Sunday, December 5, 2010

- Dette har eg lengta etter i over to år!


Det er Sansfica frå Sri Lanka som seier dette etter å ha vore med på engelsk-japansk bibelstudium på Bible Club. Ho har fullført ein mastergrad og har byrja på doktorgrad i geologi. Eigentleg ville ho ikkje til Japan, men det var professoren hennar som sende henne.
- Gud, kva vil du med meg her i Japan, har ho ofte spurt. No har ho endeleg funne medkristne, - og ikkje-kristne frå fleire nasjonar som ho kan lese Bibelen ilag med.

Og så kan ho få bruke interessa for mat i teneste for Jesus. Ho svarte med glede ja med ein gong eg spurde henne om å lage middag til Bible Club.


- Det er forresten fødselsdagen min i dag, fortalde ho beskjedent etter at alle hadde ete seg mette. Og ho synest det var ein kjempefin måte å feire sin eigen fødselsdag den 3. desember! Det er ikkje meir enn ei veke sidan eg traff Sansfica. Det var på det internasjonalt "prateparty" forrige søndag kveld. Eg var kanskje litt for trøytt til å gå dit, men eg er glad eg gjekk likevel.

På onsdag var vi også med på bibelstudium på universitetet. Sansfica var ikkje klar over at der var ei slik gruppe, så ho var veldig glad for å oppdage det. I Sri Lanka var ho sjølv med som leiar i ein aktiv studentorganisasjon som heiter FOCUS (Fellowship of Christian University Students). Det skal bli kjekt å bli betre kjend med denne unge dama.


Dagspressa var også til stades på Bible Club, ser vi...


Wei frå Kina introduserte ein kamerat som ho jobbar ilag med. Yuuki er interessert både i å lære engelsk og Bibelen, så han meiner han kan slå to fluger i éin smekk, eller som dei seier på japansk: Treffe to fuglar med éin stein. Artig at ikkje-kristne inviterer med seg andre ikkje-kristne!


Carmella og Scott lever eit hektisk liv, men dei prioriterer Bible Club ilag med studentane så sant dei har tid.


8 personar og 6 nasjonalitetar er ikkje verst! F.v. Scott (USA), Bak (Korea), eg (Norge), Carmella (USA), Sansfica (Sri Lanka), Tomohito (Japan), Yuuki (Japan) og Wei (Kina). Foto: Scott Menking

Vi hadde ein god samtale utifrå teksten om Paulus i Aten, Apg 17. Gud er Herre over himmel og jord, og han byd at alle, kvar dei så er, skal vende om, for han har fastsett ein dag då Jesus skal dømme verda med rettferd. Det var også godt å minne ungdommane på at Gud sende ikkje Son sin til verda for å dømme verda, men han vil frelse oss frå dommen, så sant vi tek imot han som frelsar.

Tomohito hadde lovd å komme i kyrkja i dag. Han har vore med Carmella og Scott i deira kyrkje to gonger før. I dag medan eg åt frukost, sende eg ei melding til kameraten hans, Shinsei, som no er i Kyoto, og fortalde at Tomohito ville kome til kyrkje i dag, og oppfordra han til å be. Dagens store overrasking skjer då eg sit i kyrkja og har tatt opp plass til Tomohito. Døra opnar seg, og der står Shinsei! Hææ? Frå Kyoto? Det er ikkje gjort på eit par timar? Nei, han hadde kome til Matsue i går, og då han fekk meldinga frå meg, bestemte han seg for å kome i den luterske kyrkja i staden for å gå i Nazaren-kyrkja... Og her er vi altså alle tre: Det var eg som fekk med Shinsei på Bible Club, og så fekk Shinsei med seg Tomohito, som er ein av dei ivrigaste i klubben no.

Shinsei til venstre. Han hadde eg ikkje sett sidan 3. mars, og det var på Sjøholt, etter at han og to venner hadde vore på Sunnmøre eit par dagar...

Når det gjeld julekonserten i går, får eg kome tilbake til den når eg får tak i meir bilete. Men eg kan berre forsikre deg om at vi kom ganske heilskinna gjennom "Halleluja-koret", sjølv om det heilt sikkert kunne ha gått betre. Nokre mannfolk fekk litt hastverk med å bli ferdig med 16-delane og 8-delane mot slutten, men eg trur eg klarte å samle trådane til det siste mektige "halleluja", som også sette punktum for konserten.

No comments:

Post a Comment