Ei veke med mange opplevingar.

Wednesday, August 1, 2012

Destinasjon Taiwan


 Nei, eg skal ikkje symje dit. Det går raskare å flyge.
Eg skal altså til Taiwan neste veke, på leiartreningsleiren som Anna Sæther skriv om her:
Artikkel av Anna Sæther: Destinasjon Taiwan

Eg er av dei heldige som får vere med sjølv om eg er over 35 år, som er øvre grense for ungdommane som skal vere med. Som representant for NLM i Japan skal eg vere med og hjelpe litt med tolking. Eg kan ikkje noko særleg kinesisk, men alle gruppesamlingar og seminar skal gå på engelsk, og då treng nokre av dei japanske ungdommane litt hjelp. Bibeltimane er på kinesisk og blir tolka til japansk, så då skal eg avlaste Anna litt med å tolke for dei norske deltakarane.

Programmet ser slik ut:
Måndag 6. august:
13.10 Avreise frå Kansai Airport, Osaka med China Airline
15.00 Ankomst Taipei

Tysdag 7. august:
10.00 Registrering
11.00 Orientering/info
12.00 Lunsj
13.30 Gudsteneste
14.00 Opning
15.30 Omvisning på skulen
18.00 Kveldsmat
18.45 Gudsteneste
19.15 Bibeltime
20.45 Gruppesamling
21.30 Nattmat
23.00 Lyset blir sløkt

Dette er berre starten. Heile onsdag og torsdag har tett program frå morgon til kveld, med ein innlagt pause på 15 minutt på føremiddag og 30 minutt utpå ettermiddagen... Vel, lunsjpausen er på 1 1/2 time, så det kan bli litt pusterom der, også.
Men vi reiser ikkje til Taiwan for å vere på ferie, men for å få undervisning, og for å oppleve fellesskapet i Jesus på tvers av landegrensene. Så det gjeld å utnytte tida godt!
Ifrå Japan blir vi 11 til saman. Person nummer 11, Maki Ikegami, som reiste ut som misjonær for to månader sidan, kjem ifrå Hong Kong ilag med ungdommar der.

Etter at leiren er slutt på fredag 9. august, blir vi delt i grupper for å bu privat med kyrkjefolk og får sikkert litt sightseeing. Søndag skal vi vere med på gudsteneste i fleire lutherske kyrkjer i Taipei-området, før vi kjem tilbake til Osaka/Kobe utpå kvelden. Eg takka nei til spørsmålet om å preike i ei kinesisk kyrkje, men i går fekk eg mail om at dei iallfall vil ha ei helsing frå meg. Eg blir tolka frå japansk til kinesisk.

Eg reknar med de får høyre meir ifrå meg etterkvart, men om eg kjem meg på internett medan eg er der, veit eg ikkje enno. Elles er eg redd det blir minimalt med tid til blogging uansett...
Eg er tilbake i Matsue utpå ettermiddagen den 13. august. Fordi eg tok ferie tidleg i år, får eg vere med på mykje som eg elles ikkje ville ha fått med meg.

Til slutt i dag nokre glimt ifrå dei siste dagane, med festival og fyrverkeri i helga, og blåbærtur på måndag.