Monday, October 21, 2019

Basar, blomster og bryllaup

Så er både preika den 13. oktober og basaren dagen etter overstått. Medlemmene i Arashima kyrkje bruker nesten eit heilt år på å førebu basaren til året etter. Mykje arbeid er lagt ned, men så kom det også mykje folk. Og tyfonen kom ikkje til oss. Derimot førte tyfonen med seg mange dødsfall og store øydeleggjingar lenger nord. Det kan du lese meir om lenger nede.

På basaren var eg opptatt i barnas hjørne i andre etasje. Det som gledde meg mest, var at ei ung mor med to små gutar som eg hadde invitert, kom. Dei bur i samme oppgangen som meg. Det er første gong dei har vore innom kyrkja. Mora helser alltid og pratar når vi møtest, anten det er på butikken eller i trappa. Igår då eg kom att frå kyrkja, kom dei også akkurat heimatt, og ho takka for sist. Det gjorde sjølvsagt eg, også. Og minstemann ville vise meg eit Shinkansen-tog han hadde i handa. Eg tenkjer på korleis eg skal bli betre kjend med denne koselege familien. Om ikkje før, så kanskje eg skal invitere dei på besøk til jul?
Då basaren var slutt, var alt av kaker borte, og det meste av handarbeidet, også. Men der stod att eit par ting og venta på meg. Ingen andre hadde kjøpt kaktusen og den søte frosken på biletet ovanfor. Så no har dei fått plass heime hos meg. No smiler frosken til meg og gjestane mine kvar gong vi går på do. :)

 Eg fekk også med meg blomster heim. Og dei betalte eg ingenting for, heller! Ei ikkje-kristen dame som går i kyrkja, har forstått at eg er glad i blomster. Ei heil bøtte hadde ho med! Så då eg kom heim, måtte eg ta ibruk alle ledige vasar eg hadde.


No er dei aller fleste blomstrane visna, så idag har eg skifta ut innhaldet i den største vasen med litt ifrå naturen langs elva her.


Ei påminning om at vi menneske også er som blomen som visnar og fell av, men Guds ord lever og varer.

"For alle menneske er som gras, 
og all deira prakt som blomen i graset. 
Graset visnar, og blomen fell av, 
men Herrens ord varer til evig tid. 
Dette ordet er evangeliet som er forkynt for dykk." 
1. Pet. 1, 24-25

At livet er skjørt og naturkreftene sterke, vart vi også minte på for vel ei veke sidan då tyfon nr.19 herja. Det har også vore på norske nyheiter, så eg reknar med de har følgt med. Her var det ikkje meir enn litt ekstra sterk vind, og ikkje særleg meir regn enn normalt.
No er talet på omkomne oppe i 80 personar, og elleve er framleis sakna. Fukushima og Nagano er to av fylka som er blitt hardt ramma. Omtrent halvparten av risåkrane i Fukushima var ikkje blitt innhausta før tyfonen, så dei er no øydelagde. Nagano fylke er kjent for epleproduksjon. Mange har mista både avlingar og inntekter.

Kari Opperud skriv veldig informativt om tyfonar generelt og om denne tyfonen spesielt på bloggen sin. Klikk her: Tyfon

Tyfonane står visst i kø. No er allereie både nr 20 og 21 på veg, men det ser heldigvis ut som om dei vil gå meir ut i havet enn over land.
Her er ei oversikt over korleis tyfon nr 20 og 21 kjem til å gå dei næraste fem dagane.

Ifrå triste nyheiter til ei meir gledeleg nyheit. Sist laurdag var eg i Osaka i bryllaup til ei veninne der. Eg reiste med nattbussen etter Bible Club på fredagskvelden, og fekk frukost og nokre timar avslapping hos ei anna veninne før vigsla.

Ilag med brudeparet. Ho til høgre er ei anna veninne som eg alltid kan ta inn til når eg treng overnatting i Osaka.
Eg fekk den ære å vere bryllaupspianist. Og der trengde dei tre bryllupsmarsjar; ein for brudgomen og pastoren, og så ein for bruda, og til slutt utgangsmarsj for det nygifte paret. Og då vart det norske tonar, med bruremarsj frå Telemark.
Eg vart kjend med Yoko medan eg arbeidde i Kita Osaka kyrkje, sånn rundt 2000-årsskiftet. Ho kom først for å vere med i engelskklasse. Etterkvart vart ho interessert i å lære meir om Jesus, og 14. oktober 2002 vart ho døypt. Eg hugsar ho sa den dagen at det var nesten som eit bryllaup, for ho fekk så mange gratulasjonar!

Eg fann fram eit kort ho skreiv til meg på dåpsdagen sin for 17 år sidan:
"Eg var ein villfaren sau til eg møtte deg. I det lille "kapellet" ditt lærte du meg at Jesus er ein god hyrding for meg, så eg vart frelst. Ver så snill og finn fleire villfarne sauer rundt om i verda som treng ein god hyrding."

No har også ei yngre søster av Yoko blitt ein kristen og vart døypt i påska i år.

Pastor Hirano lyser velsigninga over brudeparet.


Denne veka skal eg prøve å starte tidleg på førebuingane til helga. Sidan eg vart borte heile laurdag, bestemte eg å ha den internasjonale gudstenesta ei veke seinare enn vanleg. Men det betyr at komande søndag blir ganske tettpakka frå morgon til kveld. I morgon er det engelskklasse i Nima igjen. Vi har allereie byrja på juletekstane i eit hefte med fem leksjonar.
 Her er eit par glimt ifrå forrige veke, då Maria fekk englebesøk:


Dette er ein festleg gjeng, med mykje latter. Ho som hadde rolla som Maria (i midten), sa først "No thank you!" då ho fekk i oppdrag å bli mor til Guds Son, men etter å ha blitt forsikra om at ingenting er umogleg for Gud, sa ho "OK!"
I morgon er det Josef som får englebesøk.


 

No comments:

Post a Comment