Tuesday, August 19, 2014

Ikkje berre studentar

Brunost er alltid populært!
Sjølv om det er sommarferie, er det fleire studentar som er i byen. Men på første Bible Club etter at eg var tilbake, var der faktisk fleire som er i arbeid enn dei som studerer. Berre tre av dei på biletet nedanfor studerer: Ei japansk jente i første på vidaregåande, og ei kinesisk jente og ei koreansk jente som studerer ved universitetet. Elles er der tre som er lærarar i vidaregåande. Og dei hadde no ein liten ferie ifrå skulearbeidet, og hadde tid til å vere med. Den einaste guten i flokken byrja som lærar denne våren, og var på besøk i Matsue i to dagar. Og då kom han tilbake på Bible Club! Det må no bety at han har fått noko der som han gjerne vil lære meir om. Eg fortalde at der er ei luthersk kyrkje på den plassen han bur, så eg håper at han prøver å finne fram dit.


Bible Club 15. august
Tidlegare på fredagen var eg forresten ute og åt skikkeleg sushi. Godt!

SØNDAG 17.8:
 Søndag var eg mellom anna organist i Izumo kyrkje. Det var ein overgang å vere på gudsteneste i Japan igjen etter ein lang sommar i Norge, der det ikkje eingong var gudsteneste kvar søndag... Godt å høyre på pastor Matsumura, også, som forkynte om skatten og perla som vi kan finne, og om Jesus som leitar etter verdfulle perler, og som ga alt for å kjøpe oss tilbake til seg. Sjeldan å høyre evangeliet så klart forkynt i ei norsk kyrkje, kanskje...

Etter gudstenesta var det lunsj til alle. Izumo kyrkje har fått ny arbeidar, evangelist Seima til høgre. Han og familien kom og flytta inn i prestebustaden i kyrkja (ingen prestegardar her, nei!) i juli, etter at han var ferdig på seminaret. Før han blir ordinert, er det Matsumura (t.v.) som er ansvarleg prest og kjem ein gong i månaden frå Yonago for å preike og forrette nattverd. Sonen Yuushi i midten var også heime på ferie og var med far. Han går no siste året ved seminaret. Han sa han vart oppmuntra av å sjå tidlegare medstudent Seima i arbeid.

Komande søndag skal eg vere med i Matsue kyrkje føremiddag, og eg har byrja førebuing til den internasjonale kveldsgudstenesta samme dag. Det går litt tregt, men det går framover. 

Igår og i dag har eg også snakka med eit par kyrkjemedlemmer og fått vite ting eg ikkje likte å høyre. Det verkar som om det ikkje berre er gode ting som skjer mellom kristne. Men det var vel ikkje noko nytt eller overraskande for nokon av dykk? Eg treng iallfall visdom til å sortere ting eg høyrer, og plassere det på rett plass.
Ifrå august blir også forholdet mitt til Matsue kyrkje noko annleis, sidan eg frå no av skal vere mest i Arashima kyrkje, og presten der blir min nye koordinator og samarbeidspartnar. Det kan eg kanskje skrive meir om ein annan gong.

Men no må eg ut og kjenne på den kjølige lufta før eg legg meg!


No comments:

Post a Comment