Sunday, April 28, 2019

Påskeoverrasking

Foto: Scott Menking
Det er søndag etter påske, og eg har ein god pause på ettermiddagen før kveldsgudstenesta. Eg har gått ein lang tur i parken nær kyrkja og langs ein sti i fureskogen.
Det er på tide å oppdatere litt. Påskedag var eg organist i Arashima kyrkje, og ettermiddagen gjekk med til siste førebuing til den internasjonale kveldsgudstenesta, som vi vanlegvis har tredje søndag kvar månad. Og det passa bra at det fall på påskedag.

Foto: Scott Menking

I mars var det fleire av dei som brukte å kome, som flytta frå Matsue, så eg hadde ikkje venta at det kom så mange. Kanskje 15, eller maksimum 18-20, tenkte eg. Då eg talde opp til slutt, enda eg opp med 31 personar. Av dei var 21 japanarar og 10 utlendingar! Det var ei god forsamling å tale til.
Du kan prøve om du kan opne linken nedanfor:
"He is not here!" Engelsk tale frå Luk. 23:55-24:12

Foto: Scott Menking
 Eg talte på engelsk, og japanarane følgde godt med på den japanske omsetjinga dei fekk utdelt. Det merka eg når alle samtidig bladde om til neste side! Jenta med saksofonen på biletet nedanfor hadde gjort jobben med å omsetje talen.
Medlemmene i bandet varierer frå gong til gong. Ho med fiolinen og han med gitaren spela ilag med oss for første gong. Gitaristen kom frivillig med gitaren og lurte på om han fekk lov til å spele! Han hadde med seg familien heilt frå Tottori! Eg traff dei då eg var i Tottori kyrkje i november og fortalde om arbeidet blant studentane her. Han og kona ønskjer også å gjere noko for ungdommane. Ifrå Tottori hadde dei med seg tre ungdommar. Dei hadde køyrt over 12 mil, og omlag 2 1/2 time for å komme hit, og like langt var det tilbake.
Nokre unge jenter frå Arashima var også med denne kvelden. Etter gudstenesta sa to av dei at neste gong vil dei også vere med og spele! Begge er med i korps;  den eine spelar horn, og den andre trombone. Så kjekt at dei vil vere med. Men eg skulle gjerne hatt ein pianist, også...

Også eit ektepar som er medlemmer i Matsue kyrkje, var på kveldsgudstenesta for første gong. Det var veldig oppmuntrande med nokre frå kyrkjelyden, for det er sjeldan at andre enn pastoren er med.
Fleire andre nye var der, også, mellom anna to engelsklærarar frå USA. Ei av dei hadde sett invitasjonen på Facebook fleire gonger. Sidan det var påske, hadde ho bestemt at denne gongen ville ho gå, og hadde fått med ein kamerat. Det er håp om at dei vil komme igjen.

Foto: Scott Menking
Det vart ein stor flokk etter kvart. Dei fleste er med på biletet.

Det er mykje jobbing og førebuing med desse gudstenestene. Eg har nokre å spørje, men likevel blir det i meste laget når eg har ansvar både for det åndelege, det musikalske og mykje av det praktiske. Då er det ei oppmuntring at folk møter opp og ser ut til å få noko der. Og snart må eg starte førebuinga til neste gudsteneste 19. mai...

Nye kjem også på Bible Club. Ei jente som var med på leiren i mars, hadde fått med seg ei veninne sist fredag.
Her er dei begge to. Denne veninna hadde også vore i kyrkja i Izumo på påskedag og høyrt tale over samme teksten som vi hadde på Bible Club, Luk. 24, 1-12. Det gjorde at ho forstod litt meir.

Idag er eg altså i Izumo kyrkje, og i ettermiddag har eg hatt samme bibelstudiet med ein mann som nærmar seg 90 år. Det er enklare å undervise ungdommar, men dei eldre treng det, også. Eg treng berre litt meir tolmod! Men idag sa han faktisk at han trur at det er sant at Jesus stod opp frå dei døde. Det er første gong eg har høyrt han seie. Så kanskje noko når inn likevel?

Ei av dei ikkje-kristne medlemmene i Nima-klassa var også på gudsteneste der på 1. påskedag. Ho sender meg stadig vekk meldingar om ting ho har oppdaga når ho les i Bibelen eller høyrer på ein salme. Ho les no Johannes-evangeliet. Spennande!

Til slutt litt blomster frå dagens ettermiddagstur:




Asaliane bruker vanlegvis ikkje å blomstre før i mai, men i år er visst alt tidlegare enn elles.


 Denne helga er det mange japanarar som startar på ein 10 dagars samanhengande ferie. 29. april og 3.-5. mai er fridagar kvart år, men i år er det spesielt sidan den nye keisaren blir innsett 1. mai, som også blir starten på den nye tidsepoken Reiwa.

Eg får også nokre rolegare dagar og tid til å vere med på ting som eg ikkje får til vanleg. Det kjem truleg litt meir rapport frå det etter kvart. Kanskje kjem eg på TV, også, men ikkje på NRK...


No comments:

Post a Comment