Thursday, August 31, 2017

Tilbake i Matsue

Dette var det som møtte meg då eg kom inn døra til meg sjølv i går kveld, etter å ha vore borte i vel 1 år og 2 månader. Jennifer hadde allereie flytta ut, men ho hadde pynta med blomster til meg!

Sist eg skreiv, sat eg i Amsterdam og hadde god tid. Eg landa trygt i Osaka etter planen, og eg vart henta av Leifur Sigurdsson. Eg er glad det ikkje var eg som skulle køyre.


 På Rokko Island fekk eg te og etterpå også lunsj hos familien Sigurdsson.


Dei viste meg også korleis eg kunne bruke den norske mobilen min på trådlaust nettverk, og dermed kunne eg publisere dette biletet på Facebook ganske fort. Som alltid ligg eg ganske på etterskot med bloggen. Ikkje så gale denne gongen, kanskje.

Takk til alle dykk som har vore med og sendt meg ut denne gongen, også! Alt ifrå baking til utreisefesten til køyring hit og dit. De som var med på festen på Sjøholt bedehus 20. august, har vel venta på å få sjå dykk sjølve. Takk til alle som stilte opp, både frå bygda og lenger ifrå.


Nokre var så heldige at dei fekk vere med to gonger!

 Det var mange Japan-misjonærar på festen, både noverande og tidlegare. Her er vi fire frå Sunnmøre.

27. august var det misjonsfest på Misjonssalen i Ålesund. Takk til alle eg fekk møte der, også! Gunnar Indrebø, som leia møtet og intervjua meg, oppmoda folk i salen om å ta fram mobilen og sende meg venneforespørsel på Facebook. Då eg sette meg, hadde eg allereie fått omlag 30 forespørslar, som eg svarte på etterpå. Så vennelista er blitt lengre, og truleg også lista over folk som ber for meg. Gunnar oppfordra også folk til å be ekstra for Japan når dei har ris til middag!

Så gjer eg eit stort hopp, frå Sunnmøre til Kobe og Osaka. På ettermiddagen tirsdag slappa eg av i ei tom leiligheit i Aotani (senteret for NLM og kyrkja), før eg tok toget til Osaka for å treffe venner der.
(Parantes: Eg har nettopp tatt knekken på den første kakkerlakken, som våga seg ned på skrivepulten min. Denne var liten, og ikkje så vanskeleg å få tak i...)

 
I Osaka var eg ute og åt middag med ei veninne. Eg bestilte ein av favorittane mine: Tempura.


Samanlikna med det første biletet frå tidlegare på dagen, ser eg uforskamma opplagd ut.

Etter middagen var eg på besøk til ei anna veninne. Japansken kjem etterkvart. Yoko og eg avslutta dagen med å dele ord frå Bibelen og be ilag. Det var lenge sidan eg hadde bedt på japansk, men eg trur ikkje det gjekk så aller verst. Gud forstod det nok, iallfall!



Tilbake i den tomme leiligheita i Kobe sov eg veldig godt den første kvelden. Då eg vakna langt utpå føremiddagen, var eg ganske utkvild. 
Siste avtale hadde eg eit par timar på ettermiddagen før eg skulle gå på bussen til Matsue. Rett nedanfor bibelskulen på Aotani bur eit ektepar som eg har hatt som venner i over 24 år, allereie. 
Dei første åra eg kjende dette ekteparet, var dei ikkje kristne, så det er litt rart å sitje no og høyre dei snakke om livet med Jesus og om deira plass i kyrkjelyden, og dei ser tilbake med takk på korleis Gud førte dei i kontakt med unge misjonærar frå Finland og Norge på starten av 90-talet. 

Bussturen tok 4 timar og 5 minutt, og ei veninne henta meg på stasjonen og køyrde meg "heim". Det var litt rart å komme inn døra der eg tidlegare har budd i 6 år. Eg treng litt tid til å finne fram ifrå skapa alt eg hadde pakka vekk, men eg treng ikkje gjere alt på ein dag. 
I går kveld fekk eg melding frå Jennifer om at ho hadde kjøpt sykkel til meg, for den gamle var så dårleg. Idag fekk eg sjå begge syklane i dagslys, og då såg eg at den gamle sykkelen var ganske tilgrodd, ja... Den "nye" er kjøpt brukt, men er likevel i mykje betre stand. 


Så no kjem eg meg iallfall fram, også før eg får kjøpt meg bil. Sjølv om eg nok kjem til å sakne den gode sykkelen eg hadde i Norge... 

I morgon er det første Bible Club for meg på over eit år. Carmella bestiller pizza, så denne veka slepp eg å lage mat til dei. Men frå neste veke blir det nok meir koking. Enkle oppskrifter på gode gryterettar blir mottatt med takk!





No comments:

Post a Comment