Tuesday, May 21, 2019

På professoren sitt kontor

Foto: Toshiaki Suzuki
I fjor i mai fekk eg e-post frå ein av pastorane i byen, som introduserte meg for ein kristen professor som nettopp var flytta til Matsue og starta i ny jobb ved universitetet her. Han var sjølv blitt ein kristen medan han var student, og no vil han gjerne gjere noko for ungdommane.
Før eg flytta til Norge i 2016, hadde vi ei lita gruppe som leita etter eit ledig grupperom og hadde bibelstudie i lunsjpausen, men i løpet av det året eg var i Norge, slutta dei å samlast. 

Sidan det offisielt ikkje er lov å ha religiøse samlingar på universitetet, må det foregå litt i det stille.
Så eg såg nye muligheiter då denne arkitektprofessoren stilte kontoret sitt til disposisjon. I fjor i juni hadde vi første samling på kontoret hans, med to japanske studentar og ei frå Eritrea. Men så vart det sommarferie, og i haust var det heller ikkje så stor interesse, så vi la prosjektet litt på is.

Men så vart det vår og nytt skuleår. Ei kristen jente som var med meg på studentlagsleir i mars, vart inspirert og ønska å vere med i studentlagsgruppe. Ein gut som har vore med på Bible Club i vel eit år, tok imot Jesus som sin Frelsar i februar, og er no ivrig etter å lære meir frå Bibelen. Så no bestemte vi oss for å prøve å starte oppatt KGK-gruppa (KGK tilsvarar NKSS i Norge).

På første samlinga 13. mai var det eg som leia bibelstudiet, men sidan KGK er studentane sitt eige arbeid, vil vi oppmuntre studentane sjølve til å ta leiinga så snart som mulig, så kan vi som vaksne sitje på sidelinja og heie.
På andre samlinga denne veka merka eg allereie stor forandring.

Guten til høgre hadde allereie tatt på seg leiaroppgåva, som han gjennomførte på ein veldig fin måte. Og ei kristen jente hadde fått med seg ei ikkje-kristen veninne som også har byrja å kome på Bible Club. Men i motsetning til Bible Club, der vi bruker mest engelsk for å nå ikkje-kristne, går det her på japansk.

 Arkitektprofessoren og eg kan sitje på sidelinja og støtte studentane og svare på spørsmål dei måtte ha. For professoren er det nok ei ekstra stor glede at ein av hans eigne studentar har kome til tru på Jesus og er med og leier gruppa.
Neste måndag er professoren bortreist, men studentane får likevel bruke kontoret hans. Arkitektstudenten får låne nøkkelen. Snakk om tillit!!

Det er lunsjpausen på måndag som passar best for dei fleste, men sidan det er fridagen min, har eg sagt at eg kan ikkje kome kvar veke. Det trengst heller ikkje. Av og til kjem kanskje lagssekretæren frå Okayama, også. Han kom eins ærend for å vere med på oppstarten forrige veke. Dette ville han få med seg!

Ein laurdag tidlegare i mai hadde eg med meg tre av desse ungdommane til Hiroshima på ei KGK-regionsamling der. For henne som var på leir i mars, vart det gjensynsglede, og for dei andre to var det første møte med KGK, men ei positiv oppleving. Sjølv om det var hardt (for meg, iallfall) å stå opp kl 6 dagen etter Bible Club, og omlag 3 timar å køyre kvar veg, var eg glad for at vi fekk denne turen. Her fekk dei møte kristne studentar frå to andre fylke. Og så fekk vi invitere til gjenvisitt i Matsue til hausten!
Her er nokre glimt ifrå samlinga i Hiroshima Central Park laurdag 11. mai.

Foto: Toshiaki Suzuki




Foto: Toshiaki Suzuki
Foto: Toshiaki Suzuki
Foto: Toshiaki Suzuki
Foto: Toshiaki Suzuki
Foto: Toshiaki Suzuki


27. mai, på professoren sitt kontor med lånt nøkkel:




No comments:

Post a Comment