Wednesday, June 19, 2013

Regntid med og utan regn

Jaudå, vi snakkar om vêret her, også. Vi har hatt "regntid" i over to veker no, men det er visst mange år sidan det var så tørt. Men idag har det iallfall regna nok. Det er meldt om flaum og fare for jordras fleire plassar.
For to veker sidan var eg på kototime heime hos dama på biletet ovanfor. Kven skulle tru at ho er 90 år? Ho kallar meg dottera si, og eg kallar henne mi japanske mor. Då ho var nygift, gjekk ho på broderingskurs som Synnøve Finnseth hadde i Arashima, og ho gjekk også litt på møte og fekk høyre Guds ord. Men framleis er ho ikkje frelst.

I morgon skal eg tilbake dit. Det er alltid spennande å lese Bibelen ilag med henne og dei andre som samlast til kotospeling. I morgon skal eg ta med CD-opptak av gudstenesta sist søndag, då eg preika i Matsue. Det er vanskeleg å få gamle mor med i kyrkja, men så kan vi i staden få ta med kyrkja heim til henne!

Bible Club samlar kvar veke mange ungdommar. Sist fredag hadde vi også besøk av den unge lagsssekretæren Yuya Kawano. Han hadde også med seg ein student som studerer ein annan plass i byen. Her et dei pølser i lumpe. Det var nytt for alle. Det vart mange potetkaker av potetene som var til overs etter middagen veka før.

Yuya informerte om KGK (Laget) og sommarleir. Studentleiren sluttar den dagen eg kjem tilbake frå sommarferie, så eg kan dessverre ikkje vere med, men eg håper nokre studentar reiser likevel.

Under bibelstudiet delte vi oss i fire grupper. Teksten var likninga om såkornet og dei fire slags hjartejord, og kvar gruppe fekk spesialisere seg på ein type jordsmonn.

Denne gruppa består av to ungdomsskulejenter og to lærarar på vidaregåande.


Det gjer ikkje noko at eg ikkje har nok stolar i huset. Her sit dei på golvet sjølv om der er stolar til overs.

Den fjerde gruppa har fått plass i sofakroken. Her diskuterer dei kva det betyr at småfuglane kom og åt opp såkornet. Guten til høgre skriv i loggboka: "Der kom mange fuglar. Hm, det er vanskeleg."


Så er det presentasjon frå kvar gruppe. Denne jenta frå Korea har fått Ordet sådd i hjartet frå ho var liten, men korleis er hjartejorda?
 Det kan vere mange grunnar til at Ordet ikkje får spire og gro. Dersom synda får plass i hjartet, blir det eit skilje mellom oss og Jesus, forklarer ho.


På søndag var det ein flokk samla til internasjonal kvelds-gudsteneste. Eg hadde håpa fleire av dei ikkje-kristne frå Bible club ville kome, men det er også stort å få samle såpass mange kristne frå mange ulike kyrkjer og ifrå mange land. Ei ikkje-kristen kinesisk jente var også med.
Denne gongen gjekk det lettare, for der var fleire som var med og hjelpte til. Ei ung dame frå kyrkja vår var med, og ho seier ho sjølv vart oppmuntra av å vere der. Ho står fremst til venstre. Ho sa at ho vil gjerne vere med seinare, også. Det er godt å kjenne meir kontakt med folk ifrå kyrkjelyden.
Neste internasjonale gudsteneste er 21. juli. Ver gjerne med og be for førebuingane.


Her er eg på besøk hos ei veninne som fekk ein liten gut på ca. 2.200 gram i starten av mars. Eg såg han ligge i kuvøse som nyfødd, men dette var første gong eg fekk halde han.
Då seier eg takk for meg på ein regnfull onsdag. Såkornet frå Gud treng også å vatnast for å gi grøde.









 

No comments:

Post a Comment